1-0 Frank Sverre Skorpen (34), 2-0 Anders Per Vågsholm (55),
2-1 Svein Age Klokk (straffe, 62), 2-2 Svein Age Klokk (straffe, 65), 3-2 Frank Sverre Skorpen (88)
22.09.2001
Anders Per Vågsholm
Atle Moldskred
Arve Leine
Bergsøy endte på ein overraskande god 6.plass på tabellen med 11 sigerar, 4 uavgjort og 9 tap.
Kampreferat
Bergsøy satte eit verdigt punktom på sesongen med ein fin 3-2 siger mot Brattvåg.
Å ende sesongen på 6.plass var langt i overkant av kva dei største optimistane hadde håp om før sesongen.
Mange hadde vore skeptiske etter ein vinter med 5-6 mann på treningane.
Eit god miljø med fighterånd ville annaleis.
I denne kampen var det Trond Paulsen som hadde trenarrolla, og det var også ein del spelarar som ikkje var tilgjengelige.
Juniorspelarane Anders Per Vågsholm og Jan Åge Torgersen fekk sjansen frå start, og greidde seg godt. Jan Åge gjorde knapt ein feil som venstreback, og
førsteårsjunior Anders Per Wågsholm satte inn 2-0 målet på en god lobb, og noterte seg dermed for sitt første mål på A-laget.
Banens beste Geir Sandnes hadde ein god kamp, og gav også Frank Sverre Skorpen den nødvendige målgivande pasninga til 1-0.
Dette blei omgangens einaste mål, men Geir skulle også ha målgivande til Anders Per Vågsholm etter 55 minutt. Kampen var imidlertid ikkje over, og 10 minutt etterpå sto stillinga 2-2 etter to tvilsomme idømte straffespark.
Verre kunne det bli, ettersom også Arve Leine blei utvist til store protestar etter å ha vore innvolvert i begge situasjonane. Det var direkte feil dømt, meinar vi.
Bergsøy gav ikkje opp, og igjen var det Geir Sandnes som var arkitekten idet han spelte fri Jarl Åge Vågsholm på høgrekanten, og innlegget til Frank Sverre Skorpen endte tilslutt perfekt i mål.
Arve Leine, Geir Sandnes og Frank Sverre Skorpen hadde ein ny god kamp, alle tre har vore veldig sentrale for Bergsøy denne sesongen.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt