Martin Molnberg (2), Rune Frantsen (17), Steffen H Kvalsund (40)
31.05.2002, Brattvåg
Rune Frantsen
Jan Lund
185 tillskuarar
Steffen Helsem, Arild Helsem, Arve Helsem og Anders Helsem var på bana samtidig for første gang.
Rune Frantsen spelte sin første kamp fra start etter Hødd-opphaldet.
Kampreferat
Bergsøy tålte favorittstempelet og innfridde i fredagens heimekamp mot Brattvåg.
Kampen blei avgjort med tre mål før pause, og dermed held Bergsøy 2.plassen på tabellen.
Det gjekk kun to minutt før dei 185 betalande fekk sjå kampens første mål. Martin Molnberg, heimvendt USA student, dukka opp på
første stolpe etter corner og putta ballen imål. Rune Frantsen spelte sin første kamp fra start etter Hødd-opphaldet, og etter 17 minutt skulle han få sin scåring. Frank Sverre Skorpen snappa opp et dårlig tilbakespel, venta på at Rune kom på løp før han gav pasningen som Frantsen kunne sette imål.
Fin scåring!
Fem minutt før pausen kom raske Steffen Kvalsund gjennom og auka til 3-0. Kjartan Myklebust reduserte i det 85.speleminutt etter en flott enkeltmannsprestasjon i en omgang Bergsøy kontrollerte uten å skape dei heilt store sjansane.
-"Det blir ein open kamp mot Hareid i neste runde. En typisk kamp med mange dueller. Grasdekket her på Bergsøy Stadion er ei skam for kommunen. Det verkar som om vedlikehaldsarbeidet er totalt fraværande "
(Trond Paulsen)
Slektstreff på bana
Arild Helsem Kvalsund kom inn på høgrekanten siste fem minutta av kampen, og dermed var brødreparet Arild og Steffen Helsem Kvalsund ilag på bana ilag med søskenbarna Arve Helsem Leine og Anders Helsem Leine.
Et skikkelig slektstreff.
Vedlegg til kampen
Utklipp