Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












2-0 seier i serieopninga

Kampreferat 2004:

Bergsøy - Spjelkavik 2-0 (0-0)



Rune Frantsen (65), Steffen Kvalsund (88)


23.april 2004 - Bergsøy Stadion



Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven



120 tillskuere


: 3, Frank Haraldsvik. 1, Johnny Moltubakk.
: Anders Vaagen
: Frank Haraldsvik



Kampreferat

Bergsøy Stadion 23.April 2004.

En ny sesong kom denne dagen igong, forskjellen iår frå dei to siste to åra var at grasbana var i så god stand at kampen blei spelt på Bergsøy stadion istadenfor Huldalen grusbane. Motstander var iår Spjelkavik, et lag som har omtrent samme ambisjoner som Bergsøy, nemlig å kome på den øvre halvdelen av tabellen. Og Spjelkavik var et godt lag som tidvis pressa Bergsøy tilbake på bana i den første omgangen. Spjelkavik var nære mål en eller to ganger også før Frank Haraldsvik kom med ei klasseredning han måtte slå i tverleggeren. Seinare i omgangen skulle han også redde et straffespark frå Kristian Lie med nok ei flott redning. Desse redningane blanda med solidt spel resten av kampen med godt feltarbeid gjorde at Frank var dagens store spelar. Det nærmaste Bergsøy kom frammover var ved et tilfelle då Anders Vaagen fekk ballen på venstresida og dribla av en mann før det påfølgande skuddet gikk utanfor det lengste hjørnet. Anna enn det må en seie at den første omgangen var ei skuffelse av Bergsøy.

(To av dei aller beste Bergsøyspelarane i kampen, Frank Haraldsvik og Rune Frantsen)

I den andre omgangen kom Bergsøy mer med i kampen og starta å få til sitt eige spel, og kom seg dermed litt lengre fram på bana. Kampens høgdeponkt kom etter 65 minutt. Johnny Moltubakk trilla ballen til side, og Rune Frantsen smellte til på direkten et skudd som skrudde seg vekk ifrå keeper og opp i nettaket. 1-0 til Bergsøy og vill jubel. Det var før scoringen en følelse av at det første målet kom til å bli ganske avgjerande, og det blei også avgjerande tilslutt. Spjelkavik måtte frammover og la om til 4-3-3, dette utnytta Begrsøy heilt mot slutten da ei kontring førte til 2-0 og punktering av kampen av innbyttar Steffen Kvalsund. Anders Vaagen var mannen bak den målgivande pasninga som blei trilla til Steffen som kom aleine med keeper, ballen blei sendt rolig i det lengste hjørnet. Skal det nemnast mer om denne kampen så tek vi med at Jarl Åge Wågsholm var nær scåring i den andre omgangen på et skudd med venstrefoten, mens Spjelkavik var utrulig nære då et innlegg kom på bakerste stolpe- men skuddet gikk utanfor for bortimot ope mål. I det 90.minutt kom også Christoffer bakfra på et dribleraid som nesten endte i ei ny scoring for heimelaget. Seieren var godt å få med seg etter en kamp som ganske fort kunne bikka begge veiar. Frank Haraldsvik og Rune Frantsen var dei to spelarane som hadde matchvinnande prestasjonar på bana, men elles skal også Karl Bjarte Vike ha skryt for en god dag bake i midtforsvaret. Elles har dei fleste forhåpentligvis mer å gå på.

Laget; Frank Haraldsvik, Marvin Kopperstad (Vegard Sævik 35min), Karl Bjarte Vike, Lars Conradi Andersen, Mats Inge Teige, Christoffer Nilsen, Rune Frantsen (Tommy Remøy 10min), Johnny Moltubakk, Jarl Åge Wågsholm, Anders Vaagen, Anders Per Vågsholm (Steffen Kvalsund 15 min). Martin Molnberg 5 min.



Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER