Spjelkavik - Bergsøy 4-4 (2-2)
Anders Vaagen 3, Per Ståle Nykrem
26.juni 2004 - Spjelkavik Stadion
Martin Molnberg, Lars Conradi, Rune Frantsen, Anders Vaagen
Oddbjørn Aam
40 tillskuere
: 2 poeng; Anders Vaagen.
: Anders Vaagen
Bergsøy var skuffa då kampen var ferdig, det tiltross for at laget låg under med 4-3 like før slutt.
Men mykje skjedde før kampen kom så langt, og det blei en frisk kamp frå start til slutt med mange situasjonar. Det var ikkje mange minutt før Anders Vaagen fekk sin første skuddmulighet, men det forsøket blei ikkje farlig for Spjelkavik sin keeper.
Men 1-0 til Bergsøy kom likevel ganske tidlig i kampen. Flott spel på høgresida der ballen gikk med flotte kjappe tøtch fram til Per Ståle Nykrem som satte den inn i mål. En lignande sjanse frå samme mann seinare i omgangen endte med keeperredning,
og då hadde heimelaget tatt meir tak i kampen. Dei pressa Bergsøy bakover på bana og fekk nokre sjansar. En gong ville dei ha straffe, og såg ut til å ha ei god sak da taklinga ikkje tok ballen, men dommaren ville vente til litt lengre ut i kampen med å gi heimelaget sjansen frå 11 meteren.
Med 2-2 til pause og med en mann mer i 2.omgang så var det ikkje tvil om at Bergsøy var gira på å få skaffe seg dei viktige tre poenga no når sjansen var der.
Det var likevel ganske nølande ei periode etter pause, og det blei skapt lite frammover. Det kom seg litt, og Spjelkavik blei pressa bakover ei periode rett før 3-2 scåringa til Bergsøy.
Anders Vaagen fekk ballen til venstre for Spjelkavikmålet men valgte å sentre til Steffen som sto lengre inne i feltet. Heller ikkje han klarte å avslutte, så då ballen kom tilbake til Vaagen dunka han like godt ballen lavt nede i det nermaste hjørnet til deilig Bergsøyledelse.
Det føltest ut som et vinnarmål. Bergsøy hadde overtak både i spel og mannskap, men det snudde fort igjen.
Spjelkavik skulle få to straffer som snudde kampen totalt. Den første situasjonen var i en delvis ufarlig plassering for avsluttning, men likevel innanfor 16-meteren der det kunne ha blitt en stor sjanse.
Den andre situasjonen blei angriparen lagt ned etter ei kontring, og det lukta faktisk straffe et par sekund før det skjedde. Bergsøy såg ut til å miste taket på kampen i den dramatiske utviklinga da begge straffene blei greitt omsett til mål og 4-3 ledelse til Spjelkavik.
Men Frank Sverre Skorpen hadde kome inn for å styrke frammover, det samme hadde Roy Igesund. Og det var Frank som spelte fram Roy på kanten som kom på et godt løp før han serverte Anders Vaagen sitt tredje mål på sølvfat foran ope mål. Dermed sto det 4-4 berre minuttet etter at Spjelkavik hadde gått opp i føringa.
Kampen bølga lenge, men det endte uavgjort tilslutt.
Vedlegg til kampen
KAMPREFERAT