Kampreferat
Heimepublikum fekk endelig sjå Bergsøy slik laget kan spele på sitt beste. Kampen borte mot Hareid var strålande, men den andre omgangen heime mot Skarbøvik var rett og slett rå.
Serieleiaren blei springande imellom. Bergsøy gav aldri opp, og kjempa SIF heilt ut av stilen. SIF virka faktisk sprengde idet Bergsøy utover i kampen satte opp sitt øvste gir.
Og med offansiv fotball kom også 5 susande flotte mål den rette vegen, som alle var heilt utagbare. Med den fjerde sigeren på rad er Bergsøy berre 2 poeng bak Langevåg på 2.plassen.
Med litt mer marginar i vårsesongen så hadde det heller ikkje våre langt opp til SIF som no ser ut til å vinne vår 3.divisjonsavdeling.
Den første omgangen var ganske jamnspelt, og Bergsøy såg bra ut da 1-0 ledelsen kom. Johnny Moltubakk slo presist på Anders Vaagen som gikk på et perfekt løp på tvers av et stillestående forsvar.
Med ballen aleine og litt skrå mot mål så dunka Anders ballen knallhardt inn i det nærmaste hjørnet. Dagens første flotte mål.
Men vi har sett det før iår, Bergsøy klarer ikkje å klarere vekk cornarar imot. To godt slått cornarar frå venstre blei begge headda kontant imål, og Skarbøvik hadde straks ledelsen 2-1 uten å imponere spelesmessig.
Tempoet var bra i kampen, men Bergsøy klarte ikkje å skape så mange fleire sjansar foran SIF sitt mål. Det blei med nokre langskudd, tiltross for at Bergsøy i ei god periode satte inn et langvarig og godt press.
Derimot takka ikkje SIF sin spiss nei til å sette inn 3-1 målet etter at Mons Arne Kvalsvik gav ballen bort ganske gratis i forsvar. Karl Bjarte Vike hadde en tillsvarande tidligare, men den gangen blei han redda av en våken Mons Arne.
Ved siden av dette hadde Skarbøvik også ei avsluttning som Kim Vågeskar slo i tverrleggaren som en tiger. Men med 1-3 til pausen var gutane slett ikkje fornøgde. Skarbøvik var ikkje et bedre lag.
I dei siste Bergsøykampane har BIL spelt veldig godt og vunne kampane etter pausen. Mot Skarbøvik var det nok publikummarar som lurte på kva som blir sagt i garderoben, for etter pausen denne gang sprang spelarane og jaga som en aggressiv flokk sultfora ulvar.
Og smaken på poeng kom raskt da Per Ståle Nykrem kunne elegant og sikkert sette inn 3-2 redusering heilt oppe i nettaket. Johnny Moltubakk hadde også denne gangen et bra forarbeid og slo ballen inn mot Frank Sverre foran 16 meteren. Frank lot ballen trille mellom beina og ut til Per Ståle som kom aleine mot keeper fra høgre.
Aleine mot keeper gjorde Per Ståle sitt åttende mål hittil i sesongen. Bergsøy pressa på for utligning og fekk nokre frispark utanfor 16 meteren til Skarbøvik, det første satte Johnny over mål. Johnny skulle så legge inn på sitt neste frispark,
og der var Frank Sverre Skorpen som med stor ro kunne sette breisida av foten mot ballen slik at den trilla imål heilt inne med stolperota. Om jubelen var stor ved dette målet, så var den enorm etter det neste frisparket.
Det var Rune sin tur å ta det neste frisparket som kom fra ca 20 meters avstand fra mål. Ballen gikk over muren og heilt nede i hjørnet til 4-3, et flott mål. Spelarar trilla rundt på graset i glede, publikum klappa i ekstase.
En spelar på Skarbøvik fekk i en situasjon med Frank Sverre sitt andre gule kort i kampen, og dermed marsjordre. Frank Sverre fekk også gult kort, for muligens å provosere fram en reaksjon.
Men sjølv om Bergsøy hadde spelt strålande og snudd kampen, så var det ikkje snakk om å legge seg bakpå mot serieledaren. Bergsøy ville vise at dei var et bedre lag, og denne dagen var dei det.
Med vidare press kom også dagens flottaste mål. Innlegg fra venstre, Jarl Åge Wågsholm sto og venta på bakerste. Ingen nøling, men et reinspekka perfekt volleyspark som suste i motsatt hjørne. Speakeren på stadion ropte så der ikkje var igjen meir pust,
publikum klappa til hendene fikk sår. Litt fleire halvsjansar blei skapt, men det endte 5-3 til Bergsøy.
Forsvaret med Mons Arne Kvalsvik sentralt spelte seg opp i den andre omgangen. Karl Bjarte Vike var tilbake etter kneskade, og spelte solid. Vegard Sævik måtte denne gangen ut til pausen etter mageproblem, inn kom Mats Inge Teige og spelte solid også han.
Mons Arne gjorde det meste perfekt og kontant etter sidebytte. Tommy Remøy kom inn fra start sentralt med Rune Frantsen på midtbana. Rune blei kåra til BIL's beste av juryen, mens Tommy sprang og kjempa endelaust heilt til han blei sliten mot slutten av kampen.
Jarl Åge Wågsholm er den store formspelaren som no scora i sin tredje kamp på rad, mens Per Ståle Nykrem igjen fann netmaskene etter litt måltørke i det siste. Veldig positivt at spelarar med såpass stort defansivt arbeid underveis i kampen likevel har krefter til å score viktige mål.
Frammover med Anders Vaagen og Frank Sverre Skorpen blei det også et mål kvar, mens Johnny Moltubakk igjen var ressigør på nokre av dagen mål. Rettogslett var det så mykje positivt at det blir for mykje å skrive.
Tom Beddari måtte klippe bort hockeysveisen i garderoba etter kampslutt. Og Rune Frantsen var ivrig framme med saksa. Det forsvann en god del hårstråd til god jubel fra alle bergsøyspelarane.
Laget; Kim Vågeskar, Vegard Sævik, Mons Arne Kvalsvik, Karl Bjarte Vike, Rune Frantsen, Tommy Remøy, Johnny Moltubakk, Jarl Åge Vågsholm, Per Ståle Nykrem, Frank Sverre Skorpen og Anders Vaagen.
Innbytte; Mats Inge Teige, Anders Per Vågsholm og Steffen Kvalsund kom inn i 2.omgang
Vedlegg til kampen