Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Rota vekk poeng inne i Ørsta

Kampreferat 2004:

Ørsta - Bergsøy 2-1 (2-1)



Johnny Moltubakk


30.april 2004 - Ørsta Stadion


Johnny Moltubakk


Geir Arne Nordby, Ravn




: Johnny Moltubakk
: Rune Frantsen ut med lyskestrekk



Kampreferat

Bergsøy møtte et lag som hadde sjølvtillit etter borteseieren mot Langevåg, men såg ut til å ha full kontroll over heimelaget i store perioder av den første omgangen. Bergsøy skapte en drøss med cornerar og nok halvsjanser til å minst score et mål i løpet av dei første 30 minutta. Den første av desse sjansane kom etter at Frank Sverre finta vekk keeperen og la inn i feltet, men ballen blei klarert. Johnny Moltubakk prøvde seg på et skudd, Anders Vågen prøvde seg på ei hedding, og Per Ståle Nykrem fekk en god sjanse med feil fot som heller ikkje endte med mål.

Med mål i denne perioden så hadde trulig Bergsøy gått mot seier, for ballen blei trilla imellom ørstaspelarane som måtte vise knottar i tacklingane for å kome tilbake i kampen. Heimelaget fekk klart mest gule kort. Kampen endra karakter etter at Karl Bjarte Vike måtte forlate bana da han slo opp igjen ei kneskade i et angrep. Christoffer Nilsen kom inn som venstreback og Vegard Sævik gjekk frå backen til å spele midtstoppar. Ørsta hadde en eller to sjansar før dette skjedde, og det var heimelagets høgreving som skapte dei med si hurtighet. Trenaren på ørsta såg skuddet inne, men ballen gikk nokre meter utanfor. Den andre sjansen var Haraldsvik fint framme og avverga etter at forsvaret nok en gong blei fraløpt av en ørsting.

(Bergsøy hadde gode perioder frammover i 1.omgang)

Så kom det første målet, og Ørsta fekk ei ufortent leiing. Den første klareringa i forsvaret blei for dårlig, og den andre klareringa blei bomma på. Dermed trilla ballen perfekt til en ørsting som aleine foran Frank Haraldsvik kunne sette den ut i sida til 1-0. Det er fort gjort å sutre når en føler at en ikkje får betalt for den gode innsatsen en presterar, men Bergsøy kom raskt tilbake. Anders Vaagen fekk vist fram rykket sitt på venstresida og slo inn til Johnny som for åpe mål slengte inn 1-1. Ei fin scåring med godt gurskings samarbeid.

Desverre tok det ikkje mange minutt før Ørsta igjen skulle få et surt mål. Linjedommaren vinka for offside, Frank Haraldsvik kasta ballen ut til Vegard Sævik som la ballen til rette for å ta frisparket. Problemet var at dommaren ikkje hadde blåst for frispark, han hadde vinka ned linjemannens flagg. Egentlig kun en spelar på bana som registrerte dette, og det var Ørstaspelaren som snappa ballen og scåra. Det er et baklengsmål som en ikkje heilt forstår når det skjer, og iallfall et mål imot som er bittert å tape en fotballkamp på. For det kom ikkje fleire mål.

Etter pausen måtte snart kaptein Rune Frantsen også av bana med en lyskestrekk, han hadde signalisert også før pause. Tommy Remøy kom inn i hans posisjon. Det skulle bli en sjansefattig omgong med mer krigpreg, og Ørsta har en tendens til å være bra kyniske med mange lange ballar når dei først ledar. Ørsta fekk gule kort for harde tacklingar, og en ørsting burde også fått sitt andre gule kort. Dommaren gav imidlertig feil ørsting kort etter ei tackling av Anders Vågen. Johnny Moltubakk fekk også et gult kort for ei tackling. Så måtte Tom Beddari foreta seg bytter i håp om å redde poeng. Anders Per Vågsholm, Steffen Kvalsund og Roy Igesund kom innpå med korte mellomrom da 15 minutter gjennstod. Forsvaret la også om til tre bak, noke som resulterte i problem da Ørstas lange baller kom fykande. Innbyttar Asla Myrhol burde nok scora til 3-1 aleine med Frank Haraldsvik, men Haraldsvik fekk fram ei fin beinparade. Frammover hadde Johnny Moltubakk sjansen men skaut over da han var i ubalanse, mens det nærmaste vi kom var skuddet til Frank Sverre som gikk hardt i tverrleggaren ned og ut. Nærmare er det knappt mulig å kome, og nærmare kom vi heller ikkje.

Laget; Frank Haraldsvik, Vegard Sævik, Karl Bjarte Vike (Christoffer D Nilsen), Lars Conradi Andersen, Mats Inge Teige (Anders Per Vågsholm 10 min), Per Ståle Nykrem (Roy Igesund 10 min), Rune Frantsen (Tommy Remøy), Johnny Moltubakk, Jarl Åge Wågsholm (Steffen Kvalsund 15 min), Anders Vaagen, Frank Sverre Kopperstad. Martin Molnberg.



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER