Kampreferat
Bergsøy burde helst vinne for å kome seg litt vekk ifrå bunnstriden, divisjonen er såpass jamn at det skiller kun 9 poeng frå første plassen til tredjesiste plass.
Hødd2 og Brattvåg er laga som nå ser ut til å klamre seg fast til dei to sisteplassane på tabellen. Og om Hødd2 ikkje stiller med anna enn juniorlaget som møtte på Bergsøy Stadion,
så vil trulig ikkje tabellplasseringa endre seg i løpet av sesongen. Det skulle bli envegskjøring i den første omgangen, og etter 15 minutter fekk laget straffespark etter at Frank Sverre blei tackla i feltet.
Johnny Moltubakk var rolig og sendte kula i mål. Ti minutt etterpå viste Johnny at han kan behandle ballen også midt på bana, en liten piruett før han sendte en flott ball til Anders Per Vågsholm som avslutta ballen inn til 2-0.
Kampen såg igrunnen ut til å være avgjort allereie.
Anders Vaagen fekk sitt første mål for klubben i siste heimekamp, denne gangen skulle han ydmyke Hødd sine unggutar. Det første målet kom etter å ha dribla to mann før han brende til forbi Hødd2 sin reservekeeper.
Keeper Kim Vågeskar (Ex-bil) måtte nemlig forlate bana tidlig i omgangen etter at den eine fingeren fekk problem. Anders Vaagen var berre såvidt begynt, og skulle få en ekte hattrick på åtte minutt. Anders Per Vågsholm gav Vaagen hans andre scåring på sølvfat etter innlegg fra høgre,
før Vaagen fekk sitt tredje mål etter nok et dribleraid der ballen spratt gunstig for gurskingen. Det kunne blitt flere mål i den første omgangen, og også Marvin Kopperstad var framme med ei avsluttning etter et langt og godt soloraid. Elles var Martin Molnberg godt synlig med harde og kontante tacklingar.
Faktisk scåra BIL både 2-0 og 3-0 mens Hødd2 hadde en mann mindre på bana etter ei tackling av granittsteinen i Bergsøyforsvaret.
(Bildet; Anders Vaagen blei 4-målsscårar)
Hødd2 kom meir med i den andre omgangen, og omgangen var såvidt starta da reduseringa til 5-1 kom. Det var muligens et innlegg, men gikk uansett inn i det lengste hjørnet. Magnus Myklebust kom innpå for gjestane og hadde nokre løp, men det var aldri stor fare for at Hødd2 skulle få fleire mål.
Derimot kom Frantz Frantzen inn for Frank Kopperstad for å vise kvar målet sto. Det tok ikkje lenge før han fekk headde ballen imål til 6-1 etter å ha kome på bana. Sju minutt seinare krangla han inn mål nummer to i debykampen sin. Linjedommaren hadde lenge oppe flagget, men dommaren godkjente målet.
Kampen slutta som den starta med et straffespark. Nok et offansivt løp av Marvin endte med innlegg til Anders Vaagen som tilslutt blei felt. Anders Vaagen tok straffa sjølv og endte opp som firemålsscårar. Anders Vågen er dermed toppscårar så langt i sesongen, og blei også fortent kåra til dagens beste Bergsøyspelar.
(Bildet; Frantz Frantzen og Gustav Pettersen gjorde sine debutar i denne målfesten. Begge fekk vist seg fram, og to mål av Frantz var imponerande. Anders Vågen i midten gjorde sin debut som 4-målsscårar i Bergsøy.)
Laget; Frank Haraldsvik, Mats Inge Teige, Lars Conradi Andersen, MArtin Molnberg, Marvin Kopperstad, Per Ståle Nykrem, Johnny Moltubakk, Christoffer D Nilsen, Anders-Per Vågsholm, Frnak Sverre Kopperstad, Anders Vaagen.
Innbytte; Jarl Åge Vågsholm, Frantz Frantzen, Steffen Kvalsund og Gustav Pettersen kom inn.
Vedlegg til kampen