Kampreferat
Dette var uten tvil en kamp der ingen av laga torde å tape, og det er dermed kanskje inga stor overraskelse at den skulle ende uavgjort. Likevel må det seiast at det er utrulig at det ikkje
blei fleire mål, for det var nok av rufsette forsvarsspel og store målsjansar. Stranda starta kampen i et stort tempo, og hadde fleire gode målsjansar. To store sjansar blei notert i det 6 og 8.speleminutt, mens Bergsøy blei pressa baover på bana.
Etter opninga kom Bergsøy meir med, men det var fortsatt Stranda som var det farlige laget. Så scåra Stranda to raske mål i det 24 og 28.speleminutt. Det første etter at Jesper Petersen kom aleine med keeper, og 2-0 etter et stjernetreff frå Tonny Åsen som debuterte for heimelaget.
-"Vi viste god moral etter å ha kome under 0-2. Greitt med uavgjort i en kamp der vi vart for ivrige i avslutninga av angrepa."
(Tom Beddari)
Det var ikkje ufortjent at Stranda tok ledelsen i kampen, for dei var det førande laget. Men etter det var spelt en halvtime så starta Bergsøy-maskeneriet å fungere bedre.
Stranda såg ut til å ha et minst like vaklande forsvar, og nokre halvsjansar blei produsert. Heldigvis for Bergsøy sin del så kom det ei redusering før pausen, og det med litt hjelp av heimeforsvaret.
40 minutt ut i kampen reduserte nemlig Preben Hestad etter å ha snappa opp ballen som en forsvarar prøvde å headde tilbake til keeper. Et skikkelig luktemål. Rett før dommaren blåste til pause så var Bergsøy frammpå igjen med en kjempesjanse,
men heimekeeperen reddar forsøket.
Bergsøy var ivrige etter pause og åpna omgangen best, men det var Stranda som fekk den første sjansen i omgangen. Ikkje heilt overraskande så kom den etter corner, en svakhet Bergsøy har hatt gjennom mange år.
Men fem minutt ut i omgangen så var laga like langt kome. Ei klarering frå heimelaget går i Marvin Kopperstad og videre inn i det nedre venstre hjørnet til 2-2. Med si fine opphenting og sin økte aggresitivitet så såg Bergsøy ut til å ta over kampen, og snart hadde også BIL
nye scåringsmuligheter, men heimekeeperen tok fram sitt beste. Kampen vippa litt ettersom også Stranda hadde sine sjansar, og det virka ikkje som at kampen hadde sett sitt siste mål. Begge laga var også nære ved å kome til fleire store sjansar, men offsidar stoppa dei mulighetene midtveis i omgangen.
Etter 75 minutter hadde Bergsøy hatt fleire store muligheter uten å lykkast, og like etterpå var spissen Tonny Åsen igjen på ferde med et skudd som gikk like utanfor. Istaden for å satse alt på å vinne virka det også som at Bergsøy var mest ivrige på å ikkje tape, og dermed blei det ikkje fleire mål i kampen. Rett før slutt kunne imidlertid Stranda stikke av med sigeren,
men det blei bom på åpe mål.
Bom på mål kan være et stikkord, dårlig fotball, dårlig pasningskvalitet, og rufsette forsvarsspel kan være andre stikkord. Spissparet Frank Sverre Skorpen og Preben Hestad hadde fleire gode muligheter. Frank var aleine med keeper rett før pausen uten å lykkast. Preben to gangar det samme i løpet av kampen, og største bommen kom for ope mål etter å ha blitt servert en ball på sølvfat av Frank Sverre.
På Stranda var det Tonny Åsen som kunne blitt den store helten, men utenom sitt perlemål til 2-0 så var ikkje resten av skuddforsøka så godt innstillt. Han viste derimot at han blir veldig viktig for Stranda frammover. Bergsøy fekk sitt første bortepoeng for sesongen i en kamp det var viktigare å ikkje tape enn det var å vinne, men begge lag må nok prestere å skaffe seg fleire sigerar om ikkje dei skal ende i 4.divisjon til neste år.
Laget: Tony Sandanger,
Curt Åge Hauge,
Marvin Kopperstad, Steffen Moltu,
Per Ståle Nykrem, Kjetil Steinsvik Paulsen,
Christofer D Nilsen, Frank Sverre Kopperstad Skorpen,
Jarl Åge Wågsholm, Mats Inge Teige, Preben Hestad.
Innbytte: Daniel Hatløy og Frantz Frantzen i slutten av 2.omgang.
Vedlegg til kampen