Kampreferat
Bergsøy gikk på sitt tiande tap på tolv kampar, og ser ikkje ut til å klare å halde et godt nok nivå gjennom en heil kamp.
Som tidligare iår så har det våre opp og ned med lag-prestasjonen underveis i kampen, og denne gang var det stor forskjell på første og andre omgang.
-"Vi var klart best i 1.omgang, og viser at vi er et godt lag. Utvisninga har sjølvsagt mykje å seie for tapet,
ei utvisning som etter mi meining ikkje burde blitt dømt. Elles synest eg vi slurvar i forsvar ved fleire av måla, men dette var vel kanskje som en konsekvens av utvisninga."
(Tom Beddari)
Bergsøy var på hugget før pause, og gode angrep førte til fine sjansar. Per Ståle Nykrem var frisk i starten og sto bak en del av desse angrepa, men det skulle aldri bli uttelling på sjansane.
Preben Hestad fekk en stikkar gjennom frå venstrekanten og burde sent ivei et skudd i god posisjon, men med ei berøring for mykje så blei han tatt igjen av Hareids-forsvararen. Frank Sverre Skorpen hadde ei avsluttning frå omtrent 16 meter som gikk utanfor, og Per Ståle Nykrem hadde en god sjanse etter corner som
blei mirakuløst blokkert til en ny corner. Bergsøy hadde banespelet og Hareid virka ikkje så farlige som vi på forhånd hadde forventa, men det var før pausa. Likevel kan vi nemne at Hareid hadde nokre forsøk mot målet også i den 1.omgangen, og med et skudd i stolpen frå Lars Roar Holstad etter kun fem minutt så var det frykta at det kunne bli fleire sjansar.
Det blei med to brassesparkforsøk (kampbilde 1), og nokre andre avsluttningar som Toni og forsvaret fekk ordna opp i. Ikkje alt like ufarlig, men om et lag skulle ha ledet til pause så var det Bergsøy.
-"Dette er som Murphys lov. (Alt som kan gå galt, går galt) "
(Lars Conradi Andersen)
Hareid var missfornøgd med eigen prestasjon før pausen, mens Bergsøy nok hadde en god følelse. Men følelsen varte ikkje lenge, for etter fire minutt så tok Hareid ledelsen 1-0.
Dei fekk trille ball lett inn i målområdet til Bergsøy og legge en enkel ball 45 grader ut til Lars Roar Holstad, og denne gongen plasserte han skuddet på rett side av stolpen frå kort hald.
Og for Bergsøy sin del så gikk det kun en vei herifrå og ut, og 6 minutt seinare var det klart for direkte rødt kort til Lars Conradi Andersen. Lars var i en løpsduell med Hallvar Møller som endte i ei felling utanfor 16meteren.
Sjølv om Hareid sin keeper som vanlig lot munnbruken flyge i stabilt tempo, og nokre heime-publikummarar sikkert håpte på det, så virka det veldig streng å dømme utvisning på denne situasjonen. Om Lars var sistemann kan også diskuterast.
Med en mann mindre på bana og med ett mål under, så var det mykje som skulle tyde på at heimelaget ville ta meir over. Det skjedde også.
Kampen blei punktert på 2 minutt, to raske scåringar i det 68. og det 70 minuttet ordna en trygg ledelse. Det første skuddet gjekk i krysset og det andre målet blei headda kontant imål. Bergsøy hang ikkje med i denne perioda, og blei løpande imellom.
Etter utvisninga hadde Bergsøy lagt om til 3 mann bak, og Hareid med en mann meir klarte å utnytte ekstra rom på bana. Det skulle tilslutt bli 4-0, det på en volley. Steffen Moltu har en del av ansvaret på dette målet. Bergsøy kom ikkje til særlige sjansar i denne omgangen. Daniel Hatløy som blei bytta inn som spiss for en skada Preben Hestad rett før pausen,
hadde et skuddforsøk det blei retur på, men det kom ingen Bergsøyfot på den. Innbyttar Steffen Kvalsund fekk en god sjanse etter en ball frå Frank Sverre, men skuddet blei slått til corner. Det blei utført også tre andre bytter av Bergsøy, Roy Igesund kom inn sentralt ilag med Anders Hoff som fekk prøve seg defansiv på midtbane, mens Frantz Frantzen kom opp som spiss dei siste minutta.
Stranda slo Blindheim, det vil seie at det no er 2 poeng opp til Blindheim og 5 poeng opp til Stranda. Det er fortsatt fullt mulig å klatre oppover tabellen, ikkje minst med tanke på at vi møter begge desse laga på heimebane etter sommaren. Bergsøy har mange cupkampar frammover.
At lagets einaste seier kom mot Skarbøvik som er blant dei beste laga i divisjonen, seier også sitt. Det skumle hittil er at Bergsøy ikkje har klart å slått sine motstandarar i bunnen, men etter sommaren kjem Bergsøy alltid sterkare tilbake.
Og iår har Bergsøy ikkje valg, vi må snart starte opphentinga.
Laget: Tony Sandanger,
Lars Conradi Andersen,
Marvin Kopperstad, Steffen Moltu,
Per Ståle Nykrem, Kjetil Steinsvik Paulsen,
Christofer D Nilsen, Frank Sverre Kopperstad Skorpen,
Jarl Åge Wågsholm, Mats Inge Teige, Preben Hestad.
Innbytte: Daniel Hatløy (inn 45). Anders Hoff, Roy Igesund, Steffen Kvalsund, Frantz Frantzen i 2.omgang.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp