Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Viktig og god 4-3 seier

Kampreferat 2005:

Bergsøy - Sykkylven 4-3 (3-2)



Jarl Åge Wågsholm 2, Christoffer D Nilsen, Frank Sverre K Skorpen


Fredag den 1.juli 2005 - Bergsøy stadion


Mats Inge Teige, Ove Kvalsvik


Frank Hansen



50 tilskuerar


: 3: Frank Sverre Skorpen, 2; Toni Sandanger, 1: Kjetil Paulsen.
: Jarl Åge Wågsholm.



Kampreferat

Det var duka for en siste A-kamp på Bergsøy stadion på denne sida av sommaren, og varmen frå den komande sommaren var godt tydelig. Dommaren innførde også ei drikkepause midtveis i den første omgangen. Men det var ikkje været som skulle være samtaleemnet denne dagen, for Bergsøy i poengnød måtte nesten ha seg en seier for å få med seg en godfølelse og tru på at laget skal prestere bedre etter sommaren. Trua på å vinne var til stades, men det var Sykkylven som skulle få det første målet i kampen. En ball i bakrommet tok Bergsøy litt på senga før skuddet kom som Toni Sandanger måtte gi retur på ut i feltet, denne ballen satte Kim Andrè Grøtting imål da det var gått 10 minutt av kampen.

(Bildet: Det var flott vær på stadion, og laga er snart klare til å starte kampen.)


Ti minutt etter at Sykkylven tok ledelsen kom Bergsøy tilbake. Det var et fint angrep av Bergsøy, men sjølve målet var ei rein gavepakke av Sykkylven sin keeper. Etter innlegg frå høgre så endte ballen i et sykkylven-lår og inn til eigen keeper som ikkje torte å ta ballen med hendene. Klareringsforsøket med beina endte i en rein skivebom, og framme for å trille ballen imål til 1-1 var en aggressiv Jarl Åge Wågsholm. Ikkje lenge etter viste Jarl Åge nok engong sine goalgetter instinkt innanfor 5 meteren da Bergsøy gikk opp til 2-1. Frank Sverre sendte ballen i tverrleggaren og ned på strek, men tiltross for jubel var ballen ikkje inne. I fortsettelsen var det Jarl Åge Wågsholm som tilslutt kunne slenge seg etter ballen og igjen notere seg for ei scåring med nok en "tapp-inn". Men det var ikkje slutt på målkalaset, for Sykkylven klarte å utnytte et frispark til sin fordel etter 33 minutt av omgangen. Frisparket blir lempa inn, og i duellen mellom Toni Sandanger og Jostein Linga så gikk sistnemnte seirande ut.

-"Idag ville vi mykje og vann fortjent. Ei fin oppmuntring å vinne en kamp igjen."

(Tom Beddari)
Dagens desidert finaste mål kom etter 40 minutt ut i den 1.omgangen. Ballen blei trilla til side når Christoffer Nilsen kom bakfrå, og han klinka ballen utagbart heilt oppe i krysset frå omtrent 16 meter. Et kjempemål rett før pause! Og heller ikkje ufortjent. Bergsøy spelte flott fotball, og traff medspelarar med pasningane. Det har ikkje alltid våre tilfelle iår, men i denne kampen kan vi snakke om gode pasningar og godt oppbygt angrepsspel. Det var en plan bak dei fleste av pasningane, og det var fint å sjå på. Sjølv om stillinga til pause var 3-2 til Bergsøy så var det også andre sjansar vi kan nemne. At Sykkylven ikkje gikk opp til 2-0 er et lite under. To mann kom heilt aleine med ballen inn i Bergsøy sin 5 meter, men avsluttninga gjekk nonsjalangt til side for mål. En 100% sjanse som bortelaget heldigvis rota bort. På motsatt side var dagens spiss Per Ståle Nykrem nære på å få seg et mål da han slengte seg etter ballen i Sykkylven sitt målfelt, men centimeterane var ikkje på hans side.

(Bildet: Sykkylven prøvde seg mot slutten, og dette skuddet gikk like over..)


Etter pausen var kampbildet lenge ganske lik den første omgangen. Bergsøy var lenge gode på å spele fornuftig, og fekk spele seg fram til både sjanser og nestensjansar. Da Frank Sverre Skorpen tok en lur lobb og spelte fri Per Ståle Nykrem inne i målfeltet, da såg vi for oss et nytt Bergsøymål. Per Ståle fekk ballen desverre for nære egne bein, og klarte ikkje å få til ei god avsluttning. 70 minutt ut i kampen var det Frank Sverre som kunne få en avsluttningsmulighet, og denne blei tatt godt vare på. Energiske Jarl Åge Wågsholm var på stadige løp opp og ned på venstresida, og nede ved linja la han rolig inn til Frank Sverre i feltet som direkte klinte ballen nede i målet til en 4-2 ledelse. Sykkylven virka tamme og kjørte på dette tidspunktet, Bergsøy spelte bra fotball og det virka som seieren var spikra. Frank Sverre hadde i tillegg til målet også en annan sjanse, men for nærmast ope mål endte skuddet utanfor i pressa situasjon. Per Ståle Nykrem var aggressiv og holdt på å rekke tak i ballen nokre gongar, men det var likevel Sykkylven som skulle få redusere og kome tilbake igjen i kampen.

Det blir sagt at Arnt Tore Røe alltid scårar mot Bergsøy, og han klarte det igjen idag. Det virka likevel for oss at dette burde blitt avblåst for offside. Røe fekk ballen i bakrommet på høgresida og fekk dunka ballen i motsatt hjørne til 4-3. Kanskje burde en være obs på akkurat dette, for kort tid før skjedde det omtrent det samme - men den avsluttniga blei lobba utanfor det lengste hjørnet. Med ti minutt igjen av kampen så var det duka for en sluttspurt frå bortelaget, og den kom. Ei felling i Bergsøyforsvaret kunne fort endt i straffespark til Sykkylven, men dommaren trekte den utanfor. Frisparket blei ikkje utnytta. Sykkylven hadde også mange skudd, og iallfall to var ikkje langt over tverrleggaren. Det lukta mål ei periode, og når ballen nærmast trilla på streken i ei mølje så virka det som at 4-4 målet skulle kome. Mons Arne Kvalsvik hadde langtåa si på plass i den situasjonen. Også Toni måtte strekke seg mot slutten, og innen få sekunder måtte han til med to boksingar for å få ballen vekk. Det blei med andre ord litt hektisk mot slutten, og dommaren virka som han ikkje ville blåse av kampen, men det endte i jubel tilslutt.

(Bildet: Tomålsscårar Jarl Åge Wågsholm til venstre, med debutant frå start Anders Hoff ved sidan av seg. Jublande er også målscårarane Frank Sverre Kopperstad Skorpen og Christoffer D Nilsen.)


Det kan være greitt med ei oppsummering. Med Lars Conradi ute med suspansjon og Preben Hestad ute med skade så var det duka for Anders Helsem Hoff fra start som midtstoppar og Per Ståle Nykrem som spiss. Per Ståle har spelt i dei fleste posisjonar iår, og likar seg best i dei offansive rollene. Mats Inge Teige og Ove Kvalsvik fekk gule kort, Mats for ei tackling og Ove for å sparke bort en ball. Jarl Åge var ikkje den mest synlige før pause, men var på rett plass til rett tid. Etter pausen var han på stadige løp og såg ut til å ha uendelig med krefter. På motsatt side spelte også Kjetil Paulsen seg meir og meir opp utover i kampen. Rune Frantsen og Christoffer Nilsen spelte sentralt, og var sentrale. Dei fekk roa ned spelet slik at det ikkje blei så hektisk som vi har sett det før iår. Sykkylven hadde ei god periode i den første omgangen der dei fekk kontre og bruke rommet mellom Bergsøy sitt forsvar og midtbane, men etterkvart fekk Rune og Christoffer bedre tak på dette. Målet til Christoffer var rett og slett ei perle, og kandidat til årets mål. Frank Sverre jobba igjen hardt begge veiar, og fekk seg tilslutt et mål igjen. Det smakte sikkert godt for Frank som før kampen hadde stått lenge oppført med 2 seriemål iår. Marvin viser gode tegn på offansiv markering, og er villig til å være med offansivt. Skryt må vi også gi til Anders Hoff som spelte sin første kamp fra start iår, og leverte med gode lange ballar, rolige korta ballar og fine styrte klarerings-headdingar før Mons Arne kom inn mot slutten av den andre omgangen. En fin sjåverdig kamp, der også Sykkylven varta opp med et Carlos-tilløp på et frispark uten at det endte i anna enn et skudd i muren. Bergsøy på si side varta opp med årets beste kamp, og denne gongen varte toppnivået lengst av alle kampane Bergsøy har spelt iår. Konsentrasjonen blei holdt oppe, og poenga blei henta.

Laget: Tony Sandanger, Anders H Hoff, Marvin Kopperstad, Steffen Moltu, Per Ståle Nykrem, Kjetil Steinsvik Paulsen, Christofer D Nilsen, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Jarl Åge Wågsholm, Mats Inge Teige, Rune Frantsen.
Innbytte: Frantz Frantzen, Ove Kvalsvik, og Mons Arne Kvalsvik i 2.omgang.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER