Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Fornya håp om ståplass i divisjonen

Kampreferat 2005:

Bergsøy - Volda 3-1 (1-0)



Jarl Åge Wågsholm 2, Marvin Kopperstad


Tirsdag den 30.august 2005 - Bergsøy stadion


Arve Leine


Jan Lund



100 tillskuarar


Spelarpoeng : 3: Jarl Åge Wågsholm. 2: Kjetil Paulsen
: Frank Sverre Skorpen (Endel kakkar, men klarte seg.)



Kampreferat

(Bildet: 1-0 målet.)

Avisa Sunnmørsposten meldte på forhånd at det måtte bli en grei bortesiger til Volda i denne kampen, men det ville ikkje Bergsøy finne seg i. Gode lag som Skarbøvik og Sykkylven har gått av grasbana på Bergsøy stadion uten poeng før iår, og innanfor spelargruppa så var det ingen tvil om at Volda kunne påførast samme skjebne. Volda låg på 2.plassen på tabellen foran kampen, men etter kampen kan vi fastslå at denne utgava av Volda ikkje er i nærheten av å holde samme standard som den vi såg før sommarferien.

Bortelaget hadde ei tidvis god periode i den første omgangen, men var stort sett lite farlige i angrep om vi ser bortifrå nokre høge ballar frå innkast og cornarar. Siste halvtimen av kampen eigde Bergsøy kampen totalt og skapte mange sjansar etter fint spel, mens Volda kun hadde ett skudd mot mål. Det var tydelig at Bergsøy hadde meir energi og vilje til en sluttspurt enn det Volda hadde.

(Bildet: Bergsøy ville mykje i denne kampen, og her er det Per Ståle Nykrem og Frank Sverre Skorpen som kjemper om ballen i en litt småkomisk situasjon.)

Før vi går inn i sjølve kampen så kan vi nemne at det dagen før kamp var såpass kraftig uvær som orkan i området, og det var inntill tirsdagsmorgen nesten forventa at det kunne bli gruskamp. På kampdagen kom derimot sola fram, og sjølv om bana var blaut så var vatnet nede i graset og ikkje som overvatn på toppen. For å ha hatt en dårlig værsesong bak seg så var bana utrulig flott, men likevel blei det endel soldatgroper i enkelte områder. Underlaget såg ikkje ut til å være avskrekkande for Bergsøy iallfall, for allereie på sin første sjanse i kampen var det klart for 1-0 scåring.

Per Ståle Nykrem forserte opp på høgrekanten og la en rask ball inn bak forsvaret der Jarl Åge Wågsholm kom på løp og førte ballen direkte imål på volley. Bra innlegg og løp, og ei fin scåring av heimelaget.

Volda hadde endel av ballen i omgangen elles, men klarte aldri å overliste Toni Sandanger i Bergsøyburet. Det Volda skapte av farligheite kom som regel som følge av døballar. Et frispark frå 20 meter blei litt farligare enn det såg ut til da Toni måtte bokse den ned i bakken og ut til corner. Og nokre cornerar var farlige med Volda sin hodesterke Jan Rune Teigen i feltet. Elles så var kantspelarane raske og utfordringsvillige, men Gustav Pettersen og Marvin Kopperstad fekk stadig bedre kontroll på desse løpa til lengre ut i kampen vi kom.

(Bildet: Per Ståle Nykrem har lagt innlegget, og her møter Jarl Åge Wågsholm ballen fint i feltet og setter den imål til 1-0.)

Bergsøy var effektive i starten av den første omgangen, men kunne raskt fått seg meir enn det eine målet. Den største sjansen var det Preben Hestad som fekk springande frå midtstreken med både en og to forsvararer i hælane. Muligens vart løpet for langt slik at han rakk å tenke istandefor å skyte, for forsøket på å runde keeperen endte med duellsiger til Voldas målmann. Elles i omgangen hadde Bergsøy nokre halvsjansar, skudd frå skrå vinkel, men fleire mål blei det altså ikkje. Begge lag viste seg periodevis fram med fint kombinasjonsspel, og gode langpasningar i en fair spelt første omgang.

Etter pausen fekk Volda en god start på samme måte som Bergsøy fekk i den første omgangen. Etter fem minutt kom et langt innkast inn i målfeltet, og Cato Ryste fekk vidareført ballen inn nede i det lengste hjørnet til 1-1. Mange trudde kanskje at Volda ville ta meir over etter dette og presse Bergsøy bakover på defansiven, men Volda var kun med i kampen dei neste ti minutta. Siste halvtimen var det Bergsøy som sto for pasningsspelet og overgangane på stadion, og heimelaget mala seg stadig nærmare ett nytt leiingsmål. Fleire gongar var Bergsøy framme ved Volda sin 16-meter etter godt spel, men dei første sjansane blei det ikkje nettsus av. Nokre gongar burde nok spelarane prøvd å skyte istadenfor å spele seg heilt inn.

Etter 75 minutt skulle likevel Bergsøy få det dei fortjente, då Marvin Kopperstad fekk slengt seg for å sette en retur inn i målet. Det var Arve Leine som fekk til ei god headding etter corner, som keeperen måtte slå i tverleggaren, som førte til at Marvin fekk sjansen som førte til 2-1. Marvin har vist seg fram frå si offansive side i dei siste kampane, og dette vil vi gjerne sjå meir av også frammover.

(Bildet: Dagens dommar Jan Lund slo ned på kommentarbruken på sidelinja. "Det må få være lov å vise engasjemang", uttalte Tom Beddari.)

Seks minutt før full tid var det klart for punktering av kampen. Preben Hestad parkerte forsvararen og tok et løp nedover venstresida før han la inn foran mål, der kom Jarl Åge i fullt driv og fekk slengt inn 3-1 målet. Nok et flott mål. At det var nettopp Jarl Åge som var mannen som satte inn ballen var inga tilfeldighet, Jarl var stadig på nye løp utover i den andre omgangen. Det kunne virke som at Jarl Åge fekk lurt seg til nye batteri ut i den andre omgangen, mens dei andre blei luskande og leite etter en laddar. Gang på gang var ihvertfall Jarl Åge på nye driv både offansivt og defansivt, og skal ha en god del av æren for kamputfallet.

Men fleire var sjølvsagt med på å bidra, og Steffen Moltu hadde en av sine beste kampar i Bergsøydrakta. Steffen såg ut til å plukke alt som kom hans vei i den andre omgangen, og samarbeidet med Arve Leine har vore ganske godt dei to siste kampane. Arve med sin rutine og hodestyrke gir ro i laget og større klareringsstyrke i en del av spillet hvor laget før har hatt store problem; innlegg og høge baller.

På sidene i forsvaret vaks også debutant frå start Gustav Pettersen og målscårer Marvin Kopperstad utover i kampen. Gustav fekk ei vanskelig oppgave med Volda sin raske kantspelar, men den oppgava meistra Gustav flott. Når Marvin slapp seg laus frammover, blant anna ved et raid i den første omgangen, så blei det straks meir farlig. To ganger fekk Gustav frispark mot seg i den første omgangen som vi la merke til, ei sein tackling som var på grensen til det gule kortet - og ei hekting som virka uforskylt. Per Ståle Nykrem fekk seg ei målgivande pasning, og var trygg med ballen i beina. Kreftene forsvann meir utover i kampen virka det som. Balljegarar med tacklingsløyve sentralt på midtbanen, Rune og Kjetil fann rollene sine stadig bedre utover i kampen. Mens Kjetil prøvde seg på offansive dribleraid, sikra Rune defansivt. Med litt bedre treff på ballen kunne Kjetil fått seg et mål, men ballen sklei av foten i god posisjon på stillinga 1-1.

Rop etter straffespark kom også etter at Kjetil dribla seg innover i 16-meteren og blei felt, men dommaren vinka spelet vidare. Preben fekk vist litt av sine egenskaper foran 3-1 målet, mens Frank Sverre tok seg av luftrommet på midtbanen.

(Bildet: Med vått kamera blei jubelbilde utydelig denne gangen. Frå venstre: Marvin Kopperstad, Gustav Pettersen, Jarl Åge Wågsholm, Preben Hestad og Amalie Hestad.)

Med denne seieren er Bergsøy opp på lik poengsum som Blindheim, og kun ett poeng bak både Stranda og Ørsta. Med fire kampar igjen å spele så blir den ei thriller avsluttning på sesongen, og ikkje minst to alvorlig viktige heimekampar for Bergsøy mot Stranda og Ørsta.

Laget: Tony Sandanger, Arve Leine, Marvin Kopperstad, Steffen Moltu, Kjetil Paulsen, Preben Hestad, Per Ståle Nykrem, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Jarl Åge Wågsholm, Gustav Pettersen, Rune Frantsen.
Innbytte: Daniel Hatløy (inn for Per Ståle), Steffen Kvalsund (inn for Preben).


Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER