Kampreferat
Fredag den 2.september 2005 på Skarbøvik stadion.
Bergsøy visste dei gjekk til en tøff kamp i denne serierunda, men hadde likevel reelle håp om poeng etter
nokre oppløftande kampar i det siste. Mot Volda var det defansive i laget veldig bra organisert, og det skulle også Skarbøvik få bryne seg litt på
i denne kampen. Desverre for Bergsøy holdt det ikkje heilt ut. SIF sin debutant Geir-Tore Kristiansen fekk stjernetreff fem minutt på overtid, og
det eine poenget som virka å være i lomma - forsvann.
Heilt i starten av kampen hadde Bergsøy et visst trykk mot Skarbøvik, og fekk også et mål. Jarl Åge Wågsholm
la et høgt lompe-innlegg (som vår Trondheims-kilde kalte det) som Preben Hestad hadde god tid å time headdinga si på. Preben var sterk og vann duellen mot tre Skarbøvikarar,
og ballen endte fint i hjørnet til 1-0. Etter dette målet blei det mykje kriging og kjemping der ingen av laga hadde særlig fint spel å kome med.
Skarbøvik hadde likevel endel sjansar som dei muligens burde utnytta bedre. Bergsøy var likevle gode defanisvt, og veteran Arve Helsem Leine hadde en svært god dag på jobben.
-"Vi sleit en del i andre omgang. Det vart en forsvarskamp, men det var litt surt at SIF fekk score fem minutt på overtid på et ordentlig lykkemål.
Vi skapte nokre sjnsar før pause, men i andre omgang vart det mykje defansiv jobbing. "
(Svein Haukås, som ilag med Trond Paulsen steppa inn som trenarar ettersom Tom Beddari ikkje kune være med pga sjukdom)
Den andre omgangen starta som den første slutta, med Skarbøvik som pressa et stadig meir defansivt Bergsøylag.
Bergsøy var sjeldent over midtbanen på det verste, og det er ikkje mange avsluttningsforsøk å nemne mot Skarbøiv sitt bur.
Om kontringane hadde blitt bedre utnytta så var det sjansar, men slik blei det ikkje. Derimot var det Skarbøvik som
skulle få utligne. Et fint mål der en spelar hoppa og slo to spelarar i hodeduell etter en corner. Kjetil Paulsen på stanga klarte nesten å avverge
målet, men headdinga var så hard at han ikkje klarte å reagere raskt nok idet ballen traff kneet før den gikk vidare inn i mål via tverleggaren.
Bergsøy gjorde sitt beste på å behalde det eine poenget som var i lomma. Det blei brukt god tid på døball-situasjonene, og fleire bytter blei foretatt.
Skarbøvik sin trenar Slinning ropte på dommaren for å få lagt til tid, og fekk med seg dommaren på det. Sjølv om Bergsøy hadde lite å spele på utover i kampen,
med få folk i angrep og strekk mellom midtbanen og forsvaret, så virka det som at laget hadde greidd å kjempe seg til ett peong.
Skarbøvik fekk en del cornarar og frispark som dei slo inn i feltet, og tilslutt fekk dei hål på byllen då Furnes la inn på bakerste etter en corner mens Bergsøy var på vei ut.
Ingen såg luringen som kom i hundre på bakerste og fekk sitt livs treff frå god distanse. Det var debutanten Geir-Tore Kristiansen som knalla ballen imål fem minutt på overtid.
Geir Tore var faktisk sjølv forbausa over sitt eige treff, og nemnte at han nok aldri før hadde hatt et så godt treff.
Ekstra surt for Bergsøy sjølvsagt.
Ei oppsummering av kampen var at Bergsøy presterte mykje bra forsvarsarbeid og Skarbøvik presterte bra press. En del frispark og uthaling av tid i tillegg til innbytter gjorde at dommaren la til ekstra med minutter.
Skarbøvik vann tilslutt en fortjent seier, men det var likevel et surt tap for Bergsøy med tanke på måten den kom på - rett før laga skulle til å gå inn i dusjen.
Laget:
Toni Sandanger, Gustav Pettersen, Steffen Moltu, Arve Leine, Marvin Kopperstad, Per Ståle Nykrem,
Kjetil Paulsen, Rune Frantsen, Jarl Åge Wågsholm, Frank Sverre Skorpen og Preben Hestad.
Innbytte:
Christoffer D Nilsen for Frank Sverre Skorpen, Børge Remøy for Marvin Kopperstad, Lars Andersen for Per Ståle Nykrem, Curt Åge Hauge
for Jarl Åge Wågsholm, Mons Arne Kvalsvik for Preben Hestad.
Vedlegg til kampen