Kampreferat
Bergsøy måtte bite i det sure eplet nok en gong, idet Langevåg trakk det lengste strådet i nok en målrik kamp på Bergsøy Stadion.
Etter dagens 3-4 tap ligg Bergsøy heilt aleine på botnen av 3.divisjonstabellen, noke som følest veldig bittert ettersom laget har spelt jamnt
og tapt med så marginar i begge heimekampane hittil iår. Bergsøy såg ut til å kunne få sin første seier for året da laget snudde 0-2 til 3-2, men Langevåg snudde kampen med to raske mål kort tid etter Bergsøy sitt ledarmål.
(Bildet; Langevågkeeperen sleivar ei klarering som etterkvart endar hos Frank Skorpen. Resultatet ser du på neste bilde)
Langevåg starta kampen best, var mest aggressive og pressa heimelaget bakover på bana. Den første sjansen i kampen kom da Jarl Åge Wågsholm mista ballen i farlig posisjon,
men skuddet endar heldigvis utanfor målet. Bortelaget holt oppe trøkket, og etter ti minutt får Svein Arne Sunde springe rett igjennom Bergsøy-forsvaret og skyte inn 1-0 med yttersida av foten.
Fint løp med følgande avsluttning, men alt for enkelt sett fra Bergsøys synsvinkel. Frank Sverre Skorpen var nære på å ordne balanse i regnskapet da han fekk gå fritt opp å headde etter en corner,
men keeperen fekk kroppen bak ballen. Derimot var det Langevåg som skulle få uttelling på en corner. Langevåg hadde endel cornarar i den første omgangen, og etter 20 minutt var det Sindre Eid som på bakerste stolpe fekk headde inn 0-2 fra kloss hold.
Bergsøykeeper Frank Haraldsvik ville ha frispark da han meinar han blei holdt nede og hindra i å gå opp og bokse ballen.
Det var hittil i kampen få sjansar til Bergsøy, men Steffen Kvalsund kunne raskt hatt ett mål etter to sjansar. Keeper redda et skudd til corner, mens det andre skuddet gikk utanfor.
Bergsøy gav imidlertid ikkje opp, og kom bedre med utover i omgangen. To minutt etter Langevåg si 0-2 scåring var det klart for redusering. Et innlegg endte på bakerste stolpe, Steffen Kvalsund dunka den tilbake på tvers inn i feltet og der endte den tilslutt i mål.
Preben Hestad får kreditert målet som fra min vinkel virka som det var forsvararen som tackla den inn i eige nett, og dermed et sjølvmål.
Uansett kven som var sist på ballen så var scåringa ei god vitamininnsprøytning. I siste speleminutt klarer Bergsøy å få på plass utligninga. Frank Sverre Skorpen blir fellt av Langevåg sin keeper, og Preben Hestad sett straffesparket kontrollert i mål til 2-2.
(Bildet; Frank Sverre har ført Bergsøy opp til 3-2 ledelse kort tid etter pausen.)
Det skulle ikkje ta lang tid før Bergsøy var i ledelsen etter sidebytte. I det 46.minutt sleiva Langevåg sin keeper på ei klarering som endte til Frank Sverre Skorpen. Frank var i en lignande situasjon i sist heimekamp, og fekk satt ballen imål på omtrent samme måte etter først å ha tatt ei vending på en spelar.
Etter den gode snuoperasjonen var nok optimismen på plass for at det skulle gå den rette veien denne gangen, men Langevåg var raske å kome tilbake i kampen. Etter 53.minutt utligna Endre Åkernes til 3-3 med ei headding for ope mål. Det var et innlegg som førte til en duell i feltet der ei 3-4 mann var oppe for å headde ballen,
ingen traff skikkelig - og ballen endte tilslutt på hodet til Åkernes som fekk en enkel jobb. To minutt etter hadde Langevåg snudd kampen til sin fordel. Et innlegg såg ut til å gå ut over dølinja på bakerste stolpe, men den blei nådd og tuppa inn foran mål. Der var det nokre små sekund et spørsmål om kva vei ballen ville ende etter å nærmast trille på streken.
Tilslutt endte det i at klareringa ut gikk i en Langevågfot og inn i mål til 3-4. Bergsøy låg under på nytt.
Kampen var på ingen måte over med stillinga 3-4 og en halvime igjen å spele, men det blei ingen fleire mål. For Bergsøy var dette dagen der Preben Hestad skulle få æra av å få kome til dei fleste avsluttningane, men Langevåg sin keeper hadde to gode redningar på Preben-skudd som kunne endt i utligning utover i omgangen.
Den eine sjansen var da Preben fekk skyte på heil volley med venstrefoten fra 5 meter på bakerste stolpe, men keeperen ofra seg og fekk sendt kroppen bak ballen som tilslutt gikk til corner. Den andre sjansen kom etter at Ove Kvalsvik spelte Preben fint aleine igjennom mot keeper fra høgre, men keeperen kom nok en gong sigrande ut av duellen.
Bergsøy satsa alt frammover på å redusere, og heile inbyttarkvota på 5 spelarar blei brukt. Det vart derimot litt for oppjaga til at det skulle bli store sjanser mot slutten.
Langevåg fekk også store rom å kontre på, og var flinke til å bruke god tid og frustrere Bergsøy sine spelarar. Det endte som den forge heimekampen i et ettmålstap der Bergsøy ikkje greidde å scåre nok mot slutten.
Frank Sverre Skorpen blei kåra til dagens Bergsøyspelar. Han jobba nok en gong godt, og vann mange hodeduellar i tillegg til å ordne straffespark og mål.
Laget: Frank Haraldsvik, Mons Arne Kvalsvik, Per Ståle Nykrem, Steffen Moltu, Jarl Åge Wågsholm, Christoffer D Nilsen, Ove Kvalsvik, Mats Inge Teige, Steffen Kvalsund, Preben Hestad, Frank Sverre Kopperstad Skorpen.
Innbytte: Daniel Hatløy, Kjetil Paulsen, Knut Petter Sævik, Frantz Frantzen og Lars Conradi Andersen kom inn i 2.omgang.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp