Kampreferat
Der kom den endelig; sesongens første seier på det åttande forsøket, og dei første poenga for sesongen blei innhenta mykje på rein vilje frå Bergsøy-spelarane si side.
Kjemping på alle ballane frå start til slutt, og dermed gjekk laget fra 9 innsluppne mål mot Volda til å halde nullen mot Skarbøvik. Endelig hadde laget marginane på si side,
samt at mange av spelarane på heimelaget hadde dagen ilag. Tony Sandanger i målet blir av BFH kåra til dagens beste spelar, spessielt i den første omgangen hadde Tony fleire enhåndsrednigar som holdt høg standard.
-"Om Tony ikkje får 5 stjerner på børsen imårga så forstår ikkje ej"
(Tage Beddari)
(Bildet: Sif hadde frispark fra sida, og hadde ikkje Lars Conradi slengt seg og fått en fot på denne så trur vi at den hadde gått i hjørnet. "Takk Lars", hørde vi Rune rope straks etter.)
Reint sjansemessig var Skarbøvik det laget som skapte mest, og dei starta også best. Nesten frå avspark vart det en sjanse til SIF, men ei tå hindra tidlig sjokk.
Og presset fortsatte idet Bergsøy hadde problem med å klarere skikkelig, og SIF hadde mange cornarar og frispark i gunstige posisjonar. Et skudd i tverleggar og over blei også notert, mens det som kom mot mål stort sett blei boksa ut igjen av Tony.
Det var derfor mot spelets gang at Bergsøy fekk si 1-0 scåring etter 15 minutt. Per Ståle Nykrem slo ei lang tversoverpasning der Ove Kvalsvik kom på et djupt og langt løp på venstrekanten. Heilt aleine med keeper gjorde han ingen feil.
Dette var nok nesten den einaste sjansen Bergsøy hadde i 1.omgang. Vi kan elles nemne at Preben Hestad hadde ei avsluttning, men i ubalanse frå skrå vinkel så endte skuddet i sideveggen.
Fokuset til Bergsøy var å kjempe og hindre mål, og den jobben gjorde gutane - med Tony i spissen - bra før pause.
(Bildet: Etter vår meining banens beste spelar. Hadde mange redningar, og hindra mange mål.)
SIF hadde det beste trykket før pause, men det virka som at dei var litt tyngre i kroppen etter pausen. Den første halvtimen av 2.omgang var det iallfall ingen
store SIF muligheter å spore, og faktisk var det Frank Sverre Skorpen som var nærmast scåring. Skorpen sitt harde skudd med venstreslegga såg ei lita stund ut til å ville duppe over keeper og inn i mål, men blei boksa ut til corner i siste sekund.
Og i farta kan det hende at det var den einaste cornaren til Bergsøy, det var iallfall ikkje mykje av dei. Det må seiast at Bergsøy var veldig dyktige defansivt og også veldig effektive med å scåre på få sjansar. Det var mot slutten av omgangen det kunne luktast et mål i lufta.
SIF hadde en sluttspurt og la om til tre spissar framme, og hadde ei lita rekke med cornarar. Bergsøy hadde iallfall ei redning på strek, Tony hadde i tillegg ei boksing som gikk i tverleggar, og en annan sjanse gikk rett utanfor stolpen.
Bergsøy på si side var nære på med ei kontring på overtid, men innbyttarane Daniel Hatløy og Steffen Kvalsund tima pasning og løp for dårlig - og situasjonen blei avblåst for offside. Men uansett, endelig var marginane på Bergsøy si side. Og denne gongen fordi Bergsøy fortjente det.
Med vinnarvilje og kjemping så går ofte marginane rett vei, og slik var det idag.
-"Det beste laget tapte. Vi hadde tusen sjansar uten å scåra. Bergsøy hadde ein, og vann"
(Skuffa SIF-trenar Svein Slinning)
Det var nokre situasjonar vi kan ta fram. Spessielt den situasjonen der en SIF spelar tek kvelartak på Frank Sverre og slenger han i bakken (kampbilde 5). I forkant meinte også fleire at SIF'aren hadde gitt Frank et slag. Publikum og alle som støtta Bergsøy ropte på utvisning, mens Frank Sverre låg nede, men til alles forbauselse så blei ingen kort utdelt i situasjonen.
Dommaren kom i fokus endel gongar før pause, og var etter vår meining variabel i sin prestasjon. Frank Sverre fekk seinare utover i 2.omgang gult kort fordi han brukte for lang tid på en døballsituasjon.
Naturlig nok så prøvde Bergsøy å bruke god tid for å hale seieren iland, og det blei lagt til 4 minutt. Ingen av laga greidde å lage mål i 2.omgang, og endelig kunne Bergsøy få juble. Sterkt også med tanke på at SIF er et av topplaga i divisjonen, men aller viktigast kanskje for psyken frammover.
Vi har trekkt fram Tony som den beste, og han var nesten feilfri som sisteskanse. Ei boksing mot slutten av 2.omgang skapte litt panikk, men når enden er god så er allting godt. Forsvaret jobba godt og var flinke på å vinne førsteballane med aggresivt spel. Mats var tilbake på høgrebacken for første gang sidan treningskampane, og
med Rune på plass sentralt på midtbana igjen så virkar dette som det fornuftige for lagets beste. Mats kjenner rolla si godt på backen og jobbar godt. Stor jobbing var rettogslett et stikkord på alle idag. Lars Conradi Andersen og Steffen Moltu var kyniske og tacklingssterke i alle situasjonane. Godt å sjå at Steffen kjempa seg opp og foran motstandaren for å vinne hodeduellane.
Marvin hadde også bra kontroll på sin venstreback, og gjorde en feilfri kamp også han. Sentral på midten var det godt å sjå Rune tilbake. Bergsøys aggresivitets-aggregat var tilbake i ei defansiv rolle på midten for første gang iår, og det er nok ikkje tilfeldig at motgangen snudde når Rune kom tilbake.
Som krigar på midten vinn Rune mange ballar som gjær laget tryggare. Ved si side på den defansive rolla hadde han Kjetil Paulsen som idag absolutt ikkje var Rune underlegen i det heile. Kjetil jobba like hardt som "Doffen" på Norge gjorde mot Italia. Aggresivt i press, og fleire gongar observert med ryggen i graset og ballen i enden av tacklinga.
Frank Sverre Skorpen litt foran desse to har et ansvar med å fordele ballar, og stresse motstandaren i tidlig fase ilag med Preben Hestad som spelte på topp. Frank var med sin vinnarvilje over det meste av bana også han, og gjorde en topp innsats. Preben på topp jaga ball heile kampen igjennom til han blei bytta ut mot slutten. Bytta ut blei også kantspelarane Ove og Per-Ståle. På ingen måte fordi dei gjorde dårligare jobb enn nåken annan, men
fordi deira posisjonar på bana på mange måtar er krevande. Opp og ned langs kanten kan ta knekken på dei fleste, om en heiter Ove Kvalsvik eller Kipketer. Daniel Hatløy, Steffen Kvalsund og Frantz Frantsen kom innpå. Daniel var frisk teknisk som vanlig. Nærmast scåring var Steffen som fekk møte et overlegg på bakerste stolpe, og skyte på direkten med innsida. Treffet på ballen blei for dårlig.
-"Dette var ein skikkeig lagseier. Det vi har misslykkast med tidligare, fekk vi til idag. Det må vi ta med oss vidare"
(Tom Beddari)
Kort sagt. Målgivande av Per-Ståle. Ove Kvalsvik matchvinnar. Heile laget fortjente seieren på bakgrunn av stor innsats, og rekka på 7 strake tap er endelig slutta.
Men sjølv om Bergsøy med sigeren gikk opp ifra bunne på tabellen, og passerte Ørsta med 1 poeng. Så må vi ikkje gløyme at kampen allereie på fredag er minst like viktig som denne. Ørsta borte er kampen mellom dei to laga som ligg nederst på tabellen, og er en 6poengskamp.
Gledelig for Bergsøy er at sommaren er på vei, og vi har snart full stall på plass.
Laget: Tony Sandanger,
Lars Conradi Andersen,
Marvin Kopperstad, Steffen Moltu,
Per Ståle Nykrem, Kjetil Steinsvik Paulsen,
Rune Frantsen, Frank Sverre Kopperstad Skorpen,
Ove Kvalsvik, Mats Inge Teige, Preben Hestad.
Innbytte: Daniel Hatløy, Steffen Kvalsund, Frantz Frantzen.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp