Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tapte botnkampen mot Ørsta

Kampreferat 2005:

Ørsta - Bergsøy 3-2 (2-2)



Preben Hestad, Ove Kvalsvik


Fredag den 11.juni 2005 - Ørsta stadion



Jonny Skjerven



50 tilskuarar


: 1: Per Ståle Nykrem



Kampreferat

Bergsøy gjekk på et surt bortetap mot botnlaget Ørsta. Heimelaget gikk tilslutt sigrande ut av kampen med 3-2, og overlot jumboplassen på tabellen til Bergsøy. Trøsta for Bergsøy får være at det fortsatt kun er 3 poeng opp til den fjerde sisteplassen på tabellen, men etter kampen var det nok meir tankar rundt korleis Bergsøy klarte å rote vekk det som såg ut som en trygg 2-0 ledelse.

-"Vi starta bra og leia med 2 mål, men gjev deretter ifrå oss initiativet i kampen. Presisjonen var dårlig kampen igjennom, og individuelt gjorde vi for mange feil."

(Tom Beddari etter kampen)
(Bildet: Lagoppstillinga foran kampen.)


Dei første ti minutta av kampen så var Ørsta best. Tony Sandanger såg ut til å fortsette der han slapp mot Skarbøvik, og hadde iallfall ei kanonredning på en 100% sjanse til Ørsta. En gang låg Tony nede og fekk avværga en kjempesjanse, og seinare i omgangen redda han også et baklengs med ei god beinparade 1 mot 1. Bergsøy var til tider for langt ifrå i presset, og var heldige at Ørsta ikkje fekk seg et tidlig mål. Største sjansen var nok da en ørsting rolig runda Tony (bildet under) og trilla ballen mot det tomme buret, men en våken Steffen Moltu var på løp bakover og fekk måka vekk ballen før den trila over streken. Etter at Ørsta hadde opna best så vakna pluttselig Bergsøy og fekk pressa heimelaget meir på defansiven. Pasningane sat bedre, og Ørsta måtte lage endel frispark for å stoppe Bergsøy på vei frammover.

(Bildet: En veldig stor sjanse til Ørsta i 1.omgang der Tony blir runda. Heldigvis for Bergsøy var Steffen Moltu våken og avverga ballen på streken.)


Det var etter et frispark at Bergsøy skulle ta ledelsen i kampen. Kjetil Paulsen har tatt gode frispark på juniorlaget, og den ferdigheten brukte han da han la ballen over muren og bort i det lengste hjørnet. Keeperen slengte seg og fekk såvidt slått ballen i tverrleggaren, og på returen kom målrotta Preben Hestad og satte ballen imål. Kampen hadde no såvidt runda 20 minutt, og det tok ikkje lenge før Bergsøy skulle være på farta igjen. Per Ståle Nykrem fekk fordel ifrå dommaren på høgrekanten, og dribla seg fri til å legge en markkrypar inn frå sida. Preben Hestad hoppa over ballen, mens Ove Kvalsvik kom på bakerste stolpe og klistra kula bort i det lengste hjørnet. Et flott mål. Det såg ut til at Bergsøy no var i ferd med å ta fullstendig kontroll. Så feil kan en ta.

-"Deilig å få den første seieren denne sesongen. Kampen starta dårlig for vår del, men laget viste vilje og stor moral i måten vi kom tilbake på"

(Ørsta trenar Einar Arne Roth)
(Bildet: Ørsta med en corner som endar i ingenting.)


Det kunne virke som at Bergsøy datt ned et gir etter 2-0 scåringa. Spelet sat ikkje like bra. Dei gode pasningane over til kantspelarane kom ikkje lenger. Det viktige var å iallfall holde på ledelsen til pause, men heller ikkje det skulle gå. Reduseringa til 2-1 kom nok altfor enkelt. En ørstaspelar fekk kontroll på bakerste stolpe og la en trillar inn i feltet der Kai Henning Leira kom bakfrå og satte ballen enkelt i mål. Det var kamp igjen, og Ørsta fekk blod på tann. Men utligninga til 2-2 skulle kome på en måte vi sjelden ser i fotball. Dommaren meinte Tony Sandanger i Bergsøyburet hadde holdt ballen i over 6 sekund, og dømte frispark til Ørsta. Frisparket blei satt i mål til stor frustrasjon. Og rett etter blåste dommaren til pause.

(Bildet: Da haglbyga kom i 1.omgang så snudde også kampen. Bergsøy kom aldri tilbake til den gode rytma.)


Bergsøy var ganske gode i ei 15 minutters periode i løpet av 1.omgang, men kom aldri tilbake. Ifrå Ørsta reduserte til 1-2 så var heimelaget det beste laget resten av kampen. Bergsøy kom knapt over midten i løpet av dei 20 første minutta av den andre omgangen, og vart pressa hardt på defansiven. Etter 58 minutt kom den scåringa som skulle skille laga tilslutt. Sindre Winjewoll blei Ørsta sin helt med sitt andre mål for dagen, dette på et fint skudd bort i Tony sitt høgre hjørne. En sterk snuoperasjon for et lag som låg nederst på tabellen, mens Bergsøy på si side viste sin ustabilitet tydelig. Det blei mest panikkspel og lite konstruktivt. Heimelaget Ørsta spelte med stadig større sjølvtillit, og både kunne og burde ha scåra fleire mål utover i omgangen. 4 bytter for Bergsøy skulle heller ikkje snu kampbildet i særlig grad, sjølv om Frantz Frantzen var nære på å utligne med ei headding. Ballen gikk desvere på feil side av stolpen. Nærmast var nok Rune Frantsen som skaut i stolpen og ut. Men slik Bergsøy spelte i 2.omgang så vann det beste laget tilslutt.

Det endte sørgelig denne gangen, og ekstra trist fordi det såg så veldig bra ut ei periode. Steffen Moltu utmerka seg som den beste spelaren på Bergsøy i starten av kampen, med gode klareringar, heddingar og redningar på strek. Deretter våkna også Mats Inge Teige og var friskt med offansivt, noke som hjalp Bergsøy godt i det offansive trykket. Kjetil Paulsen sprang og tackla, og Per Ståle Nykrem fekk nokre fine ballar å jobbe med. Men så var det stopp. Det var som om nåken hadde tatt ut stikkontakta idet Bergsøy i resten av kampen sleit med å finne både roa og medspelarar. Det som såg ut til å bli en fin dag endte opp med å bli like trist som den våte og hålette grasmatta.

Laget: Tony Sandanger, Lars Conradi Andersen, Marvin Kopperstad, Steffen Moltu, Per Ståle Nykrem, Kjetil Steinsvik Paulsen, Rune Frantsen, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Ove Kvalsvik, Mats Inge Teige, Preben Hestad.
Innbytte: Daniel Hatløy, Jarl Åge Wågsholm, Steffen Kvalsund, Frantz Frantzen.




Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER