Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Spjelkavik var mest effektive

Kampreferat 2006:

Bergsøy - Spjelkavik 2-4 (1-2)



Kjetil Paulsen, Preben Hestad


Fredag den 21.april 2006 - Huldalen grusbane


Magne Havnen


Alf Furland,



80 tillskuere


: Egzon Abazi. : 2 poeng: Kjetil Paulsen. : Egzon Abazi, Terje Teige, Jonny Leikanger.



Kampreferat

-"Det gjekk ikkje slik vi hadde håpa, vi spelte under pari. Målsjansane var der, men vi greier ikkje å sette dei"

(Bergsøytrenar Svein Haukås)
Så var det altså klart for seriepremiæren samt Bergsøy sin debut på heimebane i 2006. Grusbana i Huldalen var i perfekt stand, sola strålte, og publikum hadde møtt opp for å sjå laget for første gang iår. Den første omgangen fekk dei sjå to lag som både fekk og sløste litt med sjansane, men det var Bergsøy som hadde dei største som blei misbrukt. Ganske tidlig i kampen fekk Steffen Kvalsund ballen inne i Spjelkavik sitt målfelt, og snudde seg rundt for å få sendt ballen mot mål, men keeper fekk slengt seg og slått ballen til corner. Seinare i omgangen skulle samme Steffen få nok en målsjanse som nok vil ergre spelaren ei stund, då han aleine med keeper prøvde å drible istadenfor å skyte. Et for dårlig tøtch førte til at avsluttninga endte i nettsida. Også Spjelkavik hadde nokre sjansar som rann ut i sanden, som foreksempel ei headding over på omtrent ope mål. Men angrepet som skulle føre til 0-1 etter 20 minutt tok Bergsøy på senga, og Frank Sverre Skorpen si pasning til Jonas Kipperberg var så god at Jonas fekk putte ballen imål etter et godt løp.

-"Sur dag på jobben når en ikkje får mål på tre store sjansar, men det eine målet blei fratatt av linjedommaren. Det skal ikkje bli dømt offside når eg headdar i en motspelar og scårar på returen"

(Irritert og skuffa Steffen Kvalsund)


(Bildet: Frank Sverre Skorpen fekk dominere alt for mykje mot gamle lagkamarater.)

Spjelkavik har et bra lag, men dei blei spelt litt for mykje gode i denne kampen. Bergsøy var ikkje alltid nok på hugget, og fleire har spelt bedre enn det dei presterte denne gang. Likevel kom Bergsøy tilbake i kampen då Kjetil Paulsen dunka inn 1-1 målet frå 25 meter. En flott susar som keeper berre måtte slå vidare inn i nettet. Desverre for Bergsøy så skulle Spjelkavik ordne nok et mål, og 1-2 målet kom etter en frisparksituasjon. Ballen gjekk først i muren, men returen blei lobba over Toni av Spjelkaviks Richard Tomren. Bergsøy trudde nokre sekund at en lignande situasjon på motsatt banehalvdel hadde sikra 2-2 til pausen, men Steffen Kvalsund sin lobb over keeper blei utrulig nok avblåst for offside.

(Bildet: Frank Sverre Skorpen blei dagens mann, mens Bergsøy sine målscorarar Preben Hestad og Kjetil Paulsen er i bakgrunnen.)

-"Det var litt spessielt å spele mot Bergsøy. Eg torde liksom ikkje heilt å sleppe laus jubelen etter scoringane mine."

(Ex-Bilspelar Frank Sverre Skorpen)
Om Bergsy hang med den første omgangen så må vi være ærlige å seie at det ikkje skjedde etter pausen. Bergsøy sine lagdelar var langt ifrå kvarandre, og Spjelkavik sine spelarar utnytta dei ledige romma til å frustrere heimelaget. Bergsøy fekk ikkje kome igang med noko eige spel, og verre skulle det bli idet Spjelkavik og Frank Sverre Skorpen fekk to kjappe mål på få minutt. Med stillinga 1-4 hadde Spjelkavik relativt god kontroll resten av kampen, men ei redusering skulle kome ikkje lenge etter Spjelkavik sitt 1-4 mål. Steffen Moltu kom frammover og gav ballen til Steffen Kvalsund som vidare fann Preben Hestad i feltet. Preben veit korleis mål luktar, og lukta det godt i den situasjonen til å lage 2-4. Seinare i den andre omgangen fekk han en ny fin sjanse til å redusere ytterligare, men han fekk ikkje den nødvendige balansen til å avslutte skikkelig.

Det var få av spelarane på Bergsøy som kan få god skryt. Spelet var hektisk spesielt i den andre omgangen, og prega av både høge og lange upresise ballar. Debutant Egzon Abazi var blant dei som gjorde en god innsats og viste seg også på positive offansive løp. I tillegg til Egzon så var dette også Terje Teige og Jonny Leikanger sine første obligatoriske kampar for Bergsøy. Det var litt rufs hos fleire denne gangen. Kjetil Paulsen fekk vise fram en god tekniske utførelse på det knallgode langskotet som førte til 1-1, men i likhet med sine medspelarar så vart det vanskelig å få til mykje spel. Mange var delvis anonyme denne gangen og glimta til berre glimtvis.

-"Vi er godt nøgde med 3 poeng i serieopninga. Det var spenning heile kampen, og eg syntest vi var hakket bedre enn Bergsøy."

(Spjelkavik sin kaptein Kai Birger Myrold)



Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik

Utklipp

www.heroynytt.no - Daniel Kvalsvik




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER