Kampreferat
Bergsøy hadde vore igjennom en tøff første del av sesongen med 8 tap og berre en siger. Det var derfor svært viktig å kome godt igang etter sommarpausa for å få tilbake
litt sjølvtillit inn i laget. Treningsleir til Sverige og Norway Cup for juniorane var ei fin oppladning, mens også laget blei forsterka med tilbakekomsten av
Martin Molnberg til denne kampen. Vegard Sævik er regna å være klar til neste kamp, men kunne ikkje spele denne ettersom overgangspapira ikkje var i orden.
Langevåg på si side kjempar i den andre delen av tabellen, og har sett lite av den motgongen Bergsøy har slete med. Ei forsterkning av midtbanespelaren Tryggestad var også noko som gjorde Langevågarane optimistiske på poeng.
Med siger kunne Bergsøy gå forbi Rollon på tabellen, og også kome heilt i ryggen på Valder.
Den første omgangen.
Sola forsvann nok litt til kampstart, mens bana nok var litt blaut tiltross for det fine været i det siste. Spelarane ville nok merke etterkvart at bana sugde kreftene ut av beina på dei,
men med krefter eller uten krefter så var dette en kamp Bergsøy burde vinne. Kampen var såvidt starta (8-9 minutt) med et lite Langevågovertak idet Martin Molnberg var i duell i Bergsøytrøya for første gang på nokre år.
Langevågspelaren Svein Rune Vedlog landa forkjært og braut handa, mens Martin fekk frisparket. Dermed var kampen over for en av Langevåg sine spelarar nesten før kampen hadde starta, og fleire nedturar for bortelaget skulle kome etterkvart.
Det var lite målsjansar å snakke om denne kampen, og det blei som oftast berre nesten at sjansane var nære. Men det blei nok meir å snakke om etter kampen då dommaren valgte å utvise Langevåg sin rutinerte Knut Pettersen etter 26 minutt.
Martin Molnberg var involvert også her, og ropte "au" etter duellen i feltet. Dommaren meinte han såg Knut Pettersen slå Martin i bakhodet, og hadde dermed ikkje anna valg enn å vise fram det raude kortet.
(Bildet: Martin Molnberg var tilbake i Bergsøydrakta og gjorde et solidt intrykk. Martin fekk et gult kort, mens to av dei andre tøffe duellane Martin var involvert i endte med et håndbrudd og et rødt kort til Langevåg.)
Det var mest jobbing og lite finspel, spelarane hadde ikkje den store roa med ballen i beina. Det var med andre ord ingen særlig velspelt kamp med fiksfakseri og flotte tunellar.
Enkelte meinte nok også at dommaren stykka opp spelet litt i overkant med frispark, men dei fleste frisparka var nok rett dømt. Etter at Langevåg fekk en mann mindre så tok Bergsøy litt meir over i banespelet, og laget klarte å heve seg litt høgare opp på bana.
Gustav Pettersen var nære på å rekke tak i en pasning i bakrommet på noko som lukta å bli Bergsøy sin første gode sjanse, mens også Arve Leine fekk headde ganske fritt etter en corner uten tellande resultat.
Den første virkelige sjansen i omgangen var det Steffen Kvalsund som fekk etter ei fin pasning frå Jonny Leikanger, men keeper var raskt ute og fekk blokkert skuddet.
(Bildet: Dommaren kom i fokus, og spessielt Langevåg sin trenar viste sin misnøye med dommaren sin dømming utover i kampen.)
Det viktige når en er en mann meir er å behalde roa og slite ut motstandaren, mens det aller viktigaste er å få mål. Martin Molnberg fekk et gult kort nede på sin høgreback etter ei sein tackling, men berre nokre minutter etterpå var det klart for 1-0 til Bergsøy.
Det var berre ett minutt før pause at det vikitge målet kom, og æra skal gå til Gustav Pettersen som med krigarvilje aldri gav opp på en ball som såg ut til å være fortapt.
Langevåg sin keeper kom langt ut og skulle klarere, men Gustav vann både tacklinga og ballen og fekk dermed lett jobb med å trille ballen inn i det opne målet.
Om resultatet var fortjent eller ikkje det får andre svare på, men det var iallefall ikkje langt unna at det kunne gått den andre veien. Ei klarering på bakerste stolpe foren Bergsøy sitt mål endte ut til en heilt fri
Langevågspelar som dunka ballen over mål frå kort hald. Bergsøy var heldige i den situasjonen. Så mange fleire sjansar var det ikkje før pause, og skuddforsøka som kom var sjeldan farlige.
Den andre omgangen.
Sjølv om Bergsøy var en mann meir så var Langevåg godt med etter sidebytte. Dei pressa høgt og stressa Bergsøy godt, men likevel hadde heimelaget en god kontroll.
Bergsøy var nærmast å øke ledelsen i starten av omgangen, og Steffen Kvalsund hadde både et skudd med høgrefoten som gjekk rett på mål samt et med venstrefoten som gjekk langt over.
Større sjansar var det ikkje før Langevåg skulle få si utligning i det 60 speleminuttet. Eller rettare sagt, stor sjanse var det egentlig ikkje som blei scåra på heller idet
Kristian Molvær får stussa frisparket vidare inn i nettet. En sterk prestasjon var det riktignok, og ballen fekk den perfekte buen utanfor Toni Sandanger si rekkevidde.
Så var spørsmålet da om Bergsøy kunne klare å kome tilbake frå denne skuffelsen, eller om Langevåg overraskande skulle klare å snu det som såg ut til å være ei umulig oppgåve.
Preben Hestad hadde et farlig skudd mot mål, og dette strauk utsida av den venstre stolpen til Langevåg sin keeper. Steffen Moltu var ennå nærmare idet han faktisk greide å treffe stolpen på sitt lure skudd.
Kampen var fortsatt relativt sjansefattig idet begge lag håpte på å få det viktige tredjemålet i kampen, men det var Bergsøy som fekk noko å juble for da 69 minutt hadde passert.
Et innlegg frå høgre gjekk såvidt over en duell inne i feltet, og bak sto Steffen Kvalsund klar til å svinge foten. Volleyskuddet gjekk hardt og høgt oppe på den venstre stolpen før ballen endte i nettet, og dermed var Bergsøy igjen det førande laget.
(Bildet: Steffen Kvalsund har dunka ballen imål via stanga, og jubelen over 2-1 målet følgte deretter.)
Kampen var på ingen måte ferdig da det gjennsto over 20 minutter, og meir dramatikk skulle det bli. Da 84 minutt hadde gått var det Jonny Leikanger sin tur til å sjå det raude kortet, og det etter to gule i en og samme situasjon.
Tacklinga var muligens hard nok til å fortjene det gule kortet, men om ordet "herregud" i etterkant burde gitt det andre gule er vi meir usikre på. Uansett var det 10 spelarar på kvart lag dei siste ti minutta, og det var Langevåg som pressa på for utligning.
Halvveis nærme kom dei, men dei store redningane trengte ikkje Toni sandanger å ta fram. Toni var sikker i buret denne kampen, og holdt godt tak i dei høge ballane som kom inn frå kantane.
Langevåg hadde fleire frispark i farlige situasjonar, men klarte ikkje å utnytte dette. Dommaren la til tid både for dei fleire bytta som Bergsøy gjorde, samt skader på Martin Molnberg og Preben Hestad, og også det raude kortet.
Likevel klarte Bergsøy å halde ut, og laget burde også økt leiinga rett før dommaren blåste i fløyta. Steffen Moltu var ballførar då tre heimespelarar kom aleine mot en forsvarar, men Steffen valgte å drible framfor å sentre - og dermed endte sjansen i ingenting.
Ei slags oppsummering.
Utanom det som har blitt nemnt så kom Andre Lima inn og tok en frekk tunell oppe i angrep, mens også Børge Remøy og Daniel Hatløy kom inn i løpet av 2.omgang.
Det som til tider såg litt rart ut var at Bergsøy hang oppe med 4 mann i angrep, noko som skulle være unødvendig når en ledar med 2-1 rett før slutt.
Det viktigaste uansett var å hale iland sigeren, og med Rollon sitt 1-0 tap mot Ålesund så er Bergsøy en plass lengre oppe på tabellen.
Neste kamp er mot Skarbøvik på bortebane, og da må en nok regne med at Jonny Leikanger må sone. Til den kampen er nok både Mons Arne Kvalsvik
og Vegard Sævik tilbake.
Når det gjeld spelarprestasjonane denne gangen så var det ganske jamnt, og alle har trulig også meir å gå på.
Jonny og Egzon viste seg fram hakket meir enn dei andre spelarane, mens også Martin gjorde et solidt inntrykk i sin returkamp.
(Bildet: Etter kampen var det berre glede å spore blant spelarane og trenar, sjølv om Børge Remøy nok lurte litt på kvifor Steffen Moltu ikkje sentra ballen heilt mot slutten av kampen.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp