Kampreferat
Bergsøy hadde gått på et pinlig heimetap i sist kamp, mens Ørsta hadde slått Volda. Bergsøy slit med å vinne tette og jamne kampar, og har
ofte mista poeng dei siste 10 minutta av kampane. Ørsta var storfavoritt til denne kampen, men Bergsøy i sin tabellposisjon var forventa å kjempe som løver for å klamre seg til poeng.
Den første omgangen.
Grasbana var fin, været var fint, og Bergsøy var bestemte på at det no måtte kjempast.
Bergsøy kom også godt igang, og Ørsta virka usikre og nølande. Heimelaget hadde god tru på egne spelande ferdigheter, men
blei til tider så sjølvsikre at dette skapte nokre gode muligheter for Bergsøy. I starten var det også antydning til litt surmulig blant Ørsta sine spelarar, noko
Bergsøy må ha ære for i innleiinga. Men mål blei det ikkje, sjansane endte stort sett i cornerar. I lufta var Ørsta et hakk kvassare enn Bergsøy, der spessielt en spelar utmerka seg som
en konge i luftduellane. På grunn av høgdeforskjella blei det tidlig klart at Toni Sandanger ikkje skulle sende utspela i retning den sentrale midtbana.
(Bildet: Jørn Kvalsvik gjorde nok en god kamp på venstrebacken.)
Bergsøy pressa Ørsta til å gjære feil, men heimelaget slapp unna den store skrekken. Preben Hestad var så på god vei gjennom, men blei hindra. Dommaren vinka spelet vidare med kommentaren "den går eg ikkje på".
Herøyværingane, ulsteinvikarane og gjerdsvikarane gav imidlertid ikkje frå seg taket på kampen, og også Gustav Pettersen skulle få seg en fin sjanse - men bomma på ballen inne i målfeltet.
Preben Hestad hadde også to avsluttningar i nettveggen som må nemnast, men frå såpass skrå vinkel så hadde nok keeper passe god kontroll.
Så over til det Ørsta presterte. Det tok ei stund før heimelaget skulle vise seg frå den farlige sida, men med en lynkjapp venstreving så måtte en passe på kontringar imot.
Etpar gode tacklingar og blokkar av Steffen Moltu midtveis i omgangen redda trulig et mål imot. Så skal det også seiast at heimelaget hadde den klaraste målsjansen i omgangen, og det etter en noe survette opptreden av Bergsøy i forsvaret.
Ballen fekk passere forsvaret, og kommunikasjonssvikten gjorde at den blei snappa opp av en Ørstaspelar på løp. Berre ei upresis avsluttning gjorde at ballen skulle gå på utsida av stolpen.
Ellers var heimelaget sterke i lufta, noko som gjorde at døballar og innkast virka farlig stort sett kvar gong. Et forsøk frå distanse, samt en totalbom på bakerste stolpe kan også nemnast.
Den første omgangen var positiv for Bergsøy sin del. Ørsta fekk ikkje lov til å skape så mange sjansane, og Bergsøy kunne fort hatt seg et mål i pluss inn i garderoba.
(Bildet: Kjetil Paulsen i en duell på midten.)
Den andre omgangen.
Det var Ørsta som kanskje starta friskast etter pause, men Bergsøy hadde fortsatt god kontroll bakover. Med litt meir presise kontringar frå Bergsøy si side så kunne
det nok også blitt skapt fleire skumle sjansar frammover. BIL hadde derimot ikkje så mange sjansane, men det kan vi heller ikkje seie at Ørsta hadde.
Etter endel minutt med jamnt spel så skjer det raskt: Ørsta pelmar en ball frammover i retning en spelar på løp. Tilslutt får Ørstingen som mottok ballen lagt ballen inn i BIL sitt målfelt, og på bakerste stolpe har
Hallgeir Aam få problem med å sette ballen inn i nota. Det skjer raskt i fotball, gjerne uten forvarsel. Men Bergsøy gav ikkje opp og fortsatte med samme gode jobbinga som elles i kampen, og etterkvart skulle det også lønne seg.
Først fekk Steffen Kvalsund en sjanse på bakerste stolpe etter et frispark, men bomma på ballen. Så skulle det imidlertid kome et farlig angrep som skulle ende i utligning. Preben Hestad spelte fri Steffen på kanten, innlegget endte tilslutt hos Daniel Hatløy på den andre kanten før Gustav Pettersen skulle få ladda skuddbeinet.
Skuddet gjekk via en spelar og inn i mål, dermed fin jubel og 1-1.
(Bildet: Sola er på vei ned, og det er Bergsøy også om ikkje motgangen snur.)
Om en kan seie det på den måten, så er det aller verste at både spelarar og publikum no hadde tru på at Bergsøy var nærmast sigeren.
Bergsøy hadde et godt tak på kampen, og Ørsta virka å være litt på helane. Så kom også en situasjon som en kan seie er avgjerande for resten av kampbildet.
Daniel Hatløy er heilt igjennom, vipper ballen over keeper og blir felt. Ikkje straffespark, men kast til Bergsøy. Bergsøy følte seg snytt for straffespark, men det ser ikkje ut som at BIL skal få seg ett einaste straffespark i årets sesong.
Det var noe irritasjon mot dommaren også før denne episoden, og både Toni Sandanger og Gustav Pettersen fekk gult kort grunna munnbruk mot dommaren.
Istadenfor mål til Bergsøy så skulle sjølvsagt det "normale" skje igjen. Det har blitt vanlig at Bergsøy skal rote vekk poeng dei siste ti minutta av kampane, men
at det skulle skje også denne kampen er berre trist.
-"Eg sto på telefonen og sa at stillinga var 1-1 då det var 4 minutt før slutt. Frå eg la på, til telefonen gjekk i lomma, så blei stillinga 1-4.
Idag syns eg synd på gutane."
(Arvid Kvalsund)
Tony Ristesund klemmer til då han får en pasning tilbake frå angriparen, og det halvveis gode treffet går inn ved stolperota.
Deretter går det slag i slag, og minuttet etter er dommaren ikkje i tvil då han ser en hands inne i feltet. Straffesparket setter Pål Arne Aam flott heilt nede i det venstre hjørnet.
Samme mann nikkar inn 4-1 kort tid etter idet Bergsøy sprekk totalt. Verdifulle poeng blei lagt igjen inne i Ørsta.
Ei slags oppsummering.
Det blir rart å seie at Bergsøy gjorde en god kamp når en samtidig ser at stillinga blei 4-1 til Ørsta, men slik var det.
Bergsøy gjorde en god kamp, men held desverre ikkje 90 minutt pluss tilleggstid. Det er vanskelig å sette fingeren på kva som skjer i sluttfasa, og kvifor det ser ut til å skje i kvar kamp.
Uansett var dette en sur kamp å tape etter å ha kjempa seg tilbake til 1-1 og hadde fin kontroll defansivt. Forsvaret spelte en god kamp, og kommunikasjonen spelarane imellom var god stort sett heile kampen om en då ser bort ifrå den eine episoda i 1.omgang.
Dommaren kom i fokus, men har sin rett i å ikkje dømme straffe til Bergsøy om han meinar keeper var først på ballen. Straffesparket til Ørsta var greit nok, sjølv om det var ballen som søkte hånda (ned langs kroppen) og ikkje omvendt.
Bergsøy må først og fremst tenke på sine egne prestasjonar, og ikkje kaste bort tid på å diskutere med dommaren.
(Bildet: Svein Haukås i diskusjon med dommaren etter nok et surt tap.)
Det som blei nok en mørk dag for Bergsøy skulle seinare bli mørkare. Rollon presterte å slå Spjelkavik med 5-2 på bortebane, noko som medfører at
Bergsøy no ligg som tabelljumbo på tabellen. Konkusjonen er då sjølvsagt at Bergsøy er i trøbbel, og rykk ned om ikkje det snart blir nokre sigrar.
Neste kamp er borte mot Volda, og seinare kjem også fleire viktige kampar som må vinnast. Bortekampen mot Rollon kan bli en skikkelig thriller.
Vi kan til sist oppsummere med at laget la ned en god porsjon innsats. Toni Sandanger skal ikkje lastast for måla. Jørn Kvalsvik spelte en god kamp, og solide var også forsvarskollegaane.
Steffen Moltu spelte midtstoppar iogmed at Terje Teige måtte melde avbud med skade, og sjølv om Moltu skremte medspelarane nokre gongar med sin rolige og spelande stil - så gjekk det stort sett bra.
Martin Molnberg var solid, mens Vegard Sævik gjorde en god jobb mot en vanskelig motstandar.
Daniel Hatløy fekk prøve seg frå start av, og var en av dei mest positive frammover på bana. Gustav Pettersen har vore litt sjuk i det siste, men sto på og fekk seg også nok et mål i BIL-trøya.
Dei øvrige jobba hardt, men fekk ikkje alltid lønn for strevet. Det blei nok et trist utfall..
Vedlegg til kampen
Utklipp