Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Knepent tap mot Langevåg

Kampreferat 2006:

Langevåg - Bergsøy 3-2 (1-0)



Daniel Hatløy, Steffen Moltu


Fredag den 28.april 2006
Langevåg grasbane.



Per Ola Utgård,



209 tillskuere


: Steffen Moltu.



Kampreferat

-"Dette var surt. Vi slepp inn for enkle mål, og er uheldige med etpar dommaravgjerdslar. Langevågs første mål var offside, og vi skulle hatt straffe i starten av 2.omgang."

(Bergsøys beste Steffen Moltu)
Litt prat rundt grøten.

Nok en gang skulle det være flott vær og sol, men igjen måtte altså Bergsøy trekke det kortaste strådet i kampen om poeng. Ingen av våre som har sett Langevåg dei siste åra kan seie å ha blitt imponert over heimelaget, men det hjelper ikkje at heimelaget var dårlig sålenge heller ikkje Bergsøy klarer å finne samme nivået som laget hadde i nokre av treningskampane. Kva som kan være grunnen til at Bergsøy ikkje har fått god flyt i spelet dei to første kampane kan være litt forskjellig, men mindre treningsoppøte enn tidligare pga skule og juniorkampar kan være ein grunn. Vi må heller ikkje gløyme at desse to kampane var på to ukjente underlag for Bergsøy, med grus den første kampen og gras denne gangen. Det er sjølvsagt også en viss forskjell på treningskampar og seriekampar, men når det er sagt så var denne Langevåg-utgava på ingen måte bedre enn dei Bergsøy har møtt i treningskampane.

God start av Bergsøy.


Dei første 20 minutta av kampen var tildels ganske positive, og Bergsøy brukte godt breidda av bana til å kome opp på kantane. Starten av kampen viste heilt tydelig at dette var en kamp som Bergsøy fullt mulig kunne vinne, men det blei likevel aldri dei store målsjansane ut av spelet. Jonny Leikanger var kanskje nærmast med sitt skuddforsøk, men keeper fekk slått ballen ut til corner. Vi kan også notere oss en halvsjanse på frispark etter at Daniel Hatløy dribla seg fint frammover mot mål og blei tackla bakfrå, men frisparket til Kjetil Paulsen ente over tverleggaren. 22 minutt ut i omgangen skulle derimot Bergsøy få seg en liten psykisk knekk da heimelaget gjekk opp i 1-0. Den smarte og solide midtspissen Knut Pettersen var ikkje lett å stjele frå ballen i denne kampen, og med nok tid og rom så fekk Pettersen stikke igjennom en springande Andreas Havngjerde som netta sikkert. Bergsøy ropte etter offside, men fekk ikkje medhold. Etter dette så var det lite Bergsøy hadde å by på, og ei periode var det mykje rot på eigen banehalvdel. Ved fleire tilfelle burde ballen nok blitt klarert så langt som mulig istadenfor å gi Langevåg sjansen til å snappe ballen i slike farlige posisjonar.


(Bildet: Kjetil Paulsen sitt frispark passerer muren, og også snart like over tverrleggaren.)


Tafatte i andre halvdel av 1.omgang.


Det var synd at Langevåg skulle få det første og viktige målet i kampen. Hadde Bergsøy fått mål i den gode åpninga så hadde kampen vore heilt anna, men det blir sjølvsagt berre synsing av noko som ikkje skjedde. En kan heller ikkje seie at Bergsøy skapte dei store sjansane. Backane Magne Havnen og Gustav Pettersen viste seg fram på positive løp frammover, mens også vingane Daniel Hatøy og Steffen Moltu hadde nokre fine raid langs kantane, men men det blei desverre lite av sjansar ut av løpa. Preben Hestad hadde ei headding utanfor stolpen mot slutten av den første omgangen, men elles hadde Bergsøy lite av avsluttningar. Det farlige småspelet på eigen banehalvdel, som vi også såg litt av i den første seriekampen, må bli luka bort til neste kamp. Det vart ikkje mindre farlig på grunn av det ujamne underlaget, og ballen kunne tidvis få en farlig sprett.


Langevåg med mål rett etter pausen.


Endre Åkernes var mannen som etter 47 minutter skulle føre Langevåg opp i en 2-0 ledelse. Åkernes sitt frispark gikk over muren og rett i nettet. Seinare ville Daniel Hatløy og Bergsøy ha straffespark, men dommaren var ikkje villige til å blåse i fløyta. Daniel skulle likevel få en viss revansje etter 55 minutter da han var framme å lukta på en keeperretur. Det blei ei slags mølje foran heimekeeperen tilslutt, men Daniel var den som fekk skyte ballen ditt han ville, og dermed hadde Bergsøy redusert til 2-1.
-"Vi vinner fortjent. Det hadde vært ergerlig å gi vekk poeng i denne kampen. Banen var litt vanskelig, men vi duellerer best og hadde god innsats."

(Langevågs Svein Arne Sunde)

(Bildet: Daniel Hatløy skal til å sende ballen imål til 1-2 redusering.)

Etter Daniel si redusering så fekk Bergsøy litt mer tru på sakene, men hadde fortsatt vanskelig for å kome til dei store sjansane. Preben Hestad var mannen som var nærmast utligningsmålet med et flott liggande spark med ryggen mot mål, men ballen gikk i tverleggaren. Kjetil Paulsen viste fram skuddfoten sin frå ei 20 meter litt seinare, noko som ser like farlig ut kvar gong, men keeper fekk avverga den sjansen. Det var Langevåg som igjen skulle få det viktige målet på et ugunstig tidspunkt, og Mustafe Dahir var mannen som førte heimelaget opp i 3-1 ledelse. Ballen fekk kome inn frå venstrekanten og endte til en Langevågspelar på bakerste stolpe. Toni Sandanger fekk avverga det første skuddforsøket, men hverken han eller vår mann på strek klarte å hindre at det andre skuddforsøket endte i nota.


(Bildet: Preben Hestad prøver på noko som best kan ballast et brassespark, og ballen endar i tverleggaren etter å ha hatt ei fin bue over keeper.)


Steffen Moltu gav laget nytt håp.


Sunnmørsposten noterte ned Steffen Moltu som Bergsøys bestemann, og vi kan ikkje være ueinige. Med ballen i beina så var det ikkje lett for Langevåg sine spelarar å ta frå han ballen, og han var en av dei få spelarane som både viste dribleferdighet ved å passere motspelarar samt å vri spelet fornuftig ved enkelte tilfeller. Han var også ganske sikker i sin sak da han etter 83 minutter fekk gå frammover på høgrekanten og lobbe over en utrusande keeper. Det hadde trulig ikkje blitt den særlige store sjansen om keeper hadde stått på streken, men Steffen Moltu takka og bukka for sjansen når den kom. Likevel var det ikkje snakk om så mange sjansar til å utligne etter dette.
-"Et ujamnt Bergsøylag var ikke i nærheten av 3-3 selv med tre minutters tillegg i tiden.."

(Sunnmørsposten ved Jostein Håland)

(Bildet: Steffen Moltu har nettopp lobba ballen over en keeper på bærtur, og Bergsøy var berre ett mål under igjen.)

Litt å ta tak i.



Dette var en kamp der Bergsøy raskt kunne tatt poeng, men totalt sett så blei det fortjent at heimelaget stakk av med sigeren ettersom Bergsøy ikkje klarte å feste noko grep på banespelet. Det som også er skuffande etter 2 kampar er det at laget har problem med å spele seg fram til klare målsjansar, men det er sjølvsagt positivt at det likevel har blitt 4 mål ut av det. Dei to måla i denne kampen kunne raskt blitt avskreve som keepertabber, men likevel skal skryt delast ut til både Daniel og Steffen som begge var på rett plass til rett tid og samtidig klarte å finne veien til mål. Daniel spelte høgreving frå start, men blei satt fram som spiss etter pausen. Inn kom Kjell Alfred Otterlei på høgrekanten.
-"Kun i kampens første kvarter, og etter hver redusering, maktet Bergsøy-laget å komme høyt nok på banen til å skape særlig med offensive situasjoner. For Langevåg presset et ganske puslete Bergsøy-lag bakover."

(Sunnmørsposten ved Jostein Håland)
Jostein Håland har nok rett i at fleire på Bergsøy har mer å gå på. Frå sidelinja i den andre omgangen var det litt av kvart en kunne konstantere. Preben Hestad fekk lite ballkontakt denne kampen, mens Kjell Alfred Otterlei var uheldig med endel av sine Ronaldinho-trikserier. Kjetil Paulsen sprang som alltid og forstyrra motspelarane, men hadde problemer med å finne lagkamerater som gjorde seg spelbare. JonnY Leikanger har fått trent lite dei to siste ukene, men må i likhet med Kjetil Paulsen berre fortsette å teste ut skuddfoten sin når sjansen byr seg. Gustav Pettersen skal ha god skryt for sine offansive løp i jakta på utligningsmål, på minussiden opnar dette også sjølvsagt opp for rom og kontringar til Langevåg. Mons Arne Kvalsvik ruvar godt i hodeduellane, men var tydelig skada mot slutten av kampen. Håpefulle innbyttarar måtte konstantere at det ikkje blei deira tur denne kampen.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER