Kampreferat
Pre-match omtale.
Det kan knapt bli særlig viktigare kampar enn dette så tidlig i sesongen, for både Bergsøy og Ørsta hadde fått en slitsom start. En siger ville bety mykje for begge lag i en så jamn tabell, mens et tap ville være
tungt å svelge. Ørsta hadde tapt sin siste kamp 1-0 heime mot nabo Volda, mens Bergsøy tapte 1-4 borte mot Valder. Denne kampen var også årets første på Bergsøy Stadion. Småregnet ordna både mygg og ujamn bane.
Før kampstart blei det tid for siste finplukking av gåselort, og BIL var klare til å kome igang med sin 4-4-2 formasjon. Forandringar sidan sist kamp var at Toni Sandanger var tilbake i buret, mens Arve Leine hadde kome på plass inn i midtforsvaret. Mons Arne Kvalsvik blei skyven ut på høgrebacken.
På høgrekanten hadde Kjell Alfred Otterlei fått sjansen frå start denne gongen, mens Preben Hestad og Gustav Pettersen fekk en ny sjanse på topp til å utvikle sitt gode samarbeid frå forge kamp.
Varierande 1.omgang av Bergsøy.
Bergsøy kom greit igang etter at dommaren blåste i fløyta, men Ørsta skulle stadig snike seg meir og meir inn i kampen. Hurtige og tekniske vingar på kantane var resepten til bortelaget, og både Mons Arne Kvalsvik på høgrebacken og Egzon Abazi på venstrebacken fekk problem med å halde farta til motspelarane.
Jonny Leikanger prøvde seg med et skudd tidlig i kampen, men dette forsøket endte utanfor den bortre stolpen. Det som kanskje var en av Bergsøy sine største sjansar i omgangen skjedde då Kjell Alfred Otterlei tok seg en teknisk runddans på høgrekanten og lurte av sin påpassar. Kjell Alfred fekk dermed skråe inn mot mål og prøve skuddfoten, men keeperen var med på notane.
Også Kjetil Paulsen prøvde å skru ballen imål ved et tilfelle, men keeper boksa lærkula ut til corner. Mons Arne Kvalsvik ruva høgast på en av BIL sine mest farlige cornerar, men headdinga fann ikkje nettet den gangen heller.
Det var fleire positive ting å ta med seg i starten av kampen, men etterkvart som Ørsta klarte å skru opp sitt tempo så blei Bergsøy utspelt til tider.
(Bildet: Bergsøy fekk problem med Ørsta sine kjappe spelarar.)
Dei siste 25 minutta av den første omgangen var Ørsta sine, og Bergsøy sine spelarar lot bortelaget få klamre seg fast 20 meter frå Toni Sandanger sitt mål.
Med kjappe vingspelarar og lave innlegg i bakrommet så blei det farlig kvar gong. Verre var det kanskje at Ørsta fekk ballen i returrommet og kunne starte nye angrep gang på gang.
Bortelaget var nærme mål på et lavt frispark tidlig i kampen, der en fri spelar kom aleine og fekk styre ballen mot mål. Denne varianten blei brukt også frå motsatt side litt seinare i omgangen, og dette forsøket var faktisk nærmare uttelling enn det første.
Så kom snart den første ballen i kontakt med et målnett, og det var Ørsta som skulle gi ballen dagens første nettsus. Nokre tapte duellar med manglande klarering endte i at ballen kom tilbake til en Ørstaspelar som aleine med Tony klinka til. Tony fekk nesten tak på skuddet, men ballen var nok inne ved stanga.
Ørstaspelarane jubla nokre sekund, men Bergsøy fekk medhald i at det var offside på målscoraren. Et lite varsku.
(Bildet: En Ørsting bankar ballen imål, men dette blir dømt offside.)
Litt synd var det at det var en personlig feil som skulle føre til det første baklengsmålet i kampen. Egzon Abazi må nok ta på seg sin del av skylda etter å ha blitt fratatt ballen nede på venstrebacken, og det påfølgande innlegget blei omsatt i mål av
Johnny Riise etter 37 minutter. Et skummelt tilbakespel var også nærme i å føre til et Ørstamål i denne perioda, og Bergsøy blei pressa til å gjære feil. På motsatt side såg Kjell Alfred Otterlei ut til å kunne få en målsjanse, men dempinga gikk inn til keeper.
-"Du må være sikrare når du ropar "keeper" Tony".
(Nick Sandanger instruerte sonen sin frå sidelinja.)
(Bildet: Johnny Riise får ballen inne i feltet etter et godt innlegg, og da står det 0-1.)
Så mange målsjansar til Bergsøy i slutten av omgangen var det ikkje. Det var Toni Sandanger som måtte redde nok et skudd for å halde laget inne i kampen, og
han måtte ty til ei god redning etter et skudd frå kloss hold. Bergsøy hadde problemer med å skyte ballen langt nok vekk, og fekk den stadig i retur mot seg.
Begge Ørsta sine vingar var gode den første omgangen, og Bergsøy hadde litt å rette på da dommaren blåsta av til pause.
(Bildet: Returballane var stadig skumle, og når Ørsta sine spelarar både fekk dempe og skyte godt innanfor 16-meteren så blei det farlige sjansar.)
Heva seg i 2.omgang.
Bergsøy kunne ikkje være fornøgde med den første omgangen, og det skulle bli meir å glede seg over etter pausen. Viktig for laget var det å kome raskt tilbake, og allereie etter 48 minutt var det klart for 1-1 etter at Preben Hestad
kom seg i scåringsposisjon. Preben er kjent for sin målteft og er spelaren dei fleste ville sjå i denne posisjonen aleine med keeper, og Preben skuffa ikkje da han utførte en fin chipp inn i buret.
Likevel må en ikkje kvile og tru at det skal være enkelt å ta poeng mot Ørsta, og allereie etter 52 minutt var Ørsta igjen oppe i ledelsen. Pål Arne Aam utnytta en feil i Bergsøy sitt forsvar, og nok en gang burde BIL vore meir kyniske og dunka ballen langt bort istadenfor å pirke.
(Bildet: Preben Hestad får endelig den gode stikkballen igjennom, og aleine med keeper tok han en fin chipp imål til 1-1.)
Bergsøy fekk en psykisk knekk da Valder scåra mål i sist seriekamp, men Bergsøy sto på vidare etter at Ørsta gikk opp i en 2-1 ledelse. Godt er det å ha midtbanespelarar med gode skuddbein, og det er lenge imellom kvar gong publikum på Bergsøy Stadion får sjå
ei slik kule som Jonny Leikanger sente ivei etter 55 minutt. Som speeker Kjetil Goksøyr hinta frampå så var det inga bombe at skuddet kom ifrå venstreslegga til Jonny Leikanger, for slike mål har han scåra før. I en treningskamp i vinter mot Hareid foreksempel.
Frå 20-24 meter var det ingen tvil da Jonny fekk nok tid til å lada kanona i en posisjon midt foran mål, og det knallharde skotet duppa rett inn i krysset utagbart for keeper.
En prestasjon verdt poeng på børsen aleine.
(Bildet: Ørsta sin keeper kunne ikkje gjære stort anna enn å stirre på ballen då den fauk i krysset til 2-2.)
Spenninga var no til å ta og føle på. Skulle Ørsta eller Bergsøy slå til først for å få det viktige 3-2 målet?
Kunne Bergsøy klare å snu kampen til sin fordel? Et gult kort til Terje Teige blei notert, trulig blei han straffa fordi han var nærme kort i den første omgangen.
Så skulle jubelen kome etter 65 minutt, og dette skjedde på grunn av Magne Havnen og Gustav Pettersen. Magne Havnen var muligens en av dei som var uheldige på 1-2 målet, men kunne hevne seg med ei fin forsering og en flott stikkar gjennom til løpsvillige Gustav Pettersen.
Gustav gikk på stadige løp kampen igjennom, og i likhet med spissmakker Preben Hestad så skulle Gustav sette sin målsjanse då den kom.
Keeper prøvde å kome først på ballen, men Gustav rakk den først. Med en utspelt keeper og fortvilte forsvararar ute av posisjon så kunne Gustav sette ballen rolig imål til Bergsøyledelse.
(Bildet: Gustav passerer keeper og skal snart sette ballen imål til 3-2.)
Det var en fin nærve i kampen, og på stillinga 3-2 til Bergsøy så opna det seg opp. 3 bytter blei gjort av Bergsøy denne kampen; Magne Havnen inn etter pausen på venstreback, Daniel Hatløy inn for Kjell Alfred Otterlei, og Frantz Frantzen inn for Steffen Moltu.
Dei to sistnemnte skulle finne kvarandre for å skape en fin sjanse til å øke til 4-2. Daniel hadde ballen på høgrekanten og la fint inn til hodespesialist Frantz Frantzen, men frå kort hald gikk headdinga desverre rett på keeper. Frantz hadde også et godt skuddforsøk som gikk like utanfor stolpen etter innhoppet sitt.
Dei siste 10 minutta av kampen skulle imidlertid ikkje by på så mange sjansar til heimelaget, og Ørsta pøste på frammover i håp om ei redusering.
(Bildet: Frantz Frantzen med stor sjanse til å øke ledelsen.)
Bergsøy i motgang.
Igjen såg det til tider ut som spelet den første omgangen, og Bergsøy klarte berre sporadisk å halde på ballen før Ørsta kom på nye angrep.
Ei mislykka klarering inne i feltet førte til et skudd som gikk såvidt utanfor Tony sin venstre stolpe. Et mål låg i lufta idet Ørsta pressa på, men
Bergsøy såg ut til å kunne ri stormen av - og ei flott redning av Toni Sandanger blei vist fram i sluttminutta. Dommaren ville imidlertid ikkje blåse av kampen heilt ennå,
og Ørsta kom stadig nærmare. En kjempesjanse blei spolert av Ørsta idet et hardt duppande skudd small i tverrleggaren, og returen gikk også til en Ørstaspelar som nok knapt visste at han headda ballen rett i bakken.
En ny stor sjanse til bortelaget kom også etter en miss av Toni inne i feltet, men som ved et under så blei også denne sjansen avverga før ballen låg i nettet.
Likevel klarte altså ikkje BIL å halde heilt inn, og 3-4 minutt på overtid kom målet som ikkje skulle kome. Bergsøy hadde faktisk ballen oppe i angrep, men en Ørstaforsvarar snappa ballen og starta nok et kjapt angrep.
Hallgeir Aam dribla rundt med fleire spelarar før han sente ballen lavt i målet, og Bergsøy fekk knapt fått igang avsparket før dommaren blåsta av kampen.
(Bildet: Ingen stor glede over 1 poeng etter kampen.)
En slags oppsummering.
Toni Sandanger i buret kan ikkje lastast for nokon av måla, og hadde i tillegg nokre flotte redningar. Kommentaren som står tidligare i stykket kom etter delvis ufarlige 2 situasjonar der forsvaret heller valgte å klarere framfor å
late ballen gå inn til keeper. Forsvaret fekk sine problem med Ørsta sine hurtige og tekniske spelarar, og bortelaget var smarte som brukte bakken mykje mot BIL sin overlegne hodesterke forsvarfirar. I samtale med anonym blei det denna gang vurdert til at Terje Teige skal få prisen som Bergøsys beste. Terje fekk fin veiledning av den meir rutinerte kjempen Arve Leine i forsvaret, og samarbeidet var bra.
Mons Arne Kvalsvik var slett ikkje dårlig, og ruva godt i alle hodeduellar.
På midtbana kom ikkje Steffen Moltu til sin rett denne gangen, og var også skuffa over eigen prestasjon etter kampen. Steffen Moltu og Jonny Leikanger skifta posisjonar etter pausen, som i sist kamp, og denne gangen virka byttet å være positivt for laget.
Kjetil Paulsen viste seg fram glimtvis, og er en viktig terrier sentralt på midtbana. Kjell Alfred Otterlei var positiv i denne kampen, og var flinkare med å drible meir i dei rette posisjonane enn i sine tidligare kampar iår.
Positivt for laget er at spissparet no ser ut til å scåre mål, og en ekstra pluss til løpsviljen til Gustav Pettersen som også måtte ned på vingen og jobbe seint i kampen.
Som alltid må terningkasta takast med en klype salt..
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp