Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Marginane på BIL si side

Kampreferat 2006:

Bergsøy - Volda 3-1 (1-1)



Gustav Pettersen 2, Kjetil Paulsen


Fredag den 26.mai 2006 - Bergsøy Stadion


Øyvind Paulsen, Frantz Frantzen


Jan Lund,



90 tillskuere


: Gustav Pettersen. : 3; Terje Teige. 2; Gustav Pettersen



Kampreferat


Pre-match omtale.

Etter 5 kampar og 1 poeng så var Bergsøy et lite hakk bak skjema med tanke på årets serieopning. Volda på si side hadde hatt ei variabel serieopning, med 1 siger, 3 uavgjorte og 1 tap. Tapet til Volda kom i siste serierunde og var en skikkelig skrell - Hareid slo Volda med 7-0 inne i Volda. For Bergsøy sin del var dette den andre heimekampen på rad, og laget burde vinne denne for å kome i bedre kontakt med dei andre laga på tabellen. Et tap ville være dårlig for sjølvtilliten. Flott vær med sol og greit publikumsoppmøte burde være motivasjon nok til å få igang finspelet, sjølv om grasbana nok har sett bedre dagar. Litt forandringar var det også i stallen til denne kampen. Arve Leine kunne ikkje delta, og Steffen Kvalsund var ute med ribbebeins-brudd. Preben Hestad hadde vore sjuk, men var med.

Volda best igang.

Bergsøy kom treigt igang, og Volda var klart farligast etter avspark. Toni Sandanger måtte ned og fange opp en skummel ball tidlig i kampen, og det skulle kome både fleire og vanskeligare oppgaver for Toni etterkvart. Så lenge skulle vi ikkje vente før den neste Voldasjansen kom, og en voldaspelar fekk en god mulighet til å gi bortelaget ledelsen frå 5 meters avstand (bilde: "ny voldasjanse"), men sjansen blei avverga i siste sekund. Toni måtte også lengre ut i feltet for å avverge store sjansar til Volda (bilde: "enda en sjanse"), og Bergsøy levde farlig i denne perioda.


(Bildet: Volda var bedre enn Bergsøy i starten av kampen, og var mest på hugget.)

Det var ikkje så mykje Bergsøy klarte å få til frammover, men Mons Arne Kvalsvik prøvde seg på ei headding litt ut i omgangen. Den headdinga gjekk utanfor. Øyvind Paulsen får så sitt første gule kort på A-lags nivå i sin første A-kamp frå start, og dommaren gjorde nok rett i å dømme kort på den tacklinga. Pasningane til Bergsøy sat ikkje heilt slik dei skulle i starten av kampen, og også innlegg gjekk bak mål. Terje Teige hadde ei fin headding tilbake til keeper, Mons Arne Kvalsvik (med mørkt hår for dagen) hadde fleire gode klareringar, mens Magne Havnen nok hadde dagens første virkelige positive Bergsøyløp. Magne dribla seg oppover frå sin venstrebackposisjon, og skulle tilslutt få seg et frispark. Slike initiativ kunne gjerne også fleire kome med.


(Bildet: Kjell Alfred Otterlei starta på høgrekanten.)

Fotball er ikkje alltid rettferdig, men i starten av kampen må en seie at det var det beste laget som tross alt skulle gå opp i ledelsen. Kim Bjørge fekk kome først på ballen inne i feltet, og et lite akrobatisk hælspark skulle sende ballen inn til 0-1. Målet kom ikkje som et sjokk med tanke på spel og sjansar. Sjølv etter målet var det Volda som var friskast ei stund, og Toni blei seinare observert i full strekk på et skudd som flaug til side for mål.


(Bildet: Volda's Kim Bjørge hælar snart ballen imål med høgrefoten, og 1-0 til Volda.)

Det var lite som skulle tyde på at Bergsøy skulle kome tilbake før pause, for sjansane som blei produserte var ikkje all verden. Preben Hestad forserte sidelengs en gang og prøvde høgreslegga, men det blei ingen heilklaff den gangen. Gustav var på gode løp og gjorde Voldaforsvaret usikre enkelte gangar, men det var først etter 40 minutt at Bergsøy skulle få fram en jubel. Gustav prøvde slegga, og kunne knapt truffe bedre. Ballen gikk flott inn via stolpen heilt oppe i det venstre krysset, og dermed hadde publikum fått sett nok et drøymemål - slik dei gjorde det i sist heimekamp. Mons Arne Kvalsvik påpeikte etter kampen at ballen stussa via skuldra hans før den endte i nettet, noko som nok ville ført til at Mons hadde blitt kreditert målet i foreksempel Premier League. Så ondskapsfulle er ikkje vi, og Gustav skal ha full ære for målet.

Volda best også etter pause.

Volda følte nok ikkje at det var heilt rettferdig at laga skulle gå til pause med stillinga 1-1, og dei virka ivrige på å få fiksa på resultatet etter pausen. Dei første 25 minutta av den andre omgangen må seiast å være ei slags enveiskjøring mot Bergsøy sitt mål. Gang på gang kom Volda til farlige sjansar, og det virka berre å være et tidsspørsmål før bortelaget skulle finne opninga. Også tverrleggaren måtte være med på å redde Bergsøy, og det er skremande nok noko som ser ut til å skje i kvar heimekamp. Toni Sandanger fekk litt av kvart å forhindre, både med bein og armar. Ei fin beinparade (bilde: "Volda igjen") holdt også BIL inne i kampen. Med ei Voldascoring på dette tidspunktet i matchen så har vi vanskelig for å tru at Bergsøy hadde kome tilbake.


(Bildet: Gustav Pettersen jobbar og slit på topp.)

Det tok faktisk 15 minutt før Bergsøy i det heile klarte å nærme seg målet til Volda. Et langskudd blei kontrollert over av Volda sin keeper. Det var heilt klart et lite ran at det var Bergsøy som skulle gå opp til 2-1 etter 72 minutter, og nok en gang var Gustav Pettersen sentral. Det lukta litt offside i forkant av målet, om ballen da ikkje hadde kome frå en motspelar, men uansett hadde Gustav fortsatt nok å gjære før han kunne kome til scoringsposisjon. Krigarvilja gjorde at Gustav smatt seg mellom to av Volda sine forsvararar, og vidare fekk han avslutta under Volda sin keeper. Der og då forsvann den midlertidige tittelen "poengdeling i sløv kamp", som ei stund såg ut til å være reell.
-"Etter Gustav si scoring på 1-1 fekk vi ei vitamininnsprøyting, og eg syntes alle spelarane jobba godt idag"

(Trenar Svein Haukås)



(Bildet: Vips er Gustav i scoringsposisjon, og dermed står det 2-1.)

Ti minutter etter at Gustav hadde gitt Bergsøy ledelsen med 2-1, så var det klart for 3-1 til heimelaget. Dommaren hadde gitt et frispark frå 25 meter etter at fordelen hadde forsvunne då Jonny ikkje rakk fram på et gjennomspel. Korleis Kjetil Paulsen lukta mål-lukta frå den posisjonen er noko usikkert, men skuddet endte iallefall inn i nota. Volda sin keeper skal også ha sin del av æra ved denne anledninga, og han gløymte å ta ballen då den gjekk under kroppen. Ineffektive Volda møtte no veggen mot et veldig effektivt Bergsøylag. Dette skulle være dagen då marginane var på BIL si side.


(Bildet: Kjetil Paulsen sitt frispark frå 25 meter går under keeper og inn til 3-1.)

Sjølvtillit har mykje å seie når en kjempar i bunnen av tabellen. Volda som lenge var best skulle miste på enkle mottak straks dei låg under, og Bergsøy som nesten frå intet var oppe i 3-1 hadde fått meir krefter. Likevel var ikkje Volda ufarlige, og Toni Sandanger måtte i sluttminutta trå til med ei ny klasseredning. Frantz Frantzen, som etter 67 minutter hadde erstatta Preben Hestad, sto ei stund lenge ved cornerflagget og skjerma ballen. Denne kampen skulle Bergsøy ikkje tape i sluttminutta. Like etterpå fekk samme Frantzen gult kort for ei litt klønette felling av en voldaspelar bakfrå. Gleda var stor da dommaren blåste av for årets første 3poengar.
-"Vi følger godt med i banespelet, men igjen vart vi felt av personlige feil"

(Volda sin kaptein Knut Arne Grimstad)



(Bildet: Dagens jubelbilde. Kjetil og Jørn koser seg, mens Gustav får gratulasjon midt i bildet.)



En slags oppsummering.

Det var ujamt det som blei prestert denne gangen, og dei tre poenga sat veldig langt inne. Gustav Pettersen var lagets klart beste spelar, og har noko overraskane jobba seg til tittelen notorisk målscårar. Det oste av sjølvtillit når Gustav fekk ballen, og han var ikkje redd for å utfordre volda sine forsvararar. Kjetil Paulsen var den beste spelaren på midtbana, mens Terje Teige og Mons Arne Kvalsvik var ruvande, kontante og kyniske i forsvaret. Toni Sandanger skal også ha sin del av æra for at det ikkje blei fleire baklengsmål. Steffen Moltu, Kjell Alfred Otterlei, Jonny Leikanger og Preben Hestad blei alle for lite involverte, og klarte ikkje å prege kampen. Jonny kom bedre til sin rett meir sentralt på bana, mens dei tre andre blei utbytta underveis i kampen. Volda si heimesida talte 14-4 i målsjansar til Volda, og vi klarer ikkje å protestere på den statistikken. Berre tidlig i 2.omgang talte vi 6-7 svære sjansar til Volda, så Bergsøy har all grunn til å være fornøgde med 3-1.


(Bildet: Dei tre beste spelarane på Bergsøy denne gangen. Bestemann og tomålsscorar Gustav, målscårar Kjetil, og redningsmann Toni.)




Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER