Kampreferat
Pre-match omtale.
Bergsøy hadde tapt stort borte mot Hødd2 sist runde, og hadde nok en vis revansjefølelse heime mot Sykkylven. Sykkylven har skuffa hittil iår, og sto før kampen med berre en siger (samme som Bergsøy).
Det var dermed en slags 6poengskamp, der taparen ville ligge nede i botnen mens vinnaren ville være over dagens motstandar på tabellen.
Bergsøy kunne stille et skadefritt mannskap, og kom til kampen med følgande tropp:
Toni Sandanger, Kim Vågeskar, Mons Arne Kvalsvik, Arve leine, Terje Teige, Egzon Abazi, Daniel Hatløy, Kjetil Paulsen, Jonny Leikanger, Steffen Moltu, Steffen Kvalsund, Gustav Pettersen, Preben Hestad, Magne Havnen, Kjell-Alfred Otterlei, Bjørnar Gundersen og Jørn Kvalsvik
Drøymeopning av Bergsøy.
Sant nok var det Sykkylven som hadde det første angrepet i kampen, men det var Bergsøy som skulle få den åpninga alle lag håper på.
Berre 9 minutt var passert da skuddbeinet til Jonny Leikanger sende ivei et skudd som gjekk via en spelar. Sykkylven sin keeper var på vei til det andre hjørnet da ballen trilla inn i mål nede ved den høgre stolpen.
Preben var nære på å øke ledelsen ei stund seinare etter fint spel av Bergsøy. En lang ball over til Steffen Moltu på venstrekanten, og et presist innlegg inn i feltet til Preben. Den påfølgande headdinga var god, men det var også redninga til Sykkylven sin keeper.
(Bildet: Preben Hestad headdar bra, men ei flott redning av Sykkylven sin keeper hindrar 2-0.)
En skulle nesten tru at Bergsøy si langskudd-kvote med flotte mål var oppbrukt for sesongen, men Kjetil Paulsen sitt skuddbein ville også vise seg fram. 19 minutt ut i kampen lot Kjetil høgreslegga få svinge seg, og ballen gikk i en flott bue rett inn i det høgre hjørnet av målet.
Det var litt sløvt spel tidlig i kampen, men måla gjorde at Bergsøy kvikkna til nokre hakk. Daniel Hatløy var en av dei bedre spelarane med sitt spel på høgreflanken,
og Gustav Pettersen var også aggressiv slik vi kjenner han. Gustav spelte også fram spissmakker Preben Hestad til en fin sjanse, men Preben blei tackla i skuddøyeblikket.
Den tredje og siste sjansen til Preben som vi noterte ned denne kampen kom mot slutten av den første omgangen, men skuddet endte svakt inn til keeper. Det beste i den situasjonen hadde nok vore å utfordra den siste forsvararen.
(Bildet: Gustav Pettersen har spelt fri Preben Hestad, men Preben rakk ikkje å skyte før han blei tackla.)
Andre sjansar til laga.
Jonny hadde smaken av mål i munnen etter si 1-0 scåring, og prøvde seg på fleire skudd.
Et knallhardt skudd av Jonny et stykke ut i den første omgangen overraska nok keeper like mykje som det gledde publikum, men returen blei det ingenting ut av. Det blei det heller ikkje av dei fleire frisparksituasjonane Bergsøy hadde før pause.
Kjetil tok ett eller to frispark uten god adresse, og også Arve Leine utførte en for høg dalar inn til keeper på et frisparkforsøk. Derimot såg en at Sykkylven var giftigare på sine frispark.
Sykkylven var ikkje ufarlige, og spessielt rett etter Bergsøy si 1-0 scåring lukta vi ei utligning (bilde; "stor sjanse"). Toni Sandanger virka utspelt, og angriparen såg ut til å berre kunne trille ballen i mål - men Terje Teige kom på ballen først.
(Bildet: Arve Leine er oppe på sida og stressar Sykkylven sine spelarar.)
Etter 26 minutt kom målet som vi håpte vi skulle unngå å sjå. Damien Cruz var sistemann på ballen før den gikk inn i nettet, og både Mons Arne Kvalsvik og Toni Sandanger blei liggande på bakken i frustrasjon.
Målet virka å kome litt for lettkjøpt, men det var ikkje så lett å sjå frå motsatt side av bana. Bergsøy styrte kampen og hadde det artig ei viss periode før dette målet, og en kan ikkje seie at Sykkylven var så mykje farligare etter målet heller.
Bergsøy var hakket bedre enn bortelaget før pause, men det blei ei ekstra nerve i kampen etter at Sykkylven kom målet nærmare Bergsøy. Oppe på tribuna var det også heller få som hadde møtt opp for å heie fram laget sitt, og fotball-VM i Tyskland må ta sin del av skylda for det.
(Bildet: Dette bildet viser en farlig sjanse til Sykkylven, og Bergsøy kunne raskt blitt straffa etter at dei tillot Sykkylven sin spelar å legge til rette for volleyskudd inne i 16-meteren..)
-"2-1 til pause og då syns eg vi hadde kampen, men vi rotar det til altså. Det eine målet meinar eg er heilt feil, det var ikkje frispark. Men det er feila vi gjer, vi slepp inn tre mål på heimebane, og då kan vi ikkje ta så mykje poeng. Der er noko som er vanskelig å sette fingeren på. Spelarane slit og jobbar så godt dei kan, men
det er ikkje flyt i spelet. I fyrste omgang var det meir fotball, mens i andre omgang blei det meir dunking. Enkelte spelarar er også litt "av og på". Daniel var nauta god i første omgang, men melder seg litt ut i andre omgang. Terje Teige spelte en bra kamp, men det var vel ingen som spelte dårlig heller. Vi he monge gode fotballspelarar, men likevel er vi for ustabile. På sistemålet burde forsvaret tatt ut meir dybde når det kom ei longpasning."
(Trenar Svein Haukås)
Den andre omgangen.
Etter sidebytte endra kampen karakter, men likevel var det nokre positive glimt i starten av omgangen. Bergsøy holdt ballen oppe i angrep etter fleire trekk, og satte på den måten Sykkylven under press.
Desverre var det siste gangen vi fekk sjå Bergsøy gjere dette denne kampen, og utover resten av omgangen sleit laget med noko av det laget har hatt problem med i dei tidligare kampane. Samhandling mellom lagdelane.
Kome seg høgt nok opp på bana. Unngå å slå frå seg ballen unødig. Frå sida kunne det virke som at laget starta å dele seg opp, og straks spelarane ikkje finn pasningsalternativ bakfrå så kjem den lange ballen opp mot spissane.
Dette blei enkel mat for Sykkylven sitt forsvar, og resultatet vart at midtbana til Bergsøy blei springande imellom. Det blei meir og meir sjelden å sjå BIL sine midtbanespelarar oppe i pasningskontakt med spissane, og dermed får også spissane ei utakknemlig oppgave med å prøve å kome seg til målsjansar delvis åleine.
(Bildet: 1.omgang: Sykkylven fekk frispark høgt oppe på bana, men Eivind Fet var ikkje presis denne gangen.)
Gustav Pettersen er lett i beina for tida, og han hadde også friska opp hårfrisyren til kampen. Litt ufrivillig måtte han også få seg bandasje på hovudet etter et kutt tidlig i kampen.
Men dette stoppa ikkje Gustav, og med ball i beina tok han fine initiativ. Et godt skuddforsøk av Gustav gikk i en motspelar før ballen endte opp på nettaket, ikkje langt ifrå mål. Et anna skudd frå Gustav gjekk rett i klypane på bortekeeperen.
Alt i alt var det likevel en sjansefattig omgang. Tempoet hadde dala etter sidebyttet. Bergsøy virka å bli tyngre og tyngre.
(Bildet: 1.omg: Bergsøy sine frispark gjekk somregel over eller inn til keeper.)
Bergsøy er i motgang, og det viste seg også på måten Sykkylven fekk si 2-2 utligning på. Steffen Moltu hadde ballen og var på vei opp på bana, men blei hindra av en Sykkylvenspelar.
Linjedommaren var derimot ueinig og dømte frispark til Sykkylven. Bergsøybenken forsto lite av den avgjerdsla. Ganske typisk er det då at det kjem et avgjærande mål ut av situasjonen.
Frisparket blei sendt inn og over mølja av spelarane i feltet, og idet ballen passerte dei mange hoppande spelarane så rakk heller ikkje keeper Kim Vågeskar å reagere før ballen låg i nettet.
Kim og Toni sto kvar sin omgang denne kampen, et trekk som var planlagt på forhånd. Svein Haukås har tre keeperar å velge mellom, og har et visst luksusproblem på denne posisjonen.
(Bildet: Svein Haukås fekk en sinna linjedommar etter seg.)
Etter at Sykkylven hadde kome tilbake med si 2-2 scåring så oppsto det et visst stopp i spelet. Svein Haukås og Egzon Abazi var to som uttrykte sin misnøye med at Sykkylven fekk frisparket som førte til målet.
Egzon fekk gult kort av dommaren, mens Haukås fekk en liten reprimande av linjedommaren. Dommaren viste liten interesse i kva Haukås hadde sagt, og roa heller ned sin eigen linjedommar.
Bergsøyspelarane var ikkje heilt fornøgd med dømminga i den andre omgangen, men det var heller ikkje berre dommaren som skal ha skyld i at Bergsøy slepp inn mål. Også mot Ørsta rakna det utover i kampen for Bergsøy.
Likhetstrekka til den kampen er ikkje uvesentlige, og Bergsøy mista for raskt ballen på vei frammover.
(Bildet: Så nærme. Steffen Moltu timar opphoppet glimrande, men headdinga blir redda på streken.)
Bildet ovanfor viser derimot at Bergsøy ikkje var heilt utan sting, og Steffen Moltu si headding blei redda på strek. Men så, i det 72 speleminuttet, kom den berømte spikeren. Petter Lyshol Jr får rom og tid til å springe aleine mot Kim Vågeskar i Bergsøy sitt bur, og spissen rundar Kim med ei lita finte. Et lite sekund kunne det virke som at en Bergsøyforsvarar på vei tilbake til egen strek kunne klare å forhindre mål ettersom Petter
Lyshol Jr førte ballen skrått på vei frå mål, men avsluttninga gikk så perfekt oppe i det lengste krysset som den kunne være. Et fint mål av spissen, men sett frå Bergsøy si side så var det ei for enkel gjennomløpning.
Det var ikkje særlige målsjansar til Sykkylven etter dette, men heller ikkje Bergsøy klarte å få nok folk framfor ballen til å skape særlig. Steffen Kvalsund kom innpå siste kvarteret for Gustav Pettersen, men var ikkje så heldig i sine første innvolveringar.
Likevel var det nok Steffen som mot slutten av kampen skulle drible seg fram til lagets siste store sjanse. Skrått på mål fann han derimot ingen ledige lagkameratar, og dermed endte sjansen i et skudd som gikk i kroppen på keeperen.
(Bildet: 1.omg: 2 Bergsøyspelarar samarbeidar i en luftduell mot en Sykkylven-spelar. Inne i feltet har en annan spelar frå Sykkylven et stålgrep rundt kroppen til Preben Hestad..)
Ei slags oppsummering.
Det er hverken smart, lett eller rett å kritisere enkeltspelarar etter nok en skuffande prestasjon. Enkelte veit nok sjølv at dei har meir å gå på, men jamt over var det ikkje så mange som stakk seg ut frå flokken heller.
Kjetil og Jonny fekk vist fram sine dødelige skuddbein, og dette våpenet til Bergsøy er noko som ikkje må kastast bort. Kjetil og Jonny bør kome til skuddposisjonar så ofte som dei orkar, men aleine sentralt på midtbana så blir romma å fylle så store at
kreftene umulig kan strekke gjennom en heil kamp 100%. Det spørs om ikkje en defansivt ballfordelande John Barnes på midtbana mellom Kjetil og Jonny kunne skapt større balanse i laget både defansivt og offansivt, men en John Barnes er nok vanskelig å oppdrive.
Daniel var god den første omgangen, og Terje Teige kom også greit ifrå kampen. Steffen Moltu virkar å være noko tung i beina. Også Preben Hestad er litt ifrå den fine forma frå vinterkampane, men med sjukdom ute av kroppen så håpar vi det løyser seg snart.
Det er iallfall ingen anna ting som hjelp enn å stå på vidare. Til neste helg er det en tøff bortekamp mot Ålesund2 som ventar.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp