Kampreferat
Pre-match omtale.
Det var Fotball-VM i Tyskland og Maritime Dagar i Fosnavåg, men Bergsøy skulle til Color Line Stadion for å møte Ålesund sine nest beste. Med dei øvste divisjonane ute i fotballferie så betydde
det at Ålesund sitt lag nok ville være av det yngre slaget, og det skulle vise seg at det var heller få av dei kjente namna som skulle stille på Aafk sitt lag. Kampen i seg sjølv var nok en viktig kamp for Bergsøy som slit i feil ende av tabellen,
og det var håpa å få med seg nokre verdifulle poeng. Bergsøy hadde nesten full tropp å velge mellom, men Arve Kvalsvik og Daniel Hatløy var uaktuelle grunna jobb og reise denne gangen.
-"Vi vinner fullt fortjent. Vi har eit ungt lag, og avslutter kampen med to guttespillere. Vi hadde trua
på seier før kampen, og det er supert at vi klarer det."
(Christian Simonsen - Aafk's JR-trenar og banens beste)
(Bildet: Full musikk, og laga på vei ut på bana.)
Den første omgangen.
Det var heller lite spennande framfor begge mål som skjedde den første omgangen, men det var likevel nokre forsøk begge veiar. Heilt i starten var Toni Sandanger i aksjon på et innlegg, men resten av omgangen var det lite heimelaget klarte å stresse Bergsøykeeperen med.
Ålesund hadde nokre hurtige karar og klarte nokre gongar å kome rundt på kantane, men angrepa stoppa opp i den siste avgjerande fasa. En litt tilfeldig sjanse kom et godt stykke ut i omgangen då en Aafk-spelar sleiva på et volleyskudd og som blei en fin lobb over Arve Leine, men det påfølgande skuddet var heller ikkje godt nok til å medføre nettsus.
Men tilbake til starten, og Bergsøy sin første målsjanse kom etter ei 7-8 minutt. Gustav Pettersen var løpsvillig som alltid og gjekk i bakrommet, og det skulle ende med en hard kollisjon med keeper. Kven som var først på ballen var ikkje lett å sjå, men begge spelarane blei liggande nede.
Begge kom seg også på beina igjen, men det tok ikkje lenge før Gustav kjente at alt ikkje var som det skulle. I det 11.minuttet var det dermed klart for det første spelarbyttet for dagen, og Steffen Kvalsund blei satt inn som spiss.
(Bildet: Gustav får smellen i duell med keeper, og blir liggande nede.)
Ålesund 2 hadde nok ballen mest den første omgangen, men Bergsøy løyste dei defansive oppgavene på en fin måte. Nokre slurv kan pirkast på, men det blei ingen store sjansar til heimelaget.
Den største sjansen til Bergsøy i omgangen kom etter at Steffen Moltu forserte innover 16-meteren frå sin venstrekantposisjon. Moltu la ballen 45 grader utover i feltet, men Kjell Alfred Otterlei måtte konsentrere seg like mykje om å vinne ballen som å skyte den mot mål - og skuddet endte utanfor frå 16 meter.
Seinare blei det prøvd et veggspel mellom Steffen Kvalsund og Preben Hestad, men Kvalsund blei smart skjerma vekk i den situasjonen. Preben snappa også ballen engang etter nonchalant forsvarsspel av Ålesund, men denne overgangen endte tilslutt med en corner til Bergsøy etter et klarert innlegg.
Det var ikkje så mykje å seie på at stillinga var 0-0 til pausen, med to lag som var gode bakover.
-"En god og jamn kamp av to velspelande lag. Jeg er fornøgd med innsatsen, og det var bittert å tape på slutten.."
(Trenar Svein Haukås)
(Bildet: Kjetil klarte å spele med smerter i den første omgangen.)
Den andre omgangen.
Kjetil Paulsen måtte gi seg da kampen var halvspelt, grunnen var ei vond stempling som ikkje såg ut til å sleppe taket. Dette medførte visse justeringar av laget til den andre omgangen. Frantz Frantzen blei satt inn som spiss, mens Steffen Kvalsund gjekk ned på venstrekanten. Steffen Moltu gikk inn på den sentrale midtbaneposisjonen.
Det skulle bli fleire målsjansar etter pause. Bergsøy har iår hatt en lei tendens til å sleppe inn endel baklengsmål, men med god samhandling i press og bra kjemping defansivt gjorde at laget hadde ei fin kollektiv samhandling.
Ålesund sine lag på Color Line Stadion er kjent for å være flinke til å rulle opp på sidene og skape fleirtall mot backane, men god jobbing av Bergsøy gjorde at det var få gangar Ålesund sine kantspelarar fekk gode innleggssjansar.
Det virka som at spelarane var godt på hugget for å halde nullen bakover denne gangen, og en såg ikkje at lagdelane blei spredd utover bana slik en har sett i tidligare kampar utover i 2.omgang.
Å ligge litt bakpå, være kyniske, for så å satse på kontringar virka å være en smart taktikk. Sjansane til å få mål skulle også kome.
(Bildet: Kriging på midtbana.)
Toni Sandanger hadde en god omgang i målet etter pausen, og sjølv om det ikkje var mange avsluttningar mot mål så var han konsentrert da skudda kom. En Ålesundspelar kom også heilt igjennom, men Toni redda fint.
Mot slutten av kampen hadde han også både en og to gode redningar, men Bergsøy var like farlige på motsatt banehalvdel. Lagets første store sjanse i kampen kom til Steffen Kvalsund etter at Aafk's keeper fumla ballen ut av hanskane sine ute på 16-meteren.
Kvalsund burde nok gitt seg bedre tid enn å skyte et raskt skudd med høgrefoten, og ballen gikk over tverrleggaren på den store sjansen.
En annan stor sjanse skulle kome litt seinare i omgangen då ballen kom trillande på bakerste stolpe mot en fri Frantz Frantzen, men i forsøket på å få god kraft bak skuddet så blei desverre ballen berre såvidt sneia før den trilla vidare.
Også Preben Hestad skulle få en sjanse til å få hol på byllen, men headdinga frå kort hold blei godt hindra av keeperen.
Utanom desse tre gode sjansane så var det mest langskudd Bergsøy kunne kome med, og Jonny Leikanger sitt gode forsøk gjorde at keeper Grytebust måtte finne fram ei fin beinparade for å halde målet reint.
Også Kjell Alfred prøvde skuddfoten frå distanse i løpet av omgangen, men klarte ikkje heilt å stille inn siktet på mål. Det kunne dermed virke som at kampen skulle ende med poengdeling, men Bergsøy har tydeligvis ikkje med seg flaksen for tida.
Kampar varer ofte over 90 minutt, og to-tre minutt på overtid kom målet som skulle gjære at Bergsøy måtte reise heim med lite anna en frustrasjon i sekken.
Et innlegg frå kanten endte i en hodeduell i midtforsvaret, og ballen skulle ende ned i feltet midt foran målet. Dei fire nærmaste situasjonen, Arve Leine, Toni Sandanger og to Ålesundspelarar slengte seg alle mot ballen. Med stor vilje, og med knottane først, var det
Ole Thomas Kulseth som skulle sende ballen opp i nettaket. Protestar for farlig spel blei avvist, og Bergsøy klarte ikkje å kome til scoringsposisjon igjen før kampen var over.
Ei slags oppsummering.
Det blei delt ut to gule kort til Bergsøy, og Magne Havnen fekk sitt andre for sesongen etter ei tackling. Jonny Leikanger skulle få BIL sitt andre gule kort for dagen etter at han stilte seg opp for nærme ballen då Ålesund skulle ta et frispark. Dette kortet meinar vi var strengt, da dommaren ikkje gav nokon advarsel eller tegn på at Jonny måtte flytte seg.
Heimelaget fekk nok endel fleire frispark enn Bergsøy gjorde denne kampen, men det var på ingen måte en stygg kamp.
Bergsøy har tapt poeng også mot slutten av kampar før i denne sesongen, og det skulle desverre skje igjen. Det virka ikkje som at det var mangel på kondisjon ved dette tilfelle, slik enkelte har påpeikt kan være grunnen til kollapsar i 2.omgangane andre kampar i sesongen.
BIL var fullt på høgde spelesmessig heile kampen, og det var stor frustrasjon over at det eine poenget forsvann på overtid. Hadde Bergsøy fått mål på en av sine sjansar så ville trulig Bergsøy også vunne kampen, da det første målet
har mykje å seie for kampforløpet. Det var god jobbing denne kampen, og forsvaret med Toni Sandanger bakerst hadde fint samarbeid. Terje Teige og Arve Leine spelte godt sammen og var flinke med å bryte foran motspelarane. Steffen Kvalsund spelte sine første minutt som venstreving denne sesongen, og viste fram at han trivst bedre der enn på spissplassen.
Jonny Leikanger var hardtarbeidande på midtbana, og sto på kampen gjennom. Steffen Moltu blei også meir delaktig i spelet etter å ha kome inn sentralt etter pausen.
No er det fem poeng opp til sikker plass, og neste kamp må Bergsøy vinne.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp