Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












God start på sesongen

Kampreferat 2007:

Norborg - Bergsøy 2-3 (0-2)



Frank Sverre Skorpen, Anders Hoff, Daniel Hatløy


Torsdag den 19.april 2007 - Norborg grusbane


Harald Haugen


Lars Ove Sletta, Langevåg,



70 tilskuarar


: Frank Sverre Skorpen (Smell) : Paul Kåre Remøy



Kampreferat

Til minne.

Bergsøy spelte med sørgeband denne kampen. Dette til minne om dei omkomne etter den tragiske ulykka med Bourbon Dolphin, som krevde livet til 8 mann. Blant desse var skipper Oddne Arve Remøy (44) og sonen David Remøy (14) fra Nerlandsøy som hadde arbeidsuke ombord i båten. David Remøy var ein ivrig fotballsupporter, som også hadde med seg fotball ut på båten. Guttespelaren David gledde seg også stort til kunstgrasbana til Bergsøy skulle kome på plass. Ulykka med Bourbon Dolphin rysta alle, og ingen ord kan forklare den triste følelsen som pregar alle i lokalsamfunnet rundt Fosnavåg i desse tider. Våre tankar og kondolansar går til dei nærmaste pårørande. Fakta: Torsdag 12.april ved 1720-tida forliste Bourbon Dolphin utenfor Shetland. Tida og dagane etter var uoversiktlig, men det var bekrefta at fem var sakna. Seinare blei det bekrefta at Oddne Arve Remøy frå Herøy, Kjetil Rune Våge frå Ålesund og at Bjarte Grimstad frå Hareid var funnet omkomne. Dei fem som fortsatt var sakna var David Remøy frå Herøy, Frank Nygård frå Hareid, Ronny Emblem frå Ålesund, Søren Kroer frå Ørum Djurs (Danmark), og Tor Karl Sandø frå ålesund. Båten sank til 1100 meters djup søndag 15.april før slep tok igang, og diskusjon pågår anngåande eventuell heving av skipet.

-"Du ville få til denne turen med «Bourbon Dolphin» før konfirmasjonen til våren. Og du og Joachim ville på tur til Manchester til sommeren. Fotballen hadde en helt spesiell plass i Davids liv. Fotballen utfordret ham og hjalp han til å sette seg mål."

(Prest Jens Terje Johnsen i sitt minneord om David)


Pre-match omtale.

Vi såg fram til denne kampen. Ikkje berre fordi det skulle være serieopninga i en ny og utfordrande divisjon, men også fordi Norborg var ein ukjent motstandar. Sant nok så møttest Bergsøy og Norborg i innandørs-KM i 2002, noko som vi den gang omtalte så kort som dette: -"Så kom "arbeidsuhellet" mot Norborg. Vi stilte med samme lag, men tempo og innsats ble for dårlig. 1-2 tap er ikkje særlig å skryte av, og dette tiltross for en 1-0 ledelse".

Av spelarar på Bergsøy den gang er det berre Frank Sverre Skorpen og Steffen Kvalsund som er igjen i Bergsøytroppa 2007. Elles er Norborg trulig meir kjend for si gode heimeside, og vi var usikre på om spelarane sine kvaliteter kunne matche nettsida si kvalitet.

(Bildet: Laga på vei ut på bana.)


Det var et håp om at det kunne bli graskamp, men snøkave og dårlig vær gjorde sitt til at det endte opp med gruskamp inne i Uggedalen. Grusen minna litt om Huldalen, da med unntak av størrelsen. Bana var relativt kort, og oppfordra nærmast til en slags five-a-side som kanskje passa Bergsøy bra. 16-meterane strakk seg nesten ut til sidelinjene, og dermed måtte vi forvente en kamp der mykje kunne skje innanfor farlig område. Spenninga før myntkastet var også til å ta og føle på, ettersom en ekstrem vind på langs av bana ville ha sitt å seie for kamputviklinga og kamputfallet. Bergsøy slo til med gode takter allereie på myntkastet, og valgte medvinden til den første omgangen.

(Bildet: Klare til kamp.)
Før vi går vidare til sjølve kampen så kan vi fortelle om dagens Bergsøylag. Arve Kvalsvik skulle stå imål, og vann dermed keeperduellen mot Øyvind Humberset til denne første kampen. I forsvar var Vegard Sævik tilbake etter lyskeskade, sjølv om han ikkje var heilt 100% fri for smerter. Vegard gjekk inn i midtforsvaret ilag med Terje Teige, mens Paul-Kåre Remøy og Jørn Kvalsvik tok kvar sin back. På midtbana stilte Daniel Hatløy på høgre og Lars Henrik Hasund på venstre, mens Anders Hoff og Harald Haugen hadde ansvaret sentralt.

Lengre framme på bana var Frank Sverre Skorpen og Steffen Kvalsund. Magne Havnen var suspandert til denne kampen, Gustav Pettersen måtte stå over grunna operasjon av mandlane, og Bjørnar Gundersen måtte ta til takke med benken etter siste tids sjukefråvær. Laget var spent på kva en kunne forvente både av motstandaren og sitt eige lag, et Bergsøylag som enten har skifta mannskap - eller at mannskapet har skifta posisjonar på bana - til stort sett kvar kamp. Anders Hoff skulle denne gangen starte sentralt på midtbana, et spennande trekk til serieopninga, og ei utfordring som Anders takka ja til under nøye om og men ettersom den bedre halvdel sat heime med termin på samme dag som kampen.

Kampen: Første omgang.

Med medvinden i ryggen så klarte Bergsøy å halde det meste av spelet på Norborg sin banehalvdel i den første omgangen. Følelsen var iallfall at det her skulle skapast gode sjansar, og det ville også kome etterkvart. Det hadde faktisk ikkje gått mange minutter da Vegard Sævik var frammpå med ei avsluttning, og ballen blei redda på strek ved hjelp av ei flott enhåndsredning. Den reddande handa tilhørde en Norborgspelar som må seie seg heldig i at det ikkje blei blåst straffe ved den situasjonen.

Presset mot Norborg fortsatte, og heimelaget hadde problemer med å kome seg opp i bana med laget. Steffen Kvalsund fekk en god sjanse etter løp i bakrommet, men keeperen avverga lobben og fekk fista ballen ut til corner. Dette var berre en av fleire cornerar Bergsøy hadde i løpet av den første omgangen, men det var berre denne corneren som resulterte i mål. Frank Sverre Kopperstad Skorpen hadde vore nærme mål på en tidligare corner, og skulle også være nærme på en corner seinare i omgangen, men denne gangen stanga han ballen flott inn til 1-0.

(Bildet: Frank Sverre Skorpen stangar inn 1-0, og sitt første for sesongen.)


I pep-talken foran kampen hadde spelarane fått beskjed om at Norborg var både et fysisk og hardt jobbande lag som kanskje spessielt var farlige på døballar. Spelarane må ha hørt godt etter på trenar Tom Beddari sine instruksar, for Bergsøy virka bra skjerpa til kampen. Og ikkje berre det, men spelarane valgte å straffe Norborg på det som blei fortalt var Norborg sine styrker, og 2-0 målet kom på nok en godt utført døballsituasjon. Frisparket var ikkje langt utanfor 16-meteren, og alternativa til avsluttning kunne være fleire. Anders Hoff sitt berykta tilslag burde være velkjent for dei fleste, men Norborg var uforberedt på kanonkula som skulle kome. Keeperen prøvde å slenge seg etter ballen, men den flaug hardt og kontant oppe i nettaket til jubel og 2-0.

(Bildet: Bergsøy hadde god kontroll i den første omgangen.)


2-0 kan ofte være en skummel ledelse, og Bergsøy prøvde å kjøre på for fleire mål. Cornerane var stadig farlige, og Steffen Kvalsund var nærme på å styre ballen imål etter en god corner frå Daniel Hatløy. Daniel skulle også kome svært nærme ei scoring da han i ein yndlingsposisjon fekk utfordre rettvendt mot forsvaret, men avsluttninga gjekk på keeper - og returen blei avklarert.

Frank Sverre Skorpen skulle rope på ei straffe da han gjekk ned i feltet, men ingen straffespark skulle bli utdelt denne dagen. Nye møljesituasjonar inne i Norborg sitt målområde skulle heller ikkje resultere i nye mål, sjølv om det ved ett tilfelle blei ropt på at ballen var over streken. Med tanke på vindforholda og det at Bergsøy skulle oppleve motvind etter pause, så var det skuffande at det ikkje blei ordna 3-0 før sidebytte på dei sjansane som var.

(Bildet: Jørn Kvalsvik jaktar på ballen.)


Når det gjeld Norborg så blei det ikkje skapt mange sjansane. Ifølge Norborg sjølv så var det Kristoffer Søviknes som kjempa seg fram til lagets einaste sjanse før pausen, men keeper Arve Kvalsvik redda godt. Det blei for det meste berre småfarlig idet Norborg satsa frammover, og det som kom var innlegg inn i feltet etter frispark. Bergsøy laga endel frispark imot seg, og det var stort sett dette Norborg klarte å utnytte for å få ballen inn i Bergsøy sitt målområde. BIL sine forsvararar var hakket bedre i luftduellane, og alle utførte til fulle sine ordrar om å klarere så raskt som mulig.

Vi kan ta med en frisparksituasjon der Norborg fekk frispark rett utanfor spissen av 16-meteren, en situasjon der dommaren fekk det harde valget om fellinga skjedde innanfor eller utanfor streken. Det hadde vore dumt av Bergsøy å invitere Norborg inn i kampen igjen med ei straffe i den situasjonen, i en omgang som blei totalt styrt av bortelaget.

(Bildet: Duellar i den første omgangen.)


Kampen: Andre omgang.

Laget hadde gjennomført en god førsteomgang, men var samtidig klar over at kampen på langt nær var avgjort. Det var en liten indre jubel idet laget gjekk ut til den andre omgangen oppmerksomme på at vinden hadde stilna. Kanskje skulle laget sleppe å få kjempe mot naturkreftene i tillegg til et heimelag som berre tapte ein heimekamp i fjorårets serie?

Gleda over forholda varte ei stund, iallfall lenge nok til at Bergsøy fekk gå opp til 3-0 ledelse. Daniel Hatløy befann seg pluttselig aleine mot keeper, og den tekniske driblaren kom seg forbi keeper før han satte ballen imål. Det viktige 3-0 målet gjorde at Bergsøyspelarane endelig kunne starte å tenke på sigersfølelsen igjen, en følelse laget ikkje har hatt så altfor ofte dei siste 12 månadane.

(Bildet: Anders Helsem Hoff i spurt.)


Daniel Hatløy kom på nytt i avsluttningssituasjon etpar minutter seinare, men denne gangen kom keeperen i vegen. Ballen gjekk i været og dala ned mot mållinja, men der tapte Steffen Kvalsund luftduellen mot forsvararen. Ei scoring her ville nok vore spikeren i kista. Og vips så endra kampbildet seg. Vinden kom, og så kom snøkasta. For Norborg betydde dette at det blei enklare å få ballen inn i farlig område. For Bergsøy betydde blei det straks meir vanskelig å halde ballen oppe i angrep, samtidig som det var vanskelig både å sjå ballen - og ikkje minst beregne kvar den landa.

Lenge klarte Bergsøy jobben veldig bra, og frustrerte heimelaget. Norborg hadde desperate forsøk, men ballen gjekk ofte for langt og ut til utspel. Likevel er det ikkje til å legge skjul på at det blei tungt for spelarane å sjeldent få kvile med ballen. Det blei for det meste duellspel, innlegg og avklareringar. Så måtte også Frank Sverre Skorpen seie takk for seg etter en duell.

(Bildet: Frank Sverre skorpen i en duell den første omgangen.)


Så lenge Bergsøy klarte å halde Norborg frå dei farligaste sjansane så tikka klokka fint mot tre poeng, men straks den første reduseringa (Steffen Grytten) kom så fekk sjølvsagt heimelaget blod på tann. Idet en av Norborg sine angriparar like etter fekk kome aleine med Arve Kvalsvik så kunne en frykte det verste, men Arve kom sigrande ut av den duellen.

Ei ny redusering skulle imidlertid kome i det 86.minuttet, da Geir Ove Grønli fekk headde imål frå kort hald etter et innlegg frå høgre. Dette skapte sjølvsagt nokre spennande sluttminutt der Bergsøy blei ropande på dommaren om at tida var ute. Denne ropinga varte til det hadde gått fem minutt på overtid, og endelig kunne jubelen sleppast laust for trenar Tom Beddari med støtteapparat og spelarar.

(Bildet: Anders spelte ingen kampar for Bergsøy ifjor, men gjekk rett inn på midtbanen til kampen mot Norborg - og scora et flott mål.)


Kampen: Oppsummering.

-"Hadde egentlig forventa meir av Norborg"

(Høyrt sagt av en Bergsøyspelar etter kampen)
Det viktige for Bergsøy var å kome godt igang med årets 4.divisjon, og det klarte også laget ved hjelp av god innsats under vanskelige forhold. Rutinen blei viktig mot slutten, og laget klarte å halde målet reint dei siste 10 minutta av kampen. Det var jamnt over god innsats av spelarane, og ei vilje til å vinne som trengtest på en dag der det var vanskelig å få ballen til å flyte langs bakken. Det hadde vore totalt unødvendig å gi fra seg poeng i denne kampen, og det klarte laget også å unngå tross Norborg sin sluttspurt.

(Bildet: Ettersom uværet tok seg opp utover i den 2.omgangen så blei det ikkje tatt mange bilde etter pausen, men dette bildet tatt like etter sluttsignalet gjekk forklarer litt kva spelarane hadde å forholde seg til.)


Arve Kvalsvik tok ansvar som keeper, og brukte både stemme og kropp til å halde buret reint. I forsvaret gjorde alle topp innsats i en vanskelig kamp, og spelarane gjorde det rette i å klarere idet sjansen baud seg. På midtbanen blei det mykje springing fram og tilbake i 2.omgang mens ballen kanskje passerte i luftrommet over, men spelarane jobba til kampen var over og fekk belønning for strevet. Frank, Daniel og Anders fekk også sine belønningar i form av flotte mål. Mot slutten av kampen kom også Bjørnar Gundersen og Andre Lima inn for Bergsøy, mens Håvard Remøy, Øyvind Humberset, Andreas Konningen, og Thomas Voldsund var ubenytta reserver. Trenar Tom Beddari kan nok notere seg at kampen om plassane hardnar til, og til neste kamp vil nok både Gustav Pettersen og Magne Mavnen melde sine tjenester tilgjengelig igjen.

-"Skuffande nervøsitet og guts i starten av første omgang, men hadde fortent eit poeng etter ei sterk avslutning. Like surt som veret å gå av bana utan poeng"

(Spelande Norborg-trenar Kristian Søviknes til Norborg.com)
Norborg stilte dette laget: Geir Roar Gamlem, Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal (Geir Ove Grønli, 11), Stein Erik Reitan, André Larsen (Jan Even Drønnesund, 46), Kristian Søviknes, Steffen Grytten, Ole Johan Urke (Edward Laverton, 46), Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER