Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tapte ny toppkamp

Kampreferat 2007:

Stranda - Bergsøy 4-2 (2-2)



Frank Sverre Skorpen, Håvard Remøy


Fredag den 22.juni 2007 - Stranda kunstgrasbane


Andreas Konningen


Oddbjørn Aam,




: 3: Gustav Pettersen, 2: Daniel Hatløy, 1; Frank Sverre Skorpen



Kampreferat

Pre-match omtale.

Vi kan tillate oss å kalle dette ein toppkamp sjølv om Bergsøy låg på 5.plass på tabellen foran denne serierunden. Bergsøy på si andre utereise på like mange uker, og nok en gang er motstandaren et av topplaga i divisjonen. Stranda hadde fem strake heimesigrar foran denne runda, med målforskjell 22-6. Bergsøy på bortebane hittil iår har ikkje våre så altfor mykje å skryte av, med 1 siger, 1 uavgjort og tre tap, og målforskjellen 6-15.

(Bildet: Spelarar i garderoba foran kampen. )


En kan ikkje skrive om denne kampen uten å ta med kva situasjon laget befinn seg i for tida. Skader og sjukdom gjer at stallen virkelig får prøvd seg, og det er i dei defansive rekkene at mannefallet er stort i øyeblikket. Fjorårets "Årets spelar" i Bergsøy, Terje Teige, har slitt både menisk og korsbånd - og er ute for resten av sesongen. Jørn Kvalsvik har kyssesyken og er ute i endel månader. Thomas Voldsund og Magne Havnen var begge uaktuelle med lyskestrekk. Vegard Sævik var uaktuell til denne kampen ettersom han blei nybakt pappa, og i tillegg var Harald Haugen uaktuell grunna magesjukdom. Då har vi oppsummert forsvars-frafallet.

(Bildet: Oppstillinga på kunstgrasbana før kampstart. )


I tillegg til forsvararane som ikkje kunne stille var også Frantz Frantzen utilgjengelig grunna brylløp i Oslo. Og i mangel på reservekeeper Øyvind Humberset blei B-lagets keeper Marius Vangen henta inn som keeperreserve denne kampen. Men over til dei som faktisk spelte. Arve Kvalsvik stilte imål, og foran seg hadde han Andreas Konningen (reiser snart i millitæret), Knut Peter Sævik (spissen som debuterte som midstoppar på A-laget), Paul Kåre Remøy og Fredrik Muren. På midtbana spelte Håvard Remøy, Daniel Hatløy, Gustav Pettersen (defansiv midtbane), Bjørnar Gundersen, og Steffen Kvalsund. På topp var Frank Sverre Skorpen.

Kampen: Første omgang.

Vi må vel seie at Bergsøy kom godt igang, sjølv om Stranda ganske så tidlig viste tegn til å skjære seg gjennom Bergsøy sitt forsvar via lange oppspel. Det var nok ikkje runda så mykje lenger enn 5 minutt før Frank Sverre Skorpen fekk ballen i en gunstig posisjon foran mål, og den målfarlige spissen plasserte ballen fint nede i det venstre hjørnet til 1-0. Ei knallopning av Bergsøy, som også tidligare hadde vore frampå og snusa litt på Stranda sin 16-meter. I det heile var det veldig mykje spel som var i farlig område denne kampen, og publikum fekk sjå nok av sjansar.

(Bildet: Her har nettopp Daniel Hatløy og Steffen Kvalsund misbrukt to 100% sjansar på under tre sekund.)


-"Stranda produserer sjanse på sjanse i kvar kamp utan å få ei normal uttelling. Denne gongen har vi ikkje statistikk på sjansefordelinga. Bergsøy hadde også fleire store sjansar, men Stranda går av med ein solid siger i denne statistikken. Den kampen med høgast tempo som vi har spelt i år."

(Strandafotball.no oppsummerer kampen)
Det var muligheter frammover for begge lag om forsvara blei utfordra, og Stranda var på ein måte meir effektive i sin framgangsmåte. Stranda sende gjerne ballen langt frammover og kom etter, mens Bergsøy på si side viste fram fin balkontroll og kom frammover via spel på midten og også via kantane. Det skulle imidlertid ikkje ta så lenge før Stranda hadde utligna, og det var ein corner som førte til 1-1. Ballen endte i feltet, og Tonny Åsen har nok scora nokre slike mål opp gjennom tida.

Kampen var ennå ikkje så langt meir enn ti minutter gammal, og berre to minutt etter 1-1 var det klart for 2-1 til Stranda. Åsen var nok en gang eksekutør, og denne gangen smaug han seg alt for lett gjennom et Bergsøyforsvar uten sikring. Tiltross for kampens unge alder på dette tidspunktet så hadde Stranda allereie misbrukt endel halvsjansar.

(Bildet: Bergsøybenken følger spent med på utviklinga)


Bergsøy var derimot også farlige frammover, og kampens prestasjon var det nok Daniel Hatløy som sto for idet han dribla seg gjennom heile Strandalaget på ein elegant måte før han skulle sette ballen forbi keeper. Avsluttninga blei desverre redda, og Steffen Kvalsund skulle få æra av å sette returen utanfor på åpe mål. Laget gav imidlertid ikkje opp, og utligninga til 2-2 skulle kome på ei fin opprulling. Inn fra kant, til Frank Sverre, og ut til Håvard Remøy som dunka ballen nede i motsatt hjørne. Nok ei fin scoring av Bergsøy, og laga var like langt.

(Bildet: Bjørnar Gundersen springer defansiv på midtbanen)


Arve Kvalsvik hadde både ei og to gode redningar på skudd og lobbforsøk, mens Bergsøy også hadde sine sjansar. Frank Sverre var også nærme på å nå et gjennomspel som raskt kunne ført til ei ny scoring. Stranda hadde hatt flest sjansar og skudd, men Bergsøy var på høgde. Ingenting var avgjort idet laga gjekk inn i garderobene etter dei første 45 minutta.

Kampen: Andre omgang.

Det var fortsatt en jamn kamp etter pausen, og Bergsøy fortsatte å yppe seg i det offansive spelet. Frank Sverre Skorpen hadde et godt volleyforsøk med venstrefoten inne i feltet, men denne gjekk desverre like utanfor stolpen. Samme mann hadde også et brassespark-forsøk seinare i omgangen, men også dette skulle gå til side for mål. Det skulle kome ganske så kjappt og brutalt det 3-2 målet som kom til Stranda, idet Bergsøy nettopp hadde avslutta sitt eige angrep. Rundt 60 minutt var spelt på dette tidspunktet da Stranda sin keeper nærmast fekk æra av å levere ei målgivande pasning som gjekk heilt gjennom til Kato Vangen som satte ballen under Arve Kvalsvik. Et ganske så lettkjøpt mål, og alt for enkelt.

(Bildet: Her har Stranda avspark, Bergsøy har nettopp fått 2-2 målet )


Målet førte til at Stranda etterkvart kunne trille meir ball og ta det med ro, mens Bergsøy på si side blei meir stressa. Likevel fortsatte Bergsøy å levere godt spel, og det var dei små marginane som var feil. Gode crossarar til kantspelarane, og fint offansiv spel. Frank Sverre Skorpen leverte også ei pasning til Steffen Kvalsund som kom i fin skuddposisjon, men keeper var med på leiken og fekk slått ballen ut til sides. Det blei straks meir rot idet Stranda fekk sitt 4-2 mål ei ti minutt før slutt.

(Bildet: Håvard Remøy i en duell )


-"Bergsøy gode med ballen og var spesielt flinke gjennom sentral midtbane og kombinerte i breidda. Formasjon 4-5-1 med ei arbeidsom midtbane og ein ballsikker spiss (Skorpen) Stranda hadde i nokre tilfeller problem med omstillinga etter at Bergsøy vann ballen i første omgang. Vi er glade for å spele vår beste andre omgang i år."

(Strandafotball.no oppsummerer kampen)


(Bildet: Det var mange duellar inne i begge 16-meterane)


Arve Kvalsvik boksa ballen vekk på det første Stranda-forsøket, men ballen blei lagt tilbake i feltet igjen. Der inne var Ronnie Furset ganske så aleine, og han fekk headde ballen enkelt i mål frå kloss hald. Etter dette prøvde Bergsøy seg med tre mann i forsvar, og pøste på med alle sine offansive krefter. På bana kom også Anders Per Waagsholm som årsdebuterte for laget. Det blei imidlertid ingen gode sjansar for laget i sluttfasa, det blei for hektisk og urytmisk over det heile.

Kampen: Oppsummering.

Banens store ener denne gangen var Gustav Pettersen som dominerte og rydda opp i god stil som defansivt anker på midtbanen. Dette gjorde sitt til at laget også kunne få blomstre frammover, og spessielt Daniel Hatløy skal framhevast i det som vi vil karakterisere som årsbeste av den tekninske luringen. God skjerming av ball, og driblingane lykkast også i dei situasjonane som i ettertid har blitt omtalt som "telefonboks"-avdriblingar. Igjen var også Frank Sverre Skorpen på et høgt nivå og svært viktig for laget. Ofra seg i duellane, scora mål, og var det viktige offansive bindeleddet og oppspelspunktet.

(Bildet: Slik såg tabellen ut etter at kampen var ferdigspelt )


Det unge Bergsøyforsvaret fekk testa seg skikkelig denne gangen. Knut Peter Sævik skal ha ros for at han tok på seg oppgava i den uvanlige rolla som midtstoppar. Ilag med Paul Kåre Remøy var Knut Peter sterk i kroppen og trådde til i duellane. Andreas Konningen fekk bryna seg godt på høgrebacken, og pådrog seg også et gult kort. Fredrik Muren gjorde alt i alt nok en god kamp på venstrebacken.

Arve Kvalsvik i målet kan nok ikkje lastast for nokon av måla, og hadde også nokre gode redningar som gjorde at laget ikkje pådrog seg fleire baklengs. Til sist kan vi nemne ei lita oppløftande melding, Stranda trenaren Ronny ødegård meinte nemlig at Bergsøy var det beste laget dei hadde møtt iår. Noko positivt må en ta med seg vidare.


Vedlegg til kampen

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER