Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Kalassiger mot Sunnylven

Kampreferat 2007:

Bergsøy - Sunnylven 7-1 (4-0)



Paul Kåre Remøy, Geir Sandnes 2, Bjørnar Gundersen, Steffen Kvalsund, Daniel Hatløy, Frank Sverre Skorpen


Torsdag den 28.juni 2007 - Bergsøy kunstgrasbane



Tor Bjermeland ,


Daniel Hatløy, Harald Haugen



: Paul Kåre Remøy gjekk ut, men kom inn igjen.
: Paul Kåre (1. A-mål). Geir Sandnes (1. BIL-kamp på 6 år). Steffen Kvalsund (1. A-mål via hedding).
: 3: Geir Sandnes, 2: Frank Sverre Skorpen 1; Vegard Sævik



Kampreferat

Pre-match omtale.

Etter to bortekampar og to tap, så måtte Bergsøy fortsette si gode heimeform for å halde følge med tetlaga i divisjonen. Vikebladet yppet seg denne uka med å notere at Bergsøy var ein fallen kjempe som sto i fare for å bli tatt igjen av Larsnes/Gursken, og også dette burde være en motivasjonsfaktor mot Sunnylven.

Ein anna faktor som er av stor betydning er at Bergsøy til denne kampen hadde endel fleire spelarar tilgjengelig enn dei to siste kampane. Geir Sandnes blei speleklar for gamleklubben igjen, og teknikaren med fortid i Sparta Sarpsborg skulle spele sin første Bergsøykamp på seks år. Forsvaret blei forsterka med tilbakekomstane av Vegard Sævik, Harald Haugen og Mons Arne Kvalsvik. Alle desse fire kom rett inn på laget til kampen mot Sunnylven, noko som betydde ei nesten heilt ny forsvarsrekke.

(Bildet: Det var knytta spenning rundt Geir Sandnes sin tilbakekomst til Bergsøy. )


Ingen var i tvil om at Sunnylven var et lag som Bergsøy burde slå, men samtidig visste en at dagens motstander besto av mange rutinerte spelarar. Vår forhåndsinformasjon var at kondisjonen til Sunnylvingane var heller lav, og at dei ville slite om Bergsøy fekk halde eit høgt balltempo. Sunnylven skulle også være kjent for å ligge veldig lavt med laget, operere med berre ein spiss, og være flinke å hale ut tida om det skulle være nødvendig.

Bergsøy har i tallforma en defansiv oppstilling, men noko som i praksis kan være ganske offansivt om kantspelarar og indreløparar kjem på gode løp. I dei siste kampane, spessielt mot Stranda, så har det offansive fungert godt. Mot Sunnylven skulle en prøve å bygge vidare på den gode følelsen.

(Bildet: Dommartrioen var på plass. )
Kampen: Første omgang.

Det starta litt nervøst mot Sunnylven, og bortelaget greidde på sin eigen måte å frustrere Bergsøy ved å tidlig bruke lang tid på døballsituasjonane. Sjølv frispark på midtstreken blei utnytta maksimalt for å flytte opp spelarar til Bergsøy sitt målfelt, og for å slå den lange ballen. Dei første ti minutta var det ikkje mykje Bergsøy skapte frammover, det som blei skapt var egentlig på bakgrunn av at Sunnylven sin eigen keeper virka vaksinert mot å halde ballen. Det kom raskt tegn på at det var mulig å få mål, det viktige var å prøve å få det første målet.

(Bildet: Grei tone ved avsparket. )


Sunnylven hadde nokre farligheter i starten, og Arve Kvalsvik måtte beregne boksingane sine nøyaktig for å renske ballen vekk ifrå aktive Sunnylvingarar i feltet etter døballar. Etterkvart som kampen gjekk så jobba Bergsøy seg nærmare scoring. Frank Sverre Skorpen utførte et skudd i steget frå kloss hald, men skuddet gjekk over. Steffen Kvalsund hadde også en god sjanse etter pasning fra Frank Sverre, men også denne avsluttninga endte over tverrleggaren. Målet som etterkvart skulle kome var nokså tilfeldig da Paul Kåre Remøy var på løp oppover høgrekanten og skulle slå et innlegg. Innlegget var så bra det kunne være idet ballen flaug over Sunnylvens keeper og inn ved den borterste stolpen. Det viktige 1-0 målet var et faktum, og skuldrane kunne senkast.
-"Det er berre så synd det skjer heile tida."

(En Sunnylving sitt svar til linjedommerens trøst om at "slike uheldige mål kan skje til tider" angåande 1-0 målet)
Den neste delen av kampen vart et lite Geir-show, idet Geir viste fram kva forsterkning han er for laget. 2-0 målet var muligens kampens finaste mål, og ballen gjekk flott og presist langs bakken. Frank Sverre Skorpen tredde ballen igjennom forsvaret til løpsvillige Geir Sandnes, og Geir avslutta angrepet kaldt og rolig forbi keeper. Kampen skulle egentlig være kjørt allereie her, for Sunnylven såg ikkje ut til å ha mykje å by på.

Bergsøy på si side hadde ønske om å få vise seg fram enda meir, for laget har inne såpass mykje kvalitetar at bortelaget egentlig ikkje burde være i samme divisjon. Det var rett og slett divisjonsforskjell på laga.

(Bildet: Geir Sandnes blir grattulert etter sitt flotte 2-0 mål. )


Det skulle ikkje ta så altfor lenge før Geir Sandnes hadde markert seg nok en gang og økt til 3-0. Innlegget frå venstrekanten blei kriga vidare til bakerste stolpe, og der sto Geir klar med slegga si. Ballen gjekk via bakken og forbi (gjennom?) Sunnylvens sisteskanse. En kan nok sette spørsmålstegn til keeperarbeidet også ved dette målet, men uansett ett fint angrep av Bergsøy.

Bergsøy kom meir og meir i leikehumør etterkvart som måla rann inn, og det siste målsuset i første omgangen hadde ennå ikkje kome. Frank Sverre Skorpen var dyktig kampen igjennom til å gå i duellane som var på bortelagets halvdel, og Bjørnar Gundersen takka for heddinga han fekk servert ved å skyte på volley. Skuddet gjekk tverrlegger inn, og nok en flott mål hadde blitt servert til heimepublikumet.

(Bildet: Bjørnar Gundersen har nok ei av sine gode tacklingar. )


Sunnylven hadde denne omgangen tidvis store problem med å få ballen vekk frå eigen halvdel. Heller ikkje utspela endte særlig lengre enn midt ut på eigen banehalvdel, og dermed fekk dei raskt ballen tilbake som følge av nye Bergsøybølger. Når sant skal seiast så var Bergsøy ganske effektive med sine 4 mål på omtrent 6-7 sjansar. Så mykje anna treng en kanskje ikkje å notere seg ned av det som skjedde i den første omgangen. Paul Kåre Remøy måtte byttast ut til fordel for Thomas Voldsund på grunn av et smertefullt sammentreff der ballar kolliderte. Mons Arne Kvalsvik måtte også en tur ut til sidelinja etter en smell, men ingen store skader blei notert denne dagen.
-"Det e no på tide at vi vinne også en 2.omgang. Det er viktig å få en god start. Kjøre på vidare. "

(Sagt i Bergsøygarderoba i pausen)


Kampen: Andre omgang.

Det blei kanskje ikkje så mykje "festfotball" etter pausen, av årsaker vi snart kjem innpå. Men Bergsøy starta i det minste omgangen veldig positivt, og det hadde ikkje gått lenge før stillinga var 5-0 til Bergsøy. Frank Sverre Skorpen viste Steffen Kvalsund kva innlegg han til vanlig ønsker den andre vegen, og det "ferdigscora" innlegget blei styrt imål av Kvalsund med skallen. En kan legge ved som en notis at dette var Kvalsund sitt første mål med skallen i en seriekamp med A-laget.

(Bildet: Vegard Sævik på dribleraid. )


-"Hekje du scora på kunstgraset enda? Då er det på tide idag."

(Sagt av Harald Haugen til Steffen Kvalsund berre minutt før 5-0 scoringa.)
En kunne forvente målfest ettersom Bergsøy var så raske i å gå opp i 5-0 ledelse, men Sunnylven skulle få ei redusering. Ikkje heilt uventa måtte det skje på ein døballsituasjon, noko Bergsøy var klare over at bortelaget var gode på. Målet får bli ei slags delt skyld mellom den markerande forsvarar og den utruasande keeper. Det var Sunnylvaren som kom først på ballen, og dermed stussa ballen over Arve Kvalsvik og inn i det tomme buret.

(Bildet: Geir Sandnes hadde mykje ballkontakt. Og dermed blei det mykje spel på høgrekanten i løpet av kampen. )


Heldigvis spratt Bergsøy tilbake på rett spor temmelig kjapt, og Frank Sverre Skorpen var igjen uromomentet som forstyrra borteforsvaret såpass at dei ikkje visste kva dei skulle finne på. Ballen blei så trilla til Daniel Hatløy, og han knalla ballen nede i det nermaste hjørnet til 6-1 ledelse. På dette tidspunktet kunne en starte å lure på om Bergsøy kunne makte å score tosifra denne dagen. Midtvegs i omgangen endra kampen karakter, og det var Bergsøy sjølv som var skyld i kampens dramatiske vending. Det hadde tidligare i kampen vore litt temperatur mot benken, og endel munnbruk, men det var ingen stygg kamp utpå bana. Dommarens kortbruk skulle imidlertid eksplodere, og først ut var Daniel Hatløy som blei servert det direkte røde kortet på bakgrunn av ein ettersleng. Daniel slengte ut et lite spark i frustrasjon etter at ballen var borte, og dommaren tolka det til at dette måtte belønnast med kampens første utvisning.

(Bildet: Spelarane fekk leike seg litt med ball i beina i denne kampen. )


Kampen var inne i en god stim av frustrasjon frå Sunnylven sine spelarar, og det var nok ganske urutinert av Bergsøy å la seg påvirke av dette. Vi skulle snart få sjå kampens andre raude kort, og denne gangen var det Harald Haugen som måtte forlate bana. Denne gangen var det ikkje direkte raudt kort, men først gult som følge av ei hard tackling. Det påfølgande gule kortet skulle kome på bakgrunn av munnbruk som følge av det første gule kortet, og to gule kort blir som kjent rødt. Dommeren sto lenge ilag med Harald Haugen og Frank Sverre Skorpen for å forklare situasjonen før han tilslutt drog opp det andre gule kortet. Dermed var Bergsøy nede i 9 mann siste delen av kampen.

(Bildet: Harald haugen får to gule kort i samme minuttet, og blir belønna med raudt. )


Mannefallet påvirka sjølvsagt kampen, og Sunnylven fekk meir rom å boltre seg i. Likevel noterte vi oss for sjansar til Bergsøy, og Gustav Pettersen var blant anna heilt igjennom aleine mot keeper uten å lykkast. Lykkast gjorde derimot Frank Sverre Skorpen da han smatt igjennom forsvaret, og avsluttninga gjekk rolig over keeper og inn i mål til 7-1. Sunnylven sine avsluttningsforsøk var sjeldan farlige, og stort sett gjaldt det langskudd som Arve Kvalsvik hadde full kontroll på. Optimistiske Sunnylvarar prøvde seg også på langskudd direkte frå avspark, noko dei ikkje lykkast med denne kampen.

(Bildet: Det er ikkje alltid gode forhold Frank Sverre har å jobbe med i luftduellane. )


Bergsøy klarte seg rimelig greitt med to mann mindre, og kampen ebba tilslutt ut med 7-1 siger til heimelaget. Steffen Kvalsund var nede på venstrebacken etter Harald si utvisning, og laget spelte en 4-3-1 formasjon resten av kampen. Endelig gjennomførte Bergsøy en kamp der spelarane kunne sleppe seg lause, vel vitande om at sigeren skulle bli sikra. Tidligare iår har målprotokollen våre såpass jamnt lang ut i kampen at en aldri har kunne vite korleis det skulle ende. Denne gangen endte det ganske bra for Bergsøy sin del, og laget klatra opp på 5.plassen og sikra seg samtidig balanse i målforskjellen.

Kampen: Oppsummering.

En god siger der alle var med å bidrog. At det også var seks forskjellige målscorerar bekreftar også den påstanden. En merka at det kom meir rutine inn i laget, både i forsvar og på midtbane. Det var sjølvsagt berre dei raude korta som en helst skulle sett ikkje kom. Geir Sandnes hadde det vi kan kallen en "drømmedebut" på Bergsøy si kunstgrasbane, med to mål fra sin indreløparposisjon. Den andre indreløparen, Bjørnar Gundersen, spelte også godt og scora mål også han. Faktisk scora alle dei offansive spelarane til Bergsøy i denne kampen, pluss at Paul Kåre Remøy fekk et mål som følge av et godt offansivt initiativ. Med andre ord mykje positivt å ta med seg vidare.

(Bildet: Arve Kvalsvik hadde en forholdsvis rolig kamp i mål. )


Av dei som ikkje scora mål, så måtte vi denne gangen huske å notere ned at Mons Arne Kvalsvik var tredje sist på målet til Daniel Hatløy. Vegard Sævik si rutine var også svært god å ha i forsvaret, noko som roar ned dei andre spelarane. Gustav Pettersen jobbar ganske godt i si defansive midtbanerolle, og er også den på midtbanen som gjerne prøvar seg på å slå ballar i bakrommet mot kantspelarane, noko kantspelarane sett pris på.

(Bildet: 5 Bergsøyspelarar. Fire av desse scora, og to av desse blei utvist. )





Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER