Kampreferat
Kampen : Vestlandsnytt 21.august 2007.
Bergsøy held fram si imponerande sigersrekkje etter at dei sist laurdag slo Ha/No 2-1 på bortebane.
Bergsøy-kaptein Frank Sverre Skorpen viste igjen sin store verdi for laget, og scora begge måla til gjestane.
Dermed er Bergsøy i høgste grad med i tetstriden, etter ei sterk periode med tre strake heimesigrar.
Og når laget no har starta å vinne på bortebane så lovar det godt for avsluttninga.
Det ser ut til å bli eit bikkjeslagsmål mellom klubbane Godøy, Stranda, Rollon, Herd og Bergsøy om dei to opprykksplassane, og det er verdt å legge merke til at Bergsøy
skal møte bpde Herd, Stranda og Rollon på heimebane denne hausten.
Bergsøytrenar Gullik Kjelstadli, som denne gangen hadde ansvaret for laget, karakteriserte laurdagens Ha/No-kamp som ein slitesiger.
Reint spelesmessig var kampen langt under pari, prega av mange frispark, feilpasningar og mykje midtbanekjemping.
-"Når vi likevel på en dårlig dag sikrar oss dei tre poenga så må vi seie oss nøgde"
(Gullik Kjelstadli til vestlandsnytt)
Ha/No er kjend som et hardt kjempande lag, som ofte slår langt og er flinke til å krige i feltet. Men Bergsøy var flinke til å rydde opp, og det er viktig å ta med seg dei tre poenga også på dårlige dagar.
Av ulike grunnar mangla Bergsøy denne gangen Joakim Bendal, Geir Sandnes, Frantz Frantzen og Steffen Kvalsund. Førstnemnde er ute med skade, men Bergsøy håpar at dei andre skal bli tilgjengelig igjen til neste kamp.
Geir Sandnes har no starta å studere i Halden, men er innstilt på å pendle heim dei resterande haustkampane.
Bergsøy har ikkje tapt ein einaste kamp sidan Geir melde seg inn i klubben, og vil utvilsomt være ein nøkkelspelar for Bergsøy i kampen om opprykk.
Bergsøy opna aggresivt og godt i kampen mot Ha/No, og tok også leiinga. Frank Sverre Skorpen var observant da ein Ha/No forsvararskulle stusse ballen tilbake til eigen keeper.
Frank nådde ballen så vidt framfor ein utrusande keeper, og greidde å vippe ballen over keeper før han frå spiss vinkel satte ballen inn i nettmaskene. Ei typsik goalgetter-scoring.
Etter dette begynte Bergsøy å gi fra seg initiativet, og laga mange unødige frispark som skapte mange farlige situasjonar inne i Bergsøy sitt målfelt.
Og det var nettopp på ein slik situasjon at 1-1 skulle kome. Eit frispark blei slått mot bakerste stolpe, og der sto Richard Hansen fullstendig umarkert og fekk breiside ballen imål ved nærmaste stolpe.
I tillegg til Bergsøy si scoring noterte vi oss gode skuddforsøk frå Harald Haugen og Bjørnar Gundersen. Ha/No var nok heldige som gjekk til pause med 1-1.
Også i byrjinga av andre omgang kom BIL-spelarane litt på etterskot og laga endel "håplause" frispark. Eit tett BIL-forsvar med Dag Gøran Brandal, Vegard Sævik, Magne Havnen og unge Fredrik Muren rydda opp i stor stil foran keeper Arve Kvalsvik.
Etter kvart kom Bergsøy meir med, og tok over komandoen i kampen. Dag Gøran Brandal slo ein presis ball i bakrommet det Frank Sverre Skorpen igjen starta perfekt. Toppscoraren runda keeper før han kunne trille ballen i det opne målet til stor jubel.
Dermed sikra Bergsøy seg dei tre viktige poenga som gjer at laget fortsatt heng med i tetstriden. Alt i alt ein fortjent siger til Bergsøy, sjølv om det spelesmessig ikkje var nokon stor kamp.
-"Innsatsen er bra, men vi får ikkje til spelet vårt slik vi vil,” forklarte lagkaptein Lars Petter Haram etter kampen. ”Vi fekk til ein god første omgong, men så taper vi på slutten. Min feil det! Eg gjorde det enkelt for Skorpen. "
(Ha/No si heimeside)
Vedlegg til kampen
Utklipp