Utklipp
Bergsøy - Åram/Vankam 5-0 (2-0)
Frank Sverre Skorpen, Dag Gøran Brandal. Steffen Kvalsund, Bjørnar Gundersen, Harald Haugen.
Laurdag den 9.September 2007 - Bergsøy kunstgrasbane
Bjarte Steinsbu
: Paul Kåre Remøy blødde litt.
: Første BIL-målet til Dag Gøran Brandal
: En stjernerik himmel denne dagen.
Pre-match omtale.
Det blei 2-2 borte mot Åram/Vankam, i det som var ein bølgande og spennande kamp som kunne bikka begge veiar. Også i treningskampane
hadde Åram hatt eit greitt tak på Bergsøy, så det var venta å møte ein god motstandar. Etter dei siste dagers store nedbørsmengdene
så var det også frykta at det kunne bli ein ny "ørskog-kamp", uten finspel og med duellar etter duellar.
Og kven veit, kanskje kan Bergsøy fortsette med å henge seg med i tetstriden om dei to opprykksplassane?
Kampen: Første omgang.
No letta været, heldigvis både for publikum og spelarane, til kampstart. Meir oppsiktsvekkande var det kanskje å sjå ein Åramspelar etande på ei pølse i brød
idet spelarane hilsar på kvarandre etter oppstillinga. Oppstillinga var forøvrig med Toni Sandanger tilbake som sisteskanse, og med Dag Gøran Brandal, Paul Kåre Remøy, Vegard Sævik og Harald Haugen som forsvararar.
På midtbanen spelte Anders Per Vågsholm, Geir Sandnes, Gustav Pettersen, Bjørnar Gundersen og Steffen Kvalsund. På topp var Frank Sverre Skorpen.
Det var endel varierande spel, og Åram var med heile veien før pause. No skapte ikkje Åram særlige sjansar som på nokon måte var så altfor truande, og skudda til bortelaget gjekk oftast ikkje på mål.
Bergsøy skapte heller ikkje dei mange sjansane, men boltra seg tidivs meir på Åram sin banehalvdel. For heimelaget sin del var det betryggande at en slapp å vente så altfor lenge med å sjå den første scoringa gå i mål.
Geir Sandnes forserte sentralt i bana og mata Frank Sverre Skorpen med en fin stikkar, og for syttande gongen denne sesongen så klarte storskåraren
å få ballen forbi keeperen.
Det var nokre gongar til at Bergsøy var nærme mål, men det var ikkje alltid så lett å kome til skudd.
Anders Per Vågsholm kom igjennom og satte ballen imål, men dette skulle bli annulert for offside. Krigarvilje skulle føre laget opp i 2-0, og det var Dag Gøran Brandal som
takla til seg ballen og elegant førte den vidare over mållinja. Tiltross for fleire muligheter så var det ikkje dei store prestasjonane som alltid blei gjennomført, og Åram
var berre målet ifrå å skape ny spenning i kampen.
Kampen: Andre omgang.
Det var endel ubenytta rom på bana, og ballen gjekk ikkje alltid så raskt som den burde. Bergsøy på sitt beste kunne nok spelt ut Åram meir denne dagen, for
etterkvart blei det tydelig at dette Åramlaget var endel svakare enn vi har sett dei på ei stund. Sant nok er det mange lag som ser ut til å slite mot Bergsøy på kunstgrasdekket,
men kampen blei nok heller ikkje totalt punktert før 3-0 var satt i nota. Steffen Kvalsund fekk en slags gratismulighet idet ballen kom fri mot bakerste stolpe, og det endte i en grei topp med høgrefoten for å få ballen over mål.
Det var kanskje så raskt som i neste Bergsøyangrep at det skulle bli 4-0, og denne gangen var det Bjørnar Gundersen som fekk stå aleine og sikte inn kvar han kunne skyte.
Bergsøy var nok bedre enn Åram i sitt offansive spel denne dagen, sjølv uten å egentlig glitre. Det var endel gode sjansar til å score også før 3-0 målet endelig kom, og det var også mange sjansar som blei bortkasta
etter 4-0. Med litt meir skuddvilje burde nok Bergsøy leiia meir. Harald Haugen prøvde seg på skudd, men skulle ikkje treffe før seinare i omgangen.
Harald Haugen si 5-0 scoring satte et fint punktum på dagen, et flott plassert skudd som gjekk heilt oppe i det høgre krysset. Det er ikkje kvar dag en ser to Bergsøybackar score i samme kamp.
Kampen: Oppsummering.
Bergsøy har endel gode offansive spelarar også i defansive posisjonar, og drar sjølvsagt nytte av dette. Bak Frank Sverre Skorpen sine 17 mål er det imidlertid litt vél langt til resten av spelarane.
Steffen Kvalsund har 5 mål, Harald Haugen 3, mens Bjørnar Gundersen har 3 mål og 4 gule kort. Gustav Pettersen er ein av fleire som står med to mål iår. Iår er Gustav som kjent ein defansiv midtbanekrigar og pasningsleggar, til kontrast til
fjorårets toppscorarrolle med 10 mål ilag med Preben Hestad som endte på samme sum.
Det får være det samme kven som scorar måla, for Bergsøy har gjort det ganske bra etter ferien. På formtabellen er det Rollon som ligg øvst med
seks strake sigrar, med Bergsøy på andreplass med fem sigrar og ett tap. Overraskande nok er det Norborg som ligg på tredjeplassen på formtabellen i øyeblikket.
Til neste helg ventar nok den vanskeligaste oppgava som er mulig å få i 4.divisjon i øyeblikket. Heimesterke Godøy møter relativt bortesvake Bergsøy.
Når det gjelder spelarprestasjonane denne gangen så deler vi ikkje ut hverken terningkast eller stjernepoeng, men sjølv om ikkje mange glitra med storspel så var fortsatt fleire gode og solide denne gangen.
Toni Sandanger sto godt og var bortimot feilfri i målet. Dag Gøran Brandal toppa en god kamp med et mål, og det samme gjorde Harald Haugen. Vegard Sævik og Paul Kåre Remøy hadde begge ein god dag på jobben og var solide bakover.
På midtbanen var det Geir Sandnes som fekk vist seg mest fram med gode finter og fin skjerming av ball. Anders Per Vågsholm var uheldig og fekk et mål annulert, mens Gustav Pettersen og Bjørnar Gundersen var flinke i å stresse og presse og jobba hardt.
Steffen Kvalsund fekk seg et mål igjen, og det samme gjorde Frank Sverre Skorpen.
Vedlegg til kampen
Utklipp
KAMPREFERAT