Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Opprykkshåpet rakna

Kampreferat 2007:

Godøy - Bergsøy 4-3 (3-1)



Frank Sverre Skorpen 3


Laurdag den 15.September 2007 - Godøy si grasbane


Dag Gøran Brandal, Bjørnar Gundersen, Anders Per Vågsholm.





: 3; Frank Sverre Skorpen. 2: Geir Sandnes



Kampreferat

Pre-match omtale.

Så var det klart for sesongens viktigaste kamp. Med tap så ville Bergsøy være ute av opprykkskampen, med uavgjort så ville en fortsatt ha et snev av håp, og med siger ville laget nesten kunne avgjære opprykket sjølv i sesongens siste kampar. Idet laga møttast i Fosnavåg tidligare i sesongen så blei Bergsoy.com imponert av Godøy, og var heilt klart det beste laget Bergsøy har møtt iår. Tekniske, ballsikre, og spelarar med sjølvtillit. Det var Bergsøy si gode kontringsevne og effektivitet som skulle ta knekken på Godøy i den kampen. Kunne Bergsøy klare det samme igjen?

(Bildet: Spelarane hilsar på kvarandre og på dommartrioen før kampstart)


Sist Bergsøy var på besøk til Godøy var i 2004, og den kampen endte med et 3-1 tap tiltross for godt Bergsøyspel og stor banedominans i perioder. Den gangen scora Per Ståle Nykrem målet, og av dagens spelarar er det berre Anders Per Vågsholm, Steffen Kvalsund og Mats Inge Teige som var med den gangen. Dagens trenar Tom Beddari var også trenar den gang, og trøsta den gangen var at Godøy meinte Bergsøy var av dei beste laga dei møtte dette året.

Vegard Sævik spelte mot Godøy i 2004, men denne gangen var han uaktuell grunna et bryllup. Toni Sandanger kapra keeperplassen i hard konkurranse med Arve Kvalsvik, og forsvaret hadde endel rokkeringar sidan sist kamp. Dag Gøran Brandal starta som midtstoppar ilag med Paul Kåre Remøy, og på backane var det Jørn Kvalsvik og Harald Haugen. På midtbana var Geir Sandnes tilbake som indreløpar, medan Bjørnar Gundersen tok den andre indreløparrolla. Gustav Pettersen tok det defansive ansvaret sentralt, mens Anders Per Vågsholm og Steffen Kvalsund besatte kantrollene bak den einslige spissen Frank Sverre Skorpen.

(Bildet: Tom Beddari, Gulikk jellstadli og Mathias Pettersen var spente på sidelinja.)


Kampen: Første omgang.

Lite hadde forandra seg på Godøya sidan sist vi var der, sjølv om vi savna litt av den muntre stemninga frå kommentatorbua som vi fekk sist. Noko høgtalarproblem får ta skylda. Det hadde også vore endel regn dei siste dagane, og banemannskapet hadde jobba hardt for å gjære bana speleklar. Og bana var bra utifrå forholda, det var fullt mulig å spele god fotball på matta. Det var Godøy som skulle stå for den beste fotballen, og dei var tidlig ute med å skape småpanikk i Bergsøyforsvaret. Frå kampen i Fosnavåg huskar vi at Godøy var flinke på å slå presise crossballar, inntrykket etter denne førsteomgangen er at Godøy var svært flinke til å slå presise ballar i bakrommet. Bergsøy sine spelarar blei springande etter angriparane, og det skulle oppstå fleire situasjonar som dei ivrige Godøysupportarane gjerne kommenterte frå sidelinja.

(Bildet: En Godøyværing sprellar på graset.)


En kan seie det først som sist; Vi meinar igjen at Godøy var det beste laget vi har møtt iår. Problemet denne gangen var at Bergsøy ikkje fekk det beste ut av sitt mannskap. No var det 0-0 ei stund ut i kampen, og Bergsøy kunne like godt kome opp i ledelsen tidlig. Frank Sverre Skorpen slo en stikkar igjennom til Steffen Kvalsund, og kantspelaren fekk en brukbar sjanse frå skrått hold til å føre laget opp i ledelsen. Keeperen lykkast derimot med si beinparade. Knuffing, og halding førte til at dommaren såg seg nødd til å gi Dag Gøran Brandal det gule kortet etter publikums gode gjerning i å gjære dommaren oppmerksom på at den no hadde vore vore endel gjentatte episoder. Utover i omgangen blei det etterkvart risikabelt for Bergsøy å fortsette på samme måte, så frykta for å kome ned i 10 mann gjorde at Bergsøy bytta plass på Gustav Pettersen og Dag Gøran brandal et stykke ut i omgangen. På dette tidspunktet var allereie heimelaget i leiinga.

(Bildet: Dette frisparket endte i ingenting.)


Grunnen til at Bergsøy ikkje feirar tabelltoppen idag er at laget har vore for dårlige på bortebane. Det har vore 3,5 baklengs i snitt i årets bortekampar, i motsetning til 1,2 innsleppne mål i snitt på heimebane. Heile laget virkar som å fungere bedre på heimebane, noko 3,6 scora mål i snitt på heimebane skulle fortelle, mens det har blitt scora 1,6 mål i snitt på bortebane. I denne kampen mot Godøy forbedra laget scoringsstatistikken sin, men det hjalp lite ettersom statistikken med innsluppne mål fortsatte på lik linje som den har vore heile året. Svein-Arve Alnes var mannen som starta scoringa, og det var et fint mål idet han netta sitt 21. mål for sesongen. sett frå Bergsøy sitt synspunkt var det imidlertid så altfor enkelt idet han fekk vende opp i feltet og plassere ballen i nettaket, men det var tydelig å sjå at det var ein ekte goalgetter som straffa Bergsøy i den situasjonen. Han skulle få sitt andre for dagen ikkje så lenge etterpå, men denne gangen var det frå straffemerket. Bortelaget var ikkje fornøgde med den situasjonen, og meinte dommaren gjorde feil i å dømme straffespark. På ei anna side så låg det i lufta at det etterkvart ville kome et straffespark, så dømminga denne gangen var ein slags kompensasjon for å ikkje ha dømt det tidligare i kampen.

(Bildet: Geir Sandnes omringa av Godøyspelarar)


-"Dommaren seier at ho vil dømme straffespark neste gong ho ser halding i feltet!"

(Frank Sverre ropte advarande til sine egne forsvararar etter en diskusjon med dommaren. Noko som sjølvsagt fekk heimepublikum på gli, der motropa gjekk ut på om en måtte halde 3 gongar før det skulle dømmast straffespark)
Et lite halvsekund var det som gikk da en håpte at Svein-Arve Alnes si straffe skulle gå i stolpen, men ballen sklei inn over linja heilt inne ved rota - og utagbart for Toni Sandanger. Toni markerte seg derimot med ei flott redning noko tidligare i omgangen da ein Godøyspiss fekk ein solid gratissjanse etter at ein Bergsøyforsvarar feilberegna ein høg ball. Nære var også heimelaget før det, då ein markkrypar suste forbi stolpen til utpel. Bergsøy var berre ein stolpe unna redusering da Steffen Kvalsund forserte forbi forsvaret på venstresida, men som i den tidligare sjansen til Kvalsund så blei det skrått på mål - og skuddet denne gangen gjekk i den nærmaste stolpen. Det skulle gå bedre for Bergsøy noko seinare då Frank Sverre Skorpen fekk sjansen frå kloss hold etter godt arbeid frå Geir Sandnes og målgivande frå Anders Per Vågsholm. Frank Sverre er ikkje mange mål bak Svein-Arve Alnes når det gjeld toppscorartittelen i 4.divisjon, og reduseringa til 2-1 gjorde at Bergsøy var tilbake i kampen. Trond Brynestad skulle imidlertid øke til 3-1 før pause, i det som nok engang virka å være eit ganske unødvendig baklengsmål av Bergsøy. Frustrasjonen var stor i dette øyeblikket, samtidig som en hørte feirande Godøyspelarar erte med at "en måtte fortsette å utnytte dette forsvaret".

(Bildet: Bergsøy prøvde å sette stor fart frammover når det var mulig.)


Kampen: Andre omgang.

Mens Bergsøy var på sitt mest sårbare var Godøy på sitt mest leikne. Ingen andre lag i divisjonen har klart å leika seg med Bergsøy slik Godøy har gjort iår. Det var fint spel av heimelaget, og spelarane fekk til et pasningspel som Bergsøy ikkje kom i nærheita av. All ære til Godøy for attraktiv spelestil. Idet Daniel Vartdal økte til 4-1 for heimelaget på et flott skudd frå 18 meter, så var det naturlig å frykte det verste. Det såg ikkje bra ut for Bergsøy der og då. Det er då en treng spelarar som står fram og får med seg resten av gjengen, og denne gangen var det to spelarar som var dominerande. Frank Sverre Skorpen og Geir sandnes var i ei eiga klasse for seg denne gangen. Det var ikkje ofte Frank Sverre fekk gode ballar å jobbe med, eller var borti ballen i det heile, men han gjorde maksimalt ut av sjansane han fekk. Reduseringa til 4-2 var ein toppspiss verdig, og med forsvarar i ryggen fekk han likevel vendt opp for å plassere ballen nede i hjørnet. En sterk prestasjon.

(Bildet: Dagens mann Frank Sverre Skorpen)


Frank Sverre skulle skape meir uro då han seinare fekk ballen i bakrommet og forserte mot mål. Nok engang ei flott utført avsluttning, og 4-3 var eit faktum berre nokre minutt før full tid. Bergsøy hadde kome mykje sterkare med i banespelet etter 4-2 scoringa, og også innbyttarane hadde bidratt til den positive effekta. André Lima, Mats Inge teige, Thomas Voldsund og Fredrik Muren kom alle inn og gjorde ein god jobb. Mats Inge Teige var den som kom nærmast mål idet han hadde to sjansar etter at han kom innpå bana. Den første sjansen var skummel for Godøy, då Mats flikka et innlegg vidare mål mål, men ballen gjekk like utanfor stolpen. Den andre sjansen Mats Inge fekk var ein skuddsjanse, og han fekk også god dreis på svingfoten. Dette skuddet blei blokkert ut til corner. Felles for dei to sjansane var at dei kom før stillinga var 4-3, og Bergsøy klarte ikkje å skape så altfor farlige sjansar til å utligne mot slutten. Men det var nokre situasjonar som nok kunne diskuterast.

(Bildet: Nokre av Bergsøy sine forsvararar for dagen.)


Det som i ettertid blir omdiskutert er endel straffesituasjonar. Ved to tilfeller ropte Bergsøy etter straffe, den eine var ein klar hands inne i fletet mens den andre situasjonen var idet André Lima var på vei igjennom med såg ut til å bli pressa i bakken. Godøy hadde også en god grunn til å rope etter straffe i 2.omgang idet Jørn Kvalsvik regelrett klippa ned ein Godøyangripar inne i feltet. Klarare straffe enn den situasjonen er det vanskelig å finne på ei fotballbane. Nærme scoring var også Godøy etter et dribleraid frå cornerflagget og heilt inn til Toni sandnager sitt mål. At spelaren først passerte tre Bergsøyspelarar nede ved cornerflagget burde være et lite varsko på dårlig forsvarsspel, at han kom heilt inn til mål og nesten scora var ennå verre. Men Godøy var totalt sett bedre enn Bergsøy, heimelaget hadde fleire spelarar som presterte medan Bergsøy fekk eit respektabelt resultat grunna Frank Sverre Skorpen sin ekstreme mål-luktesans, og Geir Sandnes sin gode arbeidskapasitet. Om Bergsøy skulle fått poeng så burde fleire spelarar stått fram. En kunne fått et heldig poeng mot slutten, men heimelaget fortjente sigeren.

(Bildet: Geir Sandnes hadde mykje ballkontakt denne kampen)




Kampen: Oppsummering.

Om en ser på statistikken så lyg den ikkje. Laga som ligg over Bergsøy på tabellen både scorar meir og slepp inn mindre. Ser en på Godøy sin statistikk så ser en et lag som har mange "notoriske" målscorerar, fleire spelarar som scorar mange mål i tillegg til divisjonens toppscorar i øyeblikket. Bergsøy har storscoraren Frank Sverre Skorpen som sin store målkonge, mens resten av laget er litt for lite målfarlige. Oppramsinga av sesongen slik det ser ut hittil er at laget GARANTERT hadde toppa tabellen om en hadde hatt fullt lag i alle kampar, for desverre har en alltid måtte omrokkert på laget (og spessielt forsvaret) på bortebane. Denne gangen var det Vegard Sævik, forsvarskongen, som mangla. Og det var merkbart.

(Bildet: Et anna bilde frå kampen)


Bergsøy gjekk over til 4-4-2 etter pausen, og laget kjempa tilbake æra den siste halvtimen. Det blei for seint til å kjempe tilbake håpet om 3.divisjon. No er det 3.plassen på tabellen som vil være målet for spelarane, samtidig som en ser at laget vil være noko svekka frammover. Anders Per Vågsholm fekk sitt gule kort i frustrasjon etter et cornerflagg-spark, og går ut i suspansjon. Suspandert til neste kamp er også Bjørnar Gundersen som fekk sitt femte kort for året, etter ei "trademark" kontant Gundersen-tackling. Magne hanven var ikkje med denne kampen grunna sjølivet, og Paul Kåre Remøy forsvinn samme vegen etter denne kampen. Geir Sandnes blir nok heller ikkje henta heim fleire kampar iår. Men Rollon og Stranda må likevel forberede seg godt om dei ønsker å ta poeng på Bergsøy si uovervinnelige kunstgrasbanei Fosnavågen. Søndag er det Rollon som kjem på besøk, kampstart kl 1500.


Vedlegg til kampen

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER