Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Ny svak BIL-kamp

Kampreferat 2007:

Sunnylven - Bergsøy 2-0 (1-0)



1-0 Jan Ove Akselsen, 2-0 Jarl Erik Larsen.


06.10.2007



Oddbjørn Hatlehol






Kampreferat

Pre-match omtale.

Bergsøy hadde berre tabellposisjonen å spele for, og det viste tydelig i sist kamp mot Stranda. Spørsmålet var om laget kunne klare å heve seg mot Sunnylven, et på papiret svakare lag.

Kampen.

Det var heilt tydelig at heimelaget var meir aggressive og ville sikre dei nødvendige poenga som trengtest for å halde ny kontrakt i 4.divisjon. Dette lykkast dei også med. Igjen måtte Bergsøy av ulike grunnar unnvære 4-5 sentrale spelarar, og måtte omkalfare ein del på laget. Laget har knapt nok stilt med samme forsvarsrekke gjennom to kampar, noko som illustrerer den vanskelige situasjonen som trenarduoen Beddari/Kjelstadli har slite med denne sesongen.

Alt frå første spark var det klart at heimelaget ville mest. Bergsøy sitt småpasningsspel var lite effektivt på den blaute, ujamne og svært vanskelige bana. Vertane si oppskrift var å sette press på motstandaren ved å slå langt til hardt arbeidande spissar, ein taktikk dei lykkast med. Bergsøy fekk ein forvarsel tidlig på kva som skulle kome til å skje idet Sunndal fekk tildelt eit feilaktig idømt straffespark. Det var difor rettferdig at Sunnylven sin eksekutør sette straffesparket i stolpen. Midtvegs i omgangen var det imidlertid klart for 1-0 då eit frispark frå omlag 30 meter sneik seg inn heilt inne ved stolperota.

Også Bergsøy hadde sine muligheter, og var fullt på høgde med heimelaget spelesmessig. Laget hadde likevel problemer med å skape dei heilt store sjansane til å utlikne. Etter pausen fortsatte kampen i samme stil, og heimelaget vann dei fleste duellane og sveitta mest. Då laget gjekk opp i 2-0 på ei enkel scoring tidlig i andre omgang såg det ut til at lufta gjekk ut av BIL-ballongen. Laget hadde hverken evne eller ork til å legge inn ein sluttspurt, og spelarane vart meir og meir frustrerte. Kampen endte 2-0, og kanskje er det like greitt å berre gløyme denne kampen. Det var nok trulig årsverste av laget, i en kamp der feilpasningane florerte.

Bergsøy har ein kamp igjen, mot Stordal borte, så det er å vone at Bergsøy klarer å mobilisere ei verdig avsluttning på sesongen. Då kan en kanskje også klare å kjempe seg forbi Herd på tabellen, for å kapre ein 4.plass på tabellen.

Måla
Bergsøy scora ikkje.
Spenninga
Skulle BIL ta poeng?.
Underholdning
Ganske dårlig prestasjon.
Totalt
Ganske svak prestasjon av Bergsøy


Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER