Utklipp
Stordal - Bergsøy 0-2 (0-0)
Frank Sverre Skorpen (64), Harald Haugen (76)
Laurdag den 13.September 2007 - Kirkebø stadion (kunstgras)
Bjørnar Gundersen
Jan Helge Lund
25 tillskoderar
Pre-match omtale.
Stordal burde helst vinne for å ha håp om å unngå nedrykk, mens Bergsøy burde vinne for å ha håp om å ende på 4.plassen på tabellen.
Sånn sett kan en nok seie at Stordal hadde mest å spele for, og det faktum at dei slo Godøy heime burde være varsko nok på at dette ikkje kom til å bli ei enkel oppgave for Bergsøy.
Bergsøy på si side mangla Gustav Pettersen i si lagoppstilling, men hadde til gjengjeld en frisk og opplagt Karl Bjarte Vike til å ta over det defansive midtbaneansvaret.
(Bildet: Vegard, Harald og Toni held tett i forsvar.)
(Bildet: Bjørnar, Vegard og Harald ventar på ballen.)Kampen: Første omgang.
Det hadde gått endel år sidan sist vi besøkte Stordal. Det var tilbake i 2002 at Bergsøy vann 3-2 på grasbana etter scoringar av Rune Frantsen, Roy Igesund og Steffen Kvalsund.
Tida har forandra seg, og grasbana hadde blitt erstatta av kunstgras. Bergsøylaget har forandra seg og divisjonen er ein anna, men elles kjente vi oss igjen inne i Stordalen.
Og heimelaget ønskte Bergsøy velkommen ved å være best i den første omgangen. Vi såg heit klart til sjansane for å kunne spele ut Stordal, men var ikkje gode nok til å utnytte rom og muligheter til det
i den første omgangen. Etterkvart som Stordal kom nærmare og nærmare mål, høyrde vi også et rop på sidelinja om at "vi nærmast ba om" å ligge under.
(Bildet: Vegard går opp i en duell.)
-"Det er aldri kjekt å sende lag ned ein divisjon. "
(Bildet: Stordal var best i den første omgangen.)
(Bildet: Karl Bjarte Vike flikka ballen fint vidare på midtbana.)
-"Både publikum og spelarane jubla for scoring, då Jahn Morten tilsynelatande nikka inn 1-0 etter hjørnespark.
Men, linjemannen markerte aldri for scoring, og dermed fekk Bergsøy måka ballen unna - og Stordal vart snytt for mål. Store protestar hjalp ikkje, dommar Jan Lund måtte vinke spelet vidare"
(Bildet: Toni SAndanger hadde gode klyper denne kampen.)
(Bildet: Steffen Kvalsund sitt eine løp den første omgangen.)Kampen: Andre omgang.
Bergsøy skjerpa seg litt etter pause, og det blei skapt fleire sjansar. Etterkvart kom Håvard Remøy inn på høgrekanten, og dette satte også meir fart inn i laget.
Dag Gøran Brandal kom etterkvart inn på bana igjen som spiss i 4-4-2 system, og dette førte også til at Stordal fekk meir trykk imot seg. Bergsøy jobba seg nærmare ei scoring etterkvart, og både Dag Gøran Brandal og Frank Sverre Skorpen hadde
kvar sin store sjanse til å gi laget ledelsen. På dette tidspunktet kunne det nesten virke som at dette var dagen der ingen skulle score mål. Men så har Bergsøy en storscårar i sine rekker. Frank Sverre Skorpen har scora i nesten alla kampane i årets
sesong, og han skulle gjere det igjen. Det var ikkje den mest opplagte sjansen han skulle score på, men keeperen klarte ikkje å forhindre at skuddet mot nermaste stolpe skulle snike seg over mållinja.
Vi tenkte først at det var ei heldig scoring, men skuddet kom nok kjappt på keeperen i den situasjonen.
(Bildet: Her startar Steffen å bli skeptisk idet han ser en forsvarar kome imot.)
(Bildet: Anders-Per sett inn ei tackling.)
(Bildet: Bjørnar Gundersen jaktar på ballen.)
-"Ein skuffa og nedslått gjeng etter kampen. At det kom nedslåande meldingar frå Longva hjelpte ikkje på humøret... Stordal er klar for 5.divisjon!
Vanskeleg også for trenar Geir Arne Pedersen å gje trøyst i ei slik stund. "
(Bildet: Frank Sverre Skorpen scora ett mål denne kampen også.)Kampen: Oppsummering.
Så var denne sesongen over. Bergsøylaget klarte aldri å halde oppe den store kvaliteten i spelet sitt etter at dei var ute av opprykkskampen,
og dei tre siste kampane har vore prega av dette. Fint var det likevel å avslutte sesongen med en siger, slik at en både har en god følelse
å ta med seg både til avsluttningsfest og til neste sesong.
(Bildet: Dag Gøran Brandal spelte en ny kamp i den kvite drakta..)
(Bildet: Fredrik Muren kom inn i løpet av kampen..)
-"Den elendige bortestatistikken er årsaka til at vi idag ikkje er i 3.divisjon. Vi får analysere
sesongen, og kalle inn styret og sportslig utvalg for å også legge strategien til neste år. Periodevis har vi hatt altfor tynn stall, og har måtte funne "nødløsningar grunna skader."
(Bildet: Frank Sverre Skorpen i en av sesongens siste duellar..)Vedlegg til kampen
Utklipp
KAMPREFERAT