Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Herd blei for sterke

Kampreferat 2007:

Herd - Bergsøy 4-0 (3-0)




Laurdag den 19.Mai 2007 - Herd kunstgrasbane



Sindre Eikrem




: Joakim Bendal



Kampreferat

Pre-match omtale.

Herd slo Rollon på bortebane i sist kamp, mens Bergsøy slo Ha/No i Fosnavåg. Herd var likevel en liten favoritt til denne kampen, mens fordi at Herd hittil i sesongen fortsatt ikkje hadde opplevd tap. Sant skal seiast så hadde Herd fortsatt ikkje vunne på heimebane heller, men med Bergsøy sin siste bortekmap friskt i minnet (tap mot Larsnes/Gursken) så var det ei usikkerhet om kva Bergsøy kunne by på når det gjaldt å utfordre Herd. Toppkamp kunne en godt kalle det, der vinnarlaget ville befeste sin posisjon blandt topplaga.

Kampen: Første omgang.

Bergsøy opna lovande og hadde eit klart spelesmessig overtak dei første 25 minutta, og i denne perioden noterte vi mellom anna eit stolpeskudd av Frank Sverre Skorpen. Gustav Pettersen var også aleine med Herd's keeper Knut Erik Håheim uten å lykkast, Håheim som tidligare har spelt på Bergsøy. Ein annan spelar Bergsøy skulle få kjempe mot denne dagen var forsvarar Lars Conradi Andersen, også han med fortid i Bergsøy. En kan godt seie at det var gamle kjenningar som var med på å stoppe Bergsøy denne dagen. Då Herd scora etter 27 minutter så datt Bergsøy sammen som et lag, og heimelaget tok over kampen.

-"Med eit så ungt mannskap så slit vi med at det blir for store svingningar i prestasjonane."

(Bergsøytrenar Tom Beddari)
1-0 målet til Herd kom etter eit innlegg som blei headda i tverrleggaren, før ein Herd-angripar var først på returen og dunka ballen i nettet. Bergsøy blei som et korthus i vind, og like etter var det klart for 2-0 etter ei gjennomløpning. Ved 2-0 målet var det manglande sikring i Bergsøy sitt forsvar, og like etter oppsto det ein liknande situasjon som førte til 3-0. Det var nok ei gjennomløpning som førte til målet, og Bergsøy hadde opplevd eit katastrofalt siste kvarter av den første omgangen.

Kampen: Andre omgang.

I den andre omgangen jamna det seg meir ut, og spelet var prega av mange duellar og lite konstruktivt spel fra begge lag. Vi noterte endel brukbare sjansar til begge lag, men det var berre Herd som klarte å score. Like før slutt blei det dermed duka for 4-0 til heimelaget, og dermed den siste spikeren i kista til Bergsøy.

-"Periodevis er det bra, men når rullgardinen først går ned er vi direkte svake. Vi må jobbe knallhardt med å få vekk disse periodene. Men vi nektar å gi opp trass i to bortetap, difor er det viktig å vinne torsdagens heimekamp mot Ørskog."

(Bergsøytrenar Tom Beddari)
Fraværet av forsvarsstrategen Vegard Sævik var merkbart i kampen mot Herd, og det ser ikkje ut som at han blir klar til kampen mot Ørskog heller. Det blir no håpa at Rune Frantsen kanskje kan bli klar til neste kamp, noko som kan trengst i Bergsøylaget som for tida slit med noko mannefall. Anders Hoff, Håvard Remøy og Terje Teige er tre andre som har merka sjukdom og skader siste uka. Frantz Frantzen er tilbake i Bergsøyleiren, men blir ikkje klar til Ørskogkampen heller han - dette grunna nokre kinkige overgangsreglar.


Vedlegg til kampen

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER