Utklipp
Bergsøy - Ørskog 1-1 (1-0)
Gustav Pettersen
Torsdag den 24.Mai 2007 - Bergsøy kunstgrasbane
Øyvind Kringstad,
Frank Sverre Skorpen
Pre-match omtale.
Då skulle det være duka for den andre kampen til Bergsøy A-lag på den nye og flotte kunstgrasbana.
Motstandar denne gangen var Ørskog, et lag som hadde kjempa seg til gode resultat tidligare i sesongen. Blant anna hadde dei slått Åram/vankam med 1-0 og spelt 3-3 borte mot Herd, laget Bergsøy tapte 4-0 for i sist serierunde.
Bergsøy hadde et naturlig ønske om å revansjere seg etter stortapet mot Herd, men måtte gjere dette uten dei to stødige midtstopperane Terje Teige og Vegard Sævik som begge var uaktuelle denne dagen.
Rune Frantsen var heller ikkje speleklar slik kanskje mange hadde trudd før kampen, men elles hadde Bergsøy et stort oppmøte i garderoben før kampstart.
I garderoba forut kampen fekk vi vite at Ørskog slett ikkje hadde nokon svakhetspunkter, og dermed var det duka for følgande spelarar å "gi jernet":
Arve Kvalsvik starta kampen imål, med forsvararane Thomas Voldsund, Paul Kåre Remøy, Mons Arne Kvalsvik og Harald Haugen foran seg.
Dette var nok Thomas sin start-debut på Bergsøy sitt A-lag. På midtbanen denne gangen var Daniel Hatløy tilbake på sin høgrekant, medan Steffen Kvalsund besette venstrekanten. Sentralt på midtbanen var Anders Hoff og Bjørnar Gundersen.
På spissplassane var Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen, to målfarlige spissar med god målscoringsteft på trening bak seg.
Dommar denne gangen var Øyvind Kringstad, og han hadde med seg Oddmund Kaldhussæter og Kenneth vestnes på sidelinjene.
Kampen: Første omgang.
Det var en nærvøs start på kampen fra Bergsøy si side, og dei første 5 minutta var prega av usikkerhet. Det var ikkje langt ifrå at Ørskog skulle få seg ein stor sjanse til å gå i ledelsen, men angriparen klarte ikkje å få kontroll på ballen som kom i bakrommet.
Etterkvart kom Bergsøy meir inn i rytma, og tok over meir av banespelet. Steffen Kvalsund skulle få heimelagets første gode målsjanse etter å ha blitt frispela av Gustav Pettersen på hjørnet av 16-meteren, men skuddet gjekk i den borterste stolpen og ut.
Utover i omgangen var det faktisk venstreback Harald Haugen som kanskje hadde dei fleste avsluttningane, både etter cornerar og fritt spel var han nærme på å score. Målet som imidlertid skulle kome var som tatt ut ifra læreboka idet Thomas Voldsund starta angrepet med et veggspel på høgrekanten.
Innlegget flikka Frank Sverre Skorpen vidare til Gustav Pettersen, og Gustav si kalde avsluttning gjekk over bortelagets keeper og inn i nettet. Et flott mål etter raske og gode trekk av heimelaget. Dette var Gustav Pettersen sitt første mål for sesongen, og vi håpar no at ketchupflaska har opna seg for fjorårets toppscorar i klubben.
(Bildet: Bergsøy hadde ballen klart mest i den første omgangen)
(Bildet: Bjørnar Gundersen er sjelden redd for duellar)Kampen: Andre omgang.
Det skjedde mindre den første halvdelen av den andre omgangen, og sakte men sikkert fekk Ørskog meir håp om poeng etterkvart som Bergsøy ikkje fekk sitt mål nummer to.
Igjen hadde Bergsøy farligheter etter corner, men Ørskog-keeperen fekk fista over til ny corner ved ett tilfelle. Daniel Hatløy var ganske nærme på å utvide ledelsen etter et dribleraid frå høgrekanten,
men rakk ikkje å avslutte tidsnok før ballen blei avklarert. Elles var det meir eller mindre halvsjansar som blei prestert. Spissduo Frank Sverre og Gustav kombinerte seg fram til mål, men det resulterte sjeldent til noko som keeperen
blei utfordra på.
(Bildet: Ørskog kjempa seg meir inn i kampen i 2.omgang)
-"Gratulerer med en kjempe fin bane, og en vanvittig fin aktivitetspark!
Bergsøy best første 60, Ørskog best siste 30"
(Bildet: En må ha spenst for å spele i norsk 4.divisjon)
-"Synst vi er klart best og burde vunne med minst et par mål idag. Desverre er vi litt for upresise i siste fase. Når d gjelde utvisninga so meina ej det er feil. "
-"I dag er vi brukbart fornøyd med kampen, 1.omg begynner bra,
men vi sliter litt etter hvert med å komme med nok folk etter, både på løp og for å vinne andreballer, Bergsøy ledet fortjent til pause hvor vi hadde mye å gå på. 2.omg syns jeg at vi spiller bra til tider, vi kommer nærmere og nærmere scoring, og får betalt 10.min før slutt, med en fortjent utlikning. Vi jobber bra, har gode innlegg, farlig på dødball og legger ned en solid innsats, for dette får vi betalt med 1 poeng, som gjør godt for selvtilliten videre."
(Bildet: Frank Sverre Skorpen fortvilar over det raude kortet)
-"Vi fikk ikke det resultatet vi ønsket, men vi for ta med oss det positive, og jobbe knallhardt videre! Vi er på rett vei formasjonsmessig, og flere står fram og viser framgang i taktiske valg, for seg sjøl, og ikke minst for laget "
(Bildet: Håvard Remøy sendte av gårde det siste farlige skuddet i kampen, men dette gjekk over.)Kampen: Oppsummering.
Bergsøy gjennomførte ingen dårlig kamp, sjølv om resultatet vil få fleire til å utvise sin skuffelse over at Bergsøy ikkje klarte å slå et nyopprykka 4.divisjonslag.
Ørskog er slett ikkje noko 5.divisjonslag, på samme måte som Bergsøy slett ikkje er et 3.divisjonslag for øyeblikket. Bergsøy var best i denne kampen, og hadde mest av både ballbesittelse og sjansar.
Desverre for Bergsøy blei det med det eine målet, mens Ørskog fekk sitt utligningsmål på et gunstig tidspunkt. Bergsøy prøvde, men hadde for lite tid på seg til å svare på Ørskog sitt mål.
På Bergsøy hadde keeper Arve Kvalsvik nok ein god kamp, mens Harald Haugen fortsatte med sine gode offansive bidrag.
Thomas Voldsund gjorde ei god kamp og var delaktig i målet, men var også noko uheldig med førstetøtchet ved enkelte tilfeller.
Paul Kåre Remøy og Mons Arne Kvalsvik vann dei fleste duellane som kom i deira vei, og var solide med unntak av startperioden av kampen der mangel på sikring skapte halvfarlige situasjonar.
Daniel hatløy på høgrekanten kom mindre med denne gangen, men var nærme på å sette 2-0 spikeren i kista et stykke uti den andre omgangen. Anders Hoff hadde ein kamp på det jamne og var nok engang flink med praten på midtbana, medan Bjørnar Gundersen
blei observert i susande tacklingar som det lukta svidd av. Ikkje noko uvanlig syn med andre ord. På venstrekanten har Steffen Kvalsund skifta spelestil og ligg meir sentralt i bana, og kom ikkje nærmare mål enn avsluttninga tidlig i kampen som gjekk i stanga.
På topp var det mykje bra samarbeid mellom Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen, noko også 1-0 viste,
men desverre blei det ikkje fleire enn det eine målet denne gangen.
(Bildet: Enkelte innbyttarar kom aldri på bana, men Øyvind Humberset var ganske nærme denne gangen. Faktisk så nerme at han hadde innbytterlappen som bevis på det.)Vedlegg til kampen
Utklipp
KAMPREFERAT