Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tap mot Norborg

Kampreferat 2008:

Norborg - Bergsøy 2-0 (1-0)




Norborg si grasbane


Håvard Remøy


Christer Jensen.




: Vegard Sævik fekk smell i toppskallen : Aleksander Dahle med sin Bergsøydebut
: *; Daniel Kvalsvik, *; Mads Sævik.



Kampreferat

Et lag er aldri bedre enn dei ellve som startar, og kampreferatet skal handle om dei laga som møttast i Uggedalen. Likevel kan vi ikkje skrive om denne kampen uten å nemne spelarane Bergsøy mangla, og som gjorde at laget og formasjonen denne dagen blei som det blei. Ei uke tidligare leika Bergsøy seg mot Åram, men seks spelarar som starta den kampen kunne ikkje være med denne gang. Spissparet Frank Sverre Skorpen (ryggskade), Thomas Sætre Hauge (suspansjon), midtbaneduo Bjørnar Gundersen (eksamen, kom seint), Gustav Pettersen (operasjon), samt forsvararane Lars Conradi Andersen og Harald Haugen (kiropraktor satte ned foten) var alle borte frå forge startellvar.

I håp om å kjempe til seg poeng så spelte Bergsøy meir defansivt enn vanlig i en 4-5-1 formasjon, med Toni Sandanger i mål bak Paul Kåre Remøy, Vegard Sævik, Mads Sævik og Fredrik Muren i forsvaret. På midtbana var Dag Gøran Brandal tilbake og spelte sentral midtbane med Daniel Kvalsvik og Håvard Remøy foran seg. På kantane var Steffen Kvalsund og Anders Per Vågsholm mens André Lima var einslig spiss.


(Bildet: Det var mange smil å sjå på benken før kampstart)


Skal vi nemne om meir av det som er av betydning før kampstart så var det i det minste eit ganske så fint vær denne dagen. Grasbana til Norborg var også stor og fin, og første gangen et Bergsøy A-lag har spelt på. Elles var oppvarminga oppløftande med god bevegelse. Forøvrig kan vi notere oss at Norborg si tribune hadde flotte stolar, og at tribuna var fint plassert bak en lav og fin steinmur.
-"Idag er det fleire som får sjansen til å vise kva som bur i seg, kampen idag er ein god mulighet til å vise seg fram. Vi manglar endel spelarar, men spelar vi slik vi veit vi kan så tek vi Norborg "

(Garderobeprat før kampen)



(Bildet: Fredrik Muren på et offansivt raid i 1.omgang)


Kampen: Første omgang.

Bergsøy tapte kapteinskampen, og Norborg fekk velge side. Dei valgte å spele nedover i 1.omgang. Vi føler at Bergsøy hadde god kontroll på kampen før pause, dog uten å skape dei altfor mange og store sjansane. Bergsøyforsvaret rydda bra opp i bakrommsballane som Norborg prøvde seg på. Vegard Sævik fekk seg tidlig ein smell i topplokket, men spelte vidare. Mads Sævik spelte berre bedre og bedre utover i kampen, viste seg fram som eit godt midtstoppartalent, og var ein av dei beste på bana.

André Lima fekk ingen enkel jobb som møtande spiss med ein stor forsvarar i ryggen, og Bergsøy sine beste forsøk mot heimemålet kom på løp i bakrommet. Anders Per Vågsholm var nærme på scoring, og Andrè Lima var også nærme på å få tak i ballen på gjennomløpning, mens Steffen Kvalsund hadde eit lobbforsøk som gjekk utanfor. Det var endel nesten, men aldri dei heilt gode avsluttningsmulighetene.


(Bildet: En norborgspelar bestemmer seg for å ta en break-dance, mens Anders Per følger opp med hallingdans.)


Ein Norborgar fekk gult kort for filming inne i Bergsøy sin 16-meter, og utover i kampen var det begge lag som tydelig var missfornøgde med endel av avgjærdslane til dagens dommar Jensen. Norborg ropte på hands og straffespark nokre gongar uten å få respons, mens Bergsøy sin frustrasjon nådde toppunktet idet Vegard Sævik vart hugd ned som av ein ljå bakfrå av ein Norborgar som hadde gult frå før. Dommaren på si side meinte spelaren tok ballen, og dømte kast. Vegard måtte etterkvart gi seg, forståelig nok for dei som såg knottemerka på ryggen som såg ut som piskeslag.


(Bildet: Dagens beste Bergsøyspelar var Daniel Kvalsvik)


Med delvis god kontroll bakover, med untak av kanskje Norborg sitt farligaste våpen i døballane og lange innkast, så klarte desverre Bergsøy å hjelpe Norborg litt på vei. Et høgt og humpette tilbakespel til Toni starta usikkerheta, avklareringa blei kort og blei lempa tilbake i feltet der Toni feilberegna stussen. Med ein utmanøvrert keeper så hadde Tarjei Gjerset Urkedal ein lett jobb med å sette inn 1-0 målet, og da var kampen 20 minutter gammal.


(Bildet: Fredrik Muren gjer seg klar til eit opphopp til ny hodeduell.)


Det var på gjennomspel at Bergsøy kom nærme, men stort sett alle gjennomspela blei ein meter for lange og blei snappa opp av keeperen. Dag Gøran Brandal hadde så eit godt frisparkforsøk som keeper gav retur på, men ingen lukta på den målsjansen. Deretter var det Håvard Remøy som skulle vise seg fram på dagens andre store sugande løp, han passerte fleire spelarar i god fart men rakk aldri å fyre av kanona før han sprang heilt inn til keeper.


(Bildet: Kameramannen klarte å ta eit bilde idet ballen var nede på bakken.)


Om vi skal oppsummere den første omgangen så meinte vi at Bergsøy hadde eit greit tak på kampen, at laget leda målsjansestatistikken og låg under noko flatterande på bakrunn av eit uheldig tabbemål. Til den andre omgangen skulle derfor Bergsøy gå på bana igjen i håp om å skru opp tempoet enda meir, og gjære slik at Norborg blei utmatta.

Kampen: Andre omgang.

Planen til Bergsøy var grei nok, men spelarane klarte aldri å gjennomføre den. Norborg klarte å få Bergsøy ut av rytma, og vi er usikre på om Bergsøy nokongong var inne i rytma i den andre omgangen. Det blei ikkje fasong over spelet til Bergsøy, og spelarane fann ikkje kvarandre. Pasningsspelet var uryddig, og ballane blei både høge og upresise. Bergsøy blei nok påvirka av Norborg sine høge avklareringar, og tilslutt blei det lite konstruktivt. Kort fortalt så klarte Bergsøy aldri å legge et trykk på Norborg etter pause, og omgangen var ein nedtur i forhold til den brukbare-minus førsteomgangen.


(Bildet: Steffen Kvalsund på løp frammover.)


Vi talte kanskje ei 2-3 sjansar til Bergsøy etter pausen. Steffen Kvalsund blei spelt fram av Fredrik Muren og skaut frå skrå vinkel, denne slo keeper til corner. Og det var på nettopp ein corner at den største sjansen kom seinare i omgangen idet ein spelar headda høgt mot mål. Berre ei fantomredning av keeperen gjorde at Bergsøy ikkje skulle få mål ved den situasjonen.


(Bildet: Vegard hadde blitt takla ihæl, og måtte tilslutt ut)


Men før Bergsøy skapte noko som helst så hadde Norborg tatt leiinga 2-0 ved Morten Kalvø på noko som best kan beskrivast som et halvtliggande brassespark. Ballen spratt i bakken og over ein slengande Toni Sandanger som var dekt av eitpar spelarar. Kanskje kunne det vore offside på nokon av dei som dekte Toni ved den situasjonen? Situasjonen kom som følge av eit frispark som blei sendt inn i Bergsøy sitt målområde i det 69.minutt.


(Bildet: -"Kom igjen dommar, kjitl na under armane - han lika det".)


Mot slutten av kampen blei det foretatt endel bytter, og guttespelaren Aleksander Dahle fekk sin A-lages debut idet han kom inn for Steffen Kvalsund. Daniel Sandvik kom også inn for Bergsøy som eit offansivt trekk, mens Bjørnar Gundersen og Terje Teige også kom inn iløpet av den andre omgangen.

Kampen: Oppsummering.

Eit surt tap, på bakgrunn av at ein såg mulighetene til å slå det Norborglaget som Bergsøy møtte denne dagen. Likevel makta ikkje Bergsøy å gripe sjansen til poeng, og kom bakpå grunna litt rot som førte til 1-0 scoringa. Etter pause blei det etter Bergsoy.com si meining ganske begredelig det som blei skapt frammover, og med nok ei Norborgscoring så vann heimelaget fortjent sett utifrå kampen totalt sett, og spessielt utifrå den andre omgangen.


(Bildet: Bergsøy sine tapre menn måtte sjå seg slått denne gangen.)


Norborg var sjølvsagt fornøgde med å slå Bergsøy, og meinte samtidig at dei presterte årsbeste. Vi synes på ingen måte at dette var nokon stor kamp, men krigarvilja til Norborg var det som vippa pinnen i deira favør denne dagen. Samtidig slepp Bergsøy motstandarane lite til på både heimebane og bortebane, og Norborg hadde lite av sjansar. Forskjellen, og det som har vore kjenneteikna på poengtapa (Ørskog 3-3 og Norborg 2-0) er at motstandarane til Bergsøy har tatt veldig godt vare på sine sjansar.


(Bildet: Anders Per med kapteinsbind, og Aleksander Dahle i sin debykamp.)





Vedlegg til kampen

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER