Thomas Sætre Hauge 2, Frank Sverre Skorpen
22.05.2008 - Havila Stadion
Dag Gøran Brandal, Bjørnar Gundersen
Steinar Hjelle
Kampreferat
Første omgang mot Vartdal var direkte svak fra begge lag prega av mange feilpasningar og lite planmessig spel. Kaptein Frank Skorpen hadde ein stor sjanse til å gi heimelaget ledelsen uten å lykkast. Trass i spelesmessig overtak hadde Bergsøy problemer med å trenge gjennom bortelagets forsvar.
-"Spelesmessig var vi langt under pari, men så lenge det blir tre poeng må vi seie oss nøgde. "
(Tom Beddari)
Det gikk ein halvtime før Bergsøy fekk uttelling, og det var Thomas Sætre Hauge som stakk fint igjennom før han runda keeper og satte ballen inn til 1-0. Det var ein fin prestasjon og fullt fortjent.
Etter pausen utlikna Vartdal til 1-1 på en av sine få sjansar i kampen. Det var spissen Markus Dimmestøl som fekk stå umarkert og scora frå 7 meters hald.
Bergsøy forsto nok alvoret etter dette, og tok snart meir kommando i kampen. Igjen var det lagets raske spiss Thomas Sætre Hauge som gav Bergsøy ledelsen. Målet kom som følge av eit flott innlegg av Dag Gøran Brandal.
Da Frank Sverre Skorpen la på til 3-1 på eit susande skot i nærmaste vinkel etter framspel av juniorspelar Daniel Sandvik var kampen i realiteten avgjort.
Hos Bergsøy kan forsvarsfireren beståande av Fredrik Muren, Lars Conradi Andersen, Vegard Sævik og Harald Haugen få godkjent karakter. Framover var det litt dårligere samhandling.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp