Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Daniel J Kvalsvik avgjorde

Kampreferat 2008:

Herd - Bergsøy 0-1 (0-0)



Daniel Jøsok Kvalsvik (83)


Torsdag den 29.Mai 2008 - Herd kunstgrasbane


Lars Conradi Andersen


Jim Andre Dyb fra Giske IL



50 tillskuere


: Dag Gøran Brandal kneskade. : *; Daniel Kvalsvik, *; Vegard Sævik *; Lars Conradi Andersen.



Kampreferat

Herd hadde ennå ikkje tapt hittil i sesongen, mens Bergsøy helst ikkje burde tape denne kampen for å henge godt med i kampen om dei to opprykksplassane.

(Bildet: Frank Sverre Skorpen valgte side, istadenfor å velge ballen denne gangen. )


På heimebane hadde Herd spelt to kampar og vunne begge med den totale målforskjellen på 10-3. At Herd også hadde vunne sine tre bortekampar tyda på eit sterkt topplag som Bergsøy denne gang skulle møte på Kunstgrasbana på Herd. Ei bane som Bergsøy forøvrig ikkje alltid har vore så komfortable på. Med god trening på si eiga kunstgrasbane det siste året har nok Bergsøy blitt meir vande med raske dekke, og kanskje var det på tide å ta et ekstra tak på bortestatistikken?

(Bildet: Mads Sævik kom inn på høgrebacken og spelte en god kamp. )


Bergsøy kunne stille så å seie toppa mannskap til denne kampen, med unntak denne gang av Daniel Sandvik som spelte på venstrekanten i sist kamp. I mål var Toni Sandanger, mens forsvaret var rutinert besatt med Vegard Sævik og Lars Conradi Andersen på midtstopparplassane, og Dag Gøran Brandal og Harald Haugen på backane. På midtbanen var Anders Per Vågsholm, Bjørnar Gundersen, Daniel Jøsok Kvalsvik og Steffen Kvalsund. På topp var Frank Sverre Skorpen og Thomas Sætre Hauge.

Kampen: Første omgang.

Det var strålande sol og varmt i lufta idet laga møttast på kunstgrasbana, og det var klart for toppoppgjør i årets 4.divisjon. Bergsøy var fokuserte på å gjære det vanskelig for Herd, og spelte kompakt og var tolmodige. Å være på rett side av ballen, og å avslutte angrepa var to viktige moment for suksess.

(Bildet: Bjørnar Gundersen blir skubba i ryggen. )


-"Ja, vi skal være kompakte defansivt, og vi ønsker å gjøre det vanskelig for Herd"

(Tom Beddari før kampen.)


(Bildet: Anders Per Vågsholm på vei frammover langs høgrekanten. )


Herd hadde ballen mykje i den første omgangen, men Bergsøy var flinke i å hindre dei store romma for Herd å boltre seg i. Heimelaget skulle få sjå at det ikkje er lett å kome igjennom BIL sitt gode forsvar, denne gang med to ganske opplagde midtstopparar i Lars Conradi Andersen (Ex-Herd) og Vegard Sævik. Det var imidlertid Bergsøy som skulle få dei to første store sjansane i kampen, og Frank Sverre Skorpen small av gårde et hardt skudd etter pasning frå Thomas Sætre. Skuddet suste denne gangen såvidt over tverrleggaren.

(Bildet: Mads Sævik i et luftig sprang.)


Thomas Sætre Hauge har fleire gongar vist fram sitt tekninske repertoar hittil i sesongen, og et lite stykke ut i den første omgangen mot Herd så hadde han eit flott soloraid som var ganske nærme på å gi uttelling. Fleire Herd-spelarar gjekk på Thomas sine overstegsfinter, men det siste avgjærande skuddet gjekk desverre like utanfor den bortre stolpen. Herd viste seg fram som eit godt lag, og spelte ballen frå mann til mann på midtbane - gjerne flinke til å skjerme ballen. Men det var ikkje mange farligheter heimelaget kom til, dei største skumle sjansane kom gjerne på døballsituasjonar.

(Bildet: Dagens "man of the match" Daniel J Kvalsvik. )


Døballsituasjonar blei det endel av. Herd hadde både cornerar og frispark der dei fekk lempe ballen inn i BIL sitt målfelt. Dette var derimot ikkje dagen då BIL hadde ønske om å sleppe inn verken "billige" eller fine mål, her måtte Herd jobbe for avsluttningane. Bergsøy var ikkje så spelande på midtbana som heimelaget var, og til tider dreide det seg om å være særs kynisk for å få bort ballen. På overgangane hadde BIL derimot muligheter til å skape sjansar, men det blei ofte litt for upresist for at dei aller største sjansane skulle kome.

(Bildet: Bjørnar Gundersen trur pluttselig at han er ute og kjører bil. )


Et lite stykke ut i 1.omgangen kolliderte også Bjørnar Gundersen og Dag Gøran Brandal. Begge fekk seg harde kakkar, noko som gjekk hardast ut over Dag Gøran Brandal sitt kne. Spelarbytte måtte foretakast, noko som medførte at Mads Sævik kom inn på høgrebacken. Herd spelte ut ballen ved dette tilfelle, noko som gjorde dei opprørte over at Bergsøy ikkje spelte ut ballen et stykke seinar ei kampen idet midtstopparen deira låg nede etter en trøkk i ryggen. Til Bergsøy og dommarens forsvar så dreide BIL sin krasj om hodeskade (bjørnar), mens Herd si skade (smell i bakken) ikkje automatisk fører til at en skal spele ut ballen.

(Bildet: Lars Conradi Andersen bidrog til å halde nullen borte mot topplaget )


Bergsøy hadde gjennomført ein grei defansiv førsteomgang, og leiia også i sjansestatistikken slik vi ser det. Likevel var det meir å gå på spessielt offansivt, og spelestilen var nok meir "uryddig". På den andre side var Herd sin "ryddige" spelestil for enkel for BIL å rydde opp i, det gjekk for sakte frammover med Herd til at det skulle bli så alt for farlig.

Kampen: Andre omgang.

Den andre omgangen var lenge ganske sjansefattig, og det var ein jamn og spennande omgang uten så alt for mange hendingar. Spenninga dreide seg da aller mest om når den første store sjansen skulle kome, og da eventuellt kven som skulle få den. Den første halvtimen av omgangen var rettogslett ganske hendelsesfattig, men det tok seg meir opp det siste kvarteret.

(Bildet: Toni Sandanger hadde ei flott redning på 0-0 som var viktig for kamputfallet. )


Og det var Herd som då skulle få sin store sjanse i kampen idet ein spelar lurte Bergsøy si offsidefelle og avanserte frå skrått høgre og inn mot mål. Toni sandanger kom sigrande ut av den poengviktige duellen, og Bergsøy kunne prise seg lykkelig over at et sekunds søvn ikkje blei fellande ved den situasjonen.

(Bildet: Anders Per Vågsholm får ballen rettvendt.)


Håvard Remøy hadde kome inn på venstrekanten til Bergsøy det siste kvarteret, og dette byttet førte til nye offansive krefter for Bergsøy. Det skulle vise seg at byttet raskt skulle gi uttelling, og Håvard sin villighet til avsluttning skulle etterkvart belønne seg. Eit godt skudd av Håvard som først gjekk innom Frank Sverre SKorpen traff også Daniel Kvalsvik på Herd si mållinje. Uten innvolvering av dei to sistnemnte så hadde ballen gått i mål til BIL-ledelse. Ein stor sjanse.

-"Daniel ville ikkje at Håvard skulle score, han ville bli matchvinnar sjølv.". (Sagt i Bergsøygarderoba etter kampen.)

(Bildet: En stor Bergsøysjanse idet Daniel Kvalsvik reddar ballen på streken. )


Et nytt skuddforsøk av Håvard Remøy skulle skifte retning litt seinare i omangen, og retningsforandringa ordna Bergsøy ein corner. Corneren frå Thomas Søtre stussa seg vidare gjennom Herdfeltet, og mot bakre stolpe kom Daniel Kvalsvik stormande for å stange ballen inn i mål. Ei god scoring frå kampens beste spelar. Daniel viste enorm arbeidskapasitet denne kampen, både i lufta og langs bakken.

(Bildet: Daniel Jøsok var i duellar overalt på bana. )


Kampen: Oppsummering.

-"Det var bare å kaste seg fram og sette den inn. Utrulig deilig"

(Daniel Kvalsvik til Sunnmørsposten.)


(Bildet: Daniel har headda inn 1-0 og alle jublar. )


-"Bergsøy er nok det beste laget vi har møtt iår, men det var jemnt og det kunne bikket begge veiar. Vi sa på forhånd at det var en slik scoring som kunne felle oss. Det var ein typisk toppkamp som desverre ikkje bikket vår vei."

(Herdtrenar Gunnar Hagen.)


(Bildet: Gruppeklem for å halde varmen. )


Viktige tre poeng i toppkampen til Bergsøy, og da er Herd og Bergsøy oppe i like mange poeng. Det var slike kampar som dette at Bergsøy ikkje tok poeng i under fjorårets sesong, mykje på bakgrunn av mange fråvær i forsvarsrekka på bortekampane. Med like stor konsentrasjon i det defansive arbeidet i kampane frammover, så skal Bergsøy kunne så fram til mange poeng.

(Bildet: Frank Sverre Skorpen var fleire gongar å sjå oppe i luftduellane. )


Neste kamp er mot Stranda heime, ein ny toppkamp mot eit lag som slo Bergsøy både heime og borte i fjorårets sesong. Kampen vil etter alt å dømme gå på gras, om ikkje det blir langvarige regnproblemer. Med seier mot Stranda vil Bergsøy ha fått seg ein strålande start på sesongen, og ha skapt seg ei luke ned til ein av dei argaste konkurrentane.

(Bildet: Slik ser Bergsøymuren ut idet ballen snart kjem susande. )


Ørsta og Herd ser sterke ut. Ørsta knuste Gursken/Larsnes med kalassiffer, mens Herd imponerte med god ballbehandling mot Bergsøy. Etter kampane hittil i sesongen ser vi at Herd, Ørsta, Stranda og Bergsøy er alle fire kapable til å kunne gå for opprykk. Spørsmålet er kven av desse fire laga som greier å være mest stabile, og unngå dei største poengtap-blemmene i kampane som kjem. Toppkampar som den neste uke mellom Bergsøy og Stranda, vil være svært viktige når en tilslutt skal telle opp poenga.

(Bildet: Frank Sverre skjermar ballen langs bakken. )





(Bildet: Glede på Bergsøbenken idet dommaren blåste av til Bergsøysiger. )





Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER