Kampreferat
Bjørnar Gundersen og Rune Frantsen ordna måla i dagens 2-2 kamp mot Ha/No. Bjørnar "la ballen i hjørnet", mens Rune sitt frisparkinnlegg gjekk rett imål like før full tid. Slik var iallfall den beskrivelsen vi fekk tak i.
Poenget førte Bergsøy opp på 17 poeng, og ligg dermed litt over midten på tabellen. Synd det ikkje blei seier, noko som hadde ført laget heilt oppe i tetsjiktet. Både Ørsta, Sunnylven og Norborg er også med i tetkampen ilag med Stranda, Herd og Bergsøy. Faktisk er det Stranda, Norborg og Sunnylven som står med berre eitt tap hittil. Ørsta viste svakhetstegn sist kamp, mens Norborg viste styrke med å vinne inne i Ørsta med 3-1. Dei som såg kampen meinte Ørsta spelte dårlig og lempa ballen langt og høgt uten resultat.
Ettersom Bergsoy.com ikkje var tilstades under kampen mot Ha/No, så har det blitt endel rekonstrueringar i ettertid.
På bildet under ser vi ei av rekonstrueringane som vi fekk forklart seinare på laurdagskvelden etter kampen.
(Bildet: På dette bildet ser vi forklart ein av dei store målsjansane til Bergsøy i løpet av den første omgangen mot Ha/No..)
Daniel Kvalsvik (nederst på bildet representert som et halvt nøtteskall) har slått en fin stikkball
(chillinøtt) gjennom forsvaret (dei fire potetgullflaka) i retning mot Frank Sverre Skorpen (ei anna chillinøtt).
Frank slår så ballen tilbake ut i feltet gjennom ei mølje av chillinøtter, men potetgullflaket i Ha/No-buret mellom chillinøtt-stengrene slepper unna med skrekken.
Hverken Thomas Sætre Hauge eller André Lima foran mål får avslutta reint.
-"Vi gjennomførte ein bra kamp. Særleg er eg fornøgd med tempoet i overgangane i andre omgong. Då gjekk ballen hurtig framover og vi skapte store og klare målsjansar "
(Ha/No sin lagkaptein Lars Petter Haram)
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp