Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Sjokktap på heimebane

Kampreferat 2009:

Bergsøy - Vartdal 1-4 (0-4)



Mål: 0-1 (2 min), 0-2 (12 min), 0-3 (15 min), 0-4 (35 min), 1-4 Andre Lima (75 min).






220 tillskuere




Kampreferat

Bergsøy tapte i dag 1-4 heime mot Vartdal, og presterte ei forestilling som berre kan beskrivast som flaut. 220 tilskodarar hadde satt av ettermiddagen på Bergsøy stadion. 1 070 tilskodarar har til saman sett våre to første heimekampar, og det er imponerande i 4. divisjon! Vi må opptre på ein heilt annan måte enn i dag skal vi klare å halde på vårt trufaste publikum!

I dag opptrådte vi naivt, og feila i alle spelets faser. Når vi i tillegg ikkje sprang nok og duellerte for dårlig, gjorde vi det lett for eit Vartdal-lag som utførte ein perfekt taktisk kamp mot oss. All honnør til gjestane! Vartdal fekk brudd på oss i gunstige posisjonar i starten av kampen, kjørte overgangar, og scora kvar gong dei var innanfor 16-meteren. Etter kvarteret var stillinga 0-3. Ti minutt før pause auka bortelaget ledelsen på straffe. Bergsøy hadde eit par gode muligheiter til å redusere i 1. omgang, men var for upresise.

I 2. omgang vart det naturleg nok enveiskjøring frå start til slutt. Vartdal la seg bakpå, og forsvarte seg godt. Bergsøy produserte fleire sjansar, men reduserte berre ein gong ved Andre Lima. Neste torsdag får vi sjansen til å revansjere oss når Ørsta kjem på besøk til Fosnavåg. Vi har mykje å øve på til då, og gled oss til treningsveka. Heldigvis tapte vi berre tre poeng i dag, og vi skal kome sterkt tilbake!

Laget: Tony Sandanger (Kim Rene Vågeskar fra 45 min); Fredrik Muren, Lars Conradi Andersen, Terje Teige, Harald Haugen (Egzon Abazi fra 45 min); Aleksander Dahle (Bjørnar Gundersen fra 45 min), Gustav Pettersen (Mats Inge Teige fra 45 min), Daniel Sandvik (Jim Kjellstadli fra 45 min), Joakim Bendal (Anders Per Vågsholm fra 75 min), Frank Sverre Skorpen, Daniel Hatløy (Andre Lima fra 45 min).


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandnsytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER