Utklipp
Vestlandnsytt
Bergsøy - Ørsta 4-2 (1-0)
1-0 Gustav Pettersen (35 min), 1-1 (48 min), 2-1 Mats Inge Teige (65 min), 2-2 (75 min), 3-2 Joakim Bendal (79 min), 4-2 Daniel Hatløy (90 min)
Gustav Pettersen
130 tillskuere
: Startdebut for 15-årige Jim Kjellstadli og 17-årige Peter Daniel Baade
Kampen.
Bergsøy vann torsdag 4-2 over eit ørsta-lag som truleg kjem til  kjempe i toppen i år. Berre 130 tilskodarar hadde tatt turen til stadion, men med to under pari heimekampar i sesongstarten, var det kanskje forstÂeleg. Dei frammøtte fekk imidlertid sjå eit Bergsøy-lag som sprang og kriga i samtlige 90 minutt, spelte god fotball og tok ein fortjent siger.
For Bergsøy debuterte både 15-Ârige Jim Kjellstadli og 17-årige Peter Daniel Baade frå start, og begge var toneangivande til sigeren. Heimelaget festa grepet frå dommaren bles i fløyta, og produserte fleire bra muligheiter i 1. omgang. Blant anna var Joakim Bendal Âleine med keeper utan å score, og ørsta hadde også ei redning på streken etter ein corner. Også Peter Daniel Baade var nærme eit par gongar. Etter 35 minutt scora imidlertid Gustav Pettersen då han kriga seg forbi ørsta-forsvaret og sette ballen i mål åleine med keeper. Det var også pauseresultatet.
Ørsta reduserte tidlig i 2. omgang på dødball. Bergsøy slo nesten tilbake umiddelbart, men stolpen sto i veien for Frank Sverre Skorpen sitt skudd frå kloss hald. Det var starten p ei sjanserik Bergsøy-periode. To gongar kom Joakim Bendal Âleine med keeper utan  finne nettmaskene, før Mats Inge Teige breisida ballen i mÂl til Bergsøy-ledelse halvvegs ut i omgangen.
Ørsta reduserte igjen eit kvarter før slutt, men Joakim Bendal slo umiddelbart tilbake då han scora p eit skudd frå kort distanse. Ørsta hadde lite å by på etter dette, og Daniel Hatløy fekk Êren av  pynte p resultatet til 4-2 då klokka viste 90 minutt.
Ein underhaldande kamp, og eit Bergsøy-lag som la ned tungt arbeid og fulgte kampplanen frå start til slutt. Neste torsdag spelar Bergsøy borte mot Hovdebygda, og vi håper mange tek turen under Eiksundsambandet for  følge laget!
Laget: Kim Rene Vågeskar; Fredrik Muren, Lars Conradi Andersen, Terje Teige, Mads Sævik; Gustav Pettersen (Bjørnar Gundersen 82 min), Mats Inge Teige (Aleksander Dahle fra 90 min), Jim Kjellstadli (Daniel Sandvik fra 85 min), Joakim Bendal (Andre Lima fra 85 min), Frank Sverre Skorpen, Peter Daniel Baade (Daniel Hatløy fra 75 min).
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandnsytt
KAMPREFERAT