Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Mange mål i bortetap mot Stranda

Kampreferat 2010:

Stranda - Bergsøy 5-3 (3-1)



0-1 Peter Daniel Baade (10), 1-1 Ronnie Furset (14), 2-1 Kim Vangen 828), 3-1 Fredrik Astad Sve (38), 4-1 Torgeir Rusten (59), 5-1 Fredrik Sve (61), 5-2 Peter Baade (75), 5-3 Frank Skorpen (93)


10.09.2010 - Stranda Kunstgress


Ole Melchior


Torbjørn Krøvel






Kampreferat

Bergsøy spelde ein god kamp og skapte masse sjansar, men måtte likevel reise slukøra heim til Fosnavåg etter ein leksjon i effektiv fotball av Stranda.

Av: Thomas Sporsheim

Det starta bra med god aggresivitet og overtak for det kvite bortelaget. Ole Magnus Melchior var særs aggresiv på backen og nytta energien til å fosse opp og ned på sida i fyrste omgang. Allereide etter 2 minutt kunne det stått 1-0 til Bergsøy etter at Andrius Petreikus slo eit kanoninnlegg på bakre der ringreven Frank Sverre Skorpen venta. Skorpen som var tilbake i startoppstillinga heada utenfor frå kort hald. Kva han ropte på i etterkant der var kanskje ein hands, men det veit underteikna lite om. Har heller ikkje spurt Skorpen om det... Litt seinare måtte ein Stranda-spelar verte frakta til sjukehus i Alesund etter ein solid duell med ein BIL-spelar foran eige mål. Det vart konstatert over anlegget at det var eit mogleg kjevebeinsbrot. Bergsoy.com ynskjer vedkommede god bedring.

Mål følger ofte mål

Ikkje lenge etter skulle det sjå endå svartare ut for Strandingane då Peter Daniel Baade fekk ta route 1 mot målet. Skorpen fant han med ei fin pasning og Baade gjorde ingen feil frå kort hald då han banka den i nota til 1-0 for bortelaget. Då såg det lyst ut for Bergsøy. Men dommaren skulle snart forære Stranda eit håplaust frispark. I det Terje Teige klarte ballen utanfor sitt eige straffefelt, kom han borti ein Stranda-spelar etterpå og dommeren bles frispark! Man kunne nesten sjå teksta på veggen allereide då. For frisparket vart blese rett i mål via høgre stolpe for stakkars Kim Renè Vågeskar til 1-1 på Stranda stadion.

Bergsøy kunne tatt tilbake leiinga like etterpå, men både Petreikus og Skorpen sitt skot vart blokkert i siste liten. Skorpen som ellers var pigg kunne også heada inn eit mål, men innlegget frå Peter Baade vart ekspedert utanfor. Etter dette fekk Melchior eit særs unødig gult kort, og då fekk Lars Petter Rønnestad noko å tenkje på. Men endå meir skulle det verte etter at Kim Vangen fekk stå umarkert på ca 20 meter å lade kanona etter 29 minutt. På skikkeleg Paul Scholes vs Fulham maner banka han ballen i hjørnet bak ein forfjamsa Vågeskar til 2-1. Vågeskar hadde ikkje mykje å gjere, men måtte altså hente sin andre ball ut av nettet. Men verre skulle det verte...

Frå vondt til verre

39 minutt viste uret til Bergsoy.com då ballen fekk ein lei sprett for Lars Conradi Andersen og ein Stranda-spelar fekk stikke inn bak ryggen og sette inn 3-1 til heimelaget. Brutalt for Bergsøy som ikkje akkurat mangla sjansar i omgangen. Frank Sverre Skorpen vart også rett før pause spelt igjennom. Men i ein slags trygg kjensle av at han var i offside vart det berre ein slapp lobb over mål. Ei redusering der og Bergsøy hadde hatt store sjansar til å vinne kampen i andre omgang. Men omgangen ebba ut med 3-1 for Stranda.

Rønnestad kom ut med 3-4-3 formasjon og Gustav Pettersen kom inn på topp for den overtente høgrebacken Ole Magnus Melchior. Rønnestad satsa friskt og etter berre fem minutt av andre omgang skulle Bergsøy få nok ein sjanse til redusering og nytt håp om siger. Frank Sverre Skorpen vart spelt fri og rakk ballen akkurat før keeper slik at den polske utspelsgiganten feia han overende. Straffe og Kjetil Paulsen gjorde seg klar. Men til Bergsøy's og Paulsen's frustrasjon slengte polakken seg rak som ein alligator og slo straffesparket bort frå farleg område. Etter dette vart det vanskeleg for Bergsøy. Og iløpet av eit minutt skulle det vanskelege verte umogleg. 60 minutt var spelt då eit skot vart avfyrt frå spiss vinkel, og det fauk inn bak hårtustane til Vågeskar til 4-1. Og nå gjekk det trått for Bergsøy. Ei gjennombrotspasning fant ein spelar til venstre på Bergsøy's 16 meter og eit nytt skot fauk i mål. 5-1 til Stranda og nå var kampen kjørt. Men Bergsøy stod på og kjempa til the bitter end.

Bergsøy viser stor moral Etter litt klabb og babb i feltet fekk Peter Baade ballen i beina og ballen fauk i mål til redusering. Men nå var det tre mål opp til Stranda. Bergsøy fortsatte og presse og presse, men ballen ville ikkje i mål. Aleksander Dahle fekk til eit skot, men polakken var nede i hjørnet og fekk slått til corner. Og etterkvart som tida rann ut vart det bere å konstatere at Bergsøy gjekk på sitt fjerde tap i årets serie. Men Frank Sverre Skorpen fekk i det minste sette inn sitt fortjente mål 3 minutt på overtid slik at stillinga enda med 5 mål til Stranda og 3 mål til Bergsøy. No skal det revansjerast mot Hareid neste fredag!

-"I kveld kunne eg ikkje bedt om meir frå gutta. Vi viste stor moral og det Stranda dreiv med er noko av det mest ekstreme eg har sett av effektivitet. Men spelemessig var vi det beste laget og eg hadde det moro ikveld. Det trur eg spelarane også hadde. Eg meinar at vi vart betre av den kampen her medan dei vart dårligare, sa trenaren som no ser fram mot Hareidkampen neste veke. Den kampen vil gå uten både underteikna og Frank Sverre Skorpen tilstede, for dei oppheld seg henholdsvis i Manchester og London... Harald Haugen er også mest sannsynlig ute for resten av sesongen."

(Lars Petter Rønnestad var faktisk langtifra nokon skuffa mann etter kampen)


Laget mot Stranda: Kim Renè Vågeskar - Ole Magnus Melchior (Gustav Pettersen i 45 minutt), Lars Conradi Andersen (Jim Kjellstadli), Terje Teige, Daniel Sandvik - Andrius Petreikus (Andrè Lima), Aleksander Dahle, Kjetil Paulsen, Peter Daniel Baade - Andreas Kurset (Fredrik Muren), Frank Sverre Skorpen.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandnsytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER