Kestitus Deveika (70), Aleksander Dahle (87), Peter Daniel Baade (90)
02.10.2010 - Larsgården idrettspark
Arild Holm
81 tilskodarar
Spelarpoeng 3 Kjetil Paulsen, 1 Kim Vågeskar
Kampreferat
Bergsøy har virkelig hatt ei god periode med kampar, og dette resultatet er med på å bekrefte denne formperioden.
Det er ofte vanskelige kampar borte mot Rollon, så 3-0 sigeren var sterk. Dette var den 27.sigeren på Bergsøy sine 32 siste kampar.
Rollon måtte vinne for å unngå nedrykk, men møtte overmakta denne gangen etter at Bergsøy scora tre mål seint i kampen.
Spelesmessig var det kanskje ikkje den voldsomme kampen, med lange ballar frå heimelaget. Duellar var det mykje av, og midtbanekriging. Det var såleis Rollon som nok hadde dei største sjansane i den første omgangen på døballar.
Bergsøy sin keeper Kim rene Vågeskar avverga dei fleste situasjonane ved hjelp av godt organisert forsvar. Vågeskar var kanskje Bergsøy sin beste spelar.
Det var såleis Bergsøy som var mest fornøgd med 0-0 til pause.
Etter sidebytte kom juniorspelarane Aleksander Dahle og Peter Daniel Baade inn i kampen, og dei sette sitt preg på det som skjedde.
Det tok imidlertid 70 minutt før det første målet skulle kome. Peter Daniel Baade spelte fri Kestitus Deveika som enkelt scora frå to meters avstand. Etter dette fekk Bergsøy meir sjølvtillit og fekk til pasningsspelet sitt.
Tre minutt før full tid blei det klart for 2-0 ved Aleksander Dahle da han satte eit flott skudd frå 18 meter.
3-0 målet var det Peter Daniel Baade som satte inn på nok eit velplassert skot, og dermed kunne laget juble for tre nye poeng.
Bergsøy sitt lag:
Kim Rene Vågeskar
Ole Magnus Melchior
Harald Haugen
Terje Teige
Jim Kjellstadli (Peter Daniel Baade)
Andrius Petreikis (Anders Per Vågsholm)
Kjetil Paulsen
Kestitus Deveika
Daniel Sandvik
Fredrik Muren (Aleksander Dahle)
Andreas Kurseth (Andre Lima)
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandnsytt