Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy med full pott

Serierunde 3 - 2010 Nr 1063

Bergsøy - Godøy 3-1 (2-0)



1-0 Peter Daniel Baade (3), 2-0 Frank Sverre Skorpen (4, straffespark), 3-0 Baade (76), 3-1 Leif Hausken (86, straffespark)


30.04.2010


Daneil Hatløy og Andrius Petreikis


Tor Ove Myrseth



145 tillskuerar


Jim Kjellstadli dagens Bergsøyspelar. Men Spelarpoeng: 3 Kjetil Paulsen, 2 Peter Baade og 1 Jim Kjelstadli



Kampreferat

Bergsøy er no heilt i toppen av tabellen etter tre strake sigerar i sitt comeback i 3.divisjon. Kun opprykksfavoritt Her er over Bergsøy på tabellen.
-"Det einaste som varma var poenga. Spelesmessig var dette vår svakaste kamp hittil. Om vi ønsker å være med vidare i toppen må vi heve oss minst to tre hakk."

(Bergsøy-trenar Lars Petter Rønnestad)
Kampen mot Godøy blei spelt i eit ufyselig vær med regn og vind, og med temperatur uten plussgrader så satte dette nok sitt preg på kampen. For spelet varma heller ikkje totalt sett sjølv om Bergsøy starta kampen i eit voldsomt tempo. Allereie etter fire minutt sto det nemlig 2-0 på tavla. Peter Daniel Baade dunka eit frispark i mål etter 3 minutt fra 18 meter, og berre minuttet etterpå blei Gustav Pettersen felt innanfor 16 meteren slik at Frank Sverre Skorpen kunne sette inn 2-0 på straffespark.

Andrius Petreikis var nærme på å øke til 3-0 på eit skot som endte i tverrleggaren, og bortelagets keeper hadde også nokre gode redningar for å hindre at Bergsøy skulle score fleire mål. Godøy kan dermed være fornøgde med at det berre sto 2-0 til pause.

Det skjedde veldig lite å glede seg over i den andre omgangen. Mange feilpasningar og mange duellar. Men årets nye funn Peter Daniel Baade skulle vise seg fram igjen, og idet han blei flott spelt fri av kapteinen Kjetil Paulsen så var det klart for 3-0. Hans fjerde mål på årets tre første kampar. Godøy reduserte mot slutten til 3-1 på eit straffespark etter ein hands.

Sigvald Lillestøl var dagens stand inn keeper og vart ikkje satt på dei store prøvene. Elles hadde Daniel Sandvik og Aleksander Dahle gode innhopp. Jim Kjellstadli blei kåra til dagens bestemann.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandnsytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER