Kampreferat
-"Synest vi gjennomfører ein grei kamp mot Misund, men ikkje noko meir enn det. Meiner vi har meir å gå på, og at vi ikkje har fått ut det beste av oss enno.
Synest at vi har mykje å gå på spesielt når det gjeld presisjon i pasningsspelet vårt, men også bevegelse utan ball.
Meiner vi må bli flinkare å utfordre rom utan ball, og vi skal ikkje nødvendigvis ha ballen, men gjere dette for å skape rom for andre.
Ellers meiner eg at enkeltspelarar har meir å gå på når det gjeld omstillingsbiten i spelet vårt, ville ha ball – men også bli flinkare å tekje på arbeidsoppgåver når vi misser ballen"
(Trenar Per Rune Tødenes)
Bergsøy reiste til Midsund uten nokre av sine mest sentrale spelarar som Frank Sverre SKorpen og fleire i forsvaret, men gjorde nok ein solid kamp.
På grunn av det litt nykomponerte laget starta det litt forsiktig, og det blei 0-0 til pausen. Etter pausen skulle det imidlertid skje meir, og Bergsøy satte opp tempoet. Allereie etter 4 minutt av omgangen var det klart for 1-0 etter endel klabb og babb før Daniel Kvalsvik fekk satt ballen imål fra skrått hald.
(Bildet: Vestlandsnytt/Thomas Sporsheim. Daniel Kvalsvik setter inn det viktige første målet.)
Allereie 9 minutter seinare var det klart for 2-0 ved kaptein Kjetil Paulsen. Han stilte inn skuddfoten og ballen fauk inn i det nærmaste hjørnet. Bergsøy hadde stort sett kontroll etter dette, men eit kvarter før slutt fekk heimelaget redusering til 2-1 nok som satte meir spenning i kampen. Målet kom etter eit unødvendig straffespark som keeper Nyland først redda, men som Joakim Stormyr satte inn på returen.
-"1 omgangen vår mot Misund synest eg vi slurvar vel mykje,
men vi spelar oss stort opp i 2 omgangen. Vi ser no at vi kan slå kven som helst av laga i divisjonen, men vi ser også at det kostar hardt arbeid "
(Trenar Per Rune Tødenes)
Midsund ville presse på for utligning mot slutten, men det var Bergsøy som avgjorde kampen. Ole Magne Rotevatn var våkent frammpå da han snappa opp eit svakt tilbakespel og spaserte ballen nærmast imål til 3-1. Like etter var Kjetil Paulsen nærme på å sette inn ennå eit mål.
(Bildet: Vestlandsnytt/Thomas Sporsheim. Per Rune Tødenes gir instruksjonar i pausa.)
Spelarvurderingar:
Sander 7
Synest du gjer mange god redningar, og har ein god fot opp i bana. Reddar nesten straffa, men verkar roleg og trygg. Meiner at du enkelte gongar bør vurdere litt lenger før du set kort igang.
Fredrik 5
Ser ikkje ut som du trivest heilt på bekken lenger, du rek fort av garde, og blir ofte liggande i mellomposisjon. Får ofte 2-1 situasjonar, dette fordi kanten slurvar med hjelp. Men spissane får litt for lett bakrom hjå deg, dette må rettast på.
Darius 6
God og trygg med ball, enkelte gongar for trygg – gjer at du får problem du kunne unngått. Mange gode duellar og les spelet godt, litt tempoproblem.
Terje 6
Tapar ikkje mange duellar, men viser at du manglar ein del grunntrening. Dette kjem klarast fram når du skal finne folk med pasning, og synest at du blir litt lett stressa med ball.Unødig straffe???
Ole Magnus 7
Lett å fin,stor fart og god forståelse, synest du greier deg veldig godt med tanke på at du har vore ute i 1mnd. Godt å ha deg tilbake.
Peter 5
Blir lite bakrom til deg, og det ser ikkje heilt ut som du trivdes spes godt i dag. Blir liggande ein del verken som fisk eller fugl, og vi må bli flinkare å spele på kvalitetane dine – men det krevest også at du er i posisjon og tek dei rette valga.
Aleksander 7
Blir jaga litt fram og tilbake spes i 1omg, men synest at du finn plassen din etterkvart og spelar ein god kamp. Tøff og god i duellspelet, kanskje vi snart får eit mål også???
Kjetil 8 BB
Litt rusk i 1 omgang, og då tenkjer eg på presisjon... Men fy flate for eit arbeidsområde..2 omgangen er din, mål og oppryddingsarbeid i verdensklasse.
«Jøsse» 8
Ikkje så veldig synleg i starten av kampen, men kjem gradvis utover og er ilag med Kjetil tunga på vektskåla som bikkar alt til vår fordel. Flott mål og ein vanvittig arbeidsmoral.Men også du slit litt med presisjonen i pasningsspelet- greit å ha litt å jobbe med.
Andreas 5
Litt tilbake til gamle synder, synest du blir for sein i alt du gjer. Kjem ikkje i posisjon oppe i bana, og kjem nesten ikkje ned igjen og hjelper på deffansiven. Synest du verkar tung og daff i kroppen om dagen.
Ole Magne 7
Jobbar og slit kampen igjennom, og får deg eit fint mål også pga at du ikkje gjer opp. Fortset slik, så blir det mange fleire kampar på deg. Har litt å jobbe med spesielt i mottaket ditt, dette kan trenast på.
Gustav 15 min for Andreas og Andre 4 min for Peter.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt