Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Frank Skorpen med 5 mål

Kampreferat 2011:

Bergsøy - Surnadal 9-2 (1-1)



Frank Sverre Skorpen 5, Daniel Sandvik 2, Kjetil Paulsen, Andreas Kurseth


18.06.2011 klokken 14.00 - Bergsøy KGB Fosnavåg



Even Myrheim




Tekst/foto: Thomas Sporsheim



Kampreferat

Dette var spesielt! Frank Sverre Skorpen stråla i kapp med sola etter laurdagens fotballfest mot stakkars Surnadal. Veteranen viste at dei gamle framleis er best og ga seg ikkje før han hadde plassert fem ballar bak bortelagets keeper.
-"Eg trur eg aldri har scora fem mål før i tredje divisjon. Så dette var spesielt. Her klaffa alt, vi var på hugget heile tida og vi var kjempegode. Eg var sliten i pausa og var usikker på om eg ville klare å gå ut til andre omgang, men det er eg glad for at eg gjorde. Eg scora mål på instinkt, det er lenge siden eg har vært så sikker på å score når eg har fått sjansen. Dei gamle er best! "

(Frank Sverre Skorpen)
Og når man har ein spiss i slik scoringsform blei det ein fotballfest for dei 250 tilskodarane som tok turen under dei Maritime dagane. Bergsøy hadde gjort fleire forandringar på laget frå Midsund kampen med Harald Haugen, Jim Kjellstadli, Ulrik Wingsternes og nevnte Frank Sverre Skorpen klare igjen. Og det tok berre sju minutt før det løsna då Ulrik Wingsternes førte ballen opp i bana og sentra i rett tidspunkt til ein særs scoringskåt Skorpen. Her gjorde han ingen feil og chippa flott inn leiing for heimelaget. Kaptein Kjetil Paulsen, Harald Haugen og Aleksander Dahle kom alle nære med sine skotforsøk, men ein måtte vente til omgangens sluttfase før det kom meir nettsus. Daniel Sandvik hadde kome inn for namnebror Daniel Jøsok Kvalsvik, og spelte flott fram Skorpen som dempa med seg ballen og satte den trygt under keeper med høgrefoten til sitt andre mål for dagen. Og Skorpen var ikkje ferdig med det då han berre minuttar seinare var på rett plass til rett tid då han pirka inn eit innlegg frå Ole Magnus Melchior til ekte hattrick og 3-0 til pause!

Bergsøy kom også godt i gong etter pause og etter 48 minutt sette Daniel Sandvik inn 4-0 Og like etter forserte Sandvik seg fram på venstresida og på det perfekte innlegget kunne scoringshungrige Skorpen enkelt sette ballen i mål til sitt fjerde mål og 5-0. Like etter auka Sandvik nydeleg med sitt andre mål, før Surnadal sin Helge Drøpping umarkert sette ballen i mål frå bakre stolpe til redusering 1-6.

Etter dette dabba det litt av i varmen på kunstgrasbana. Men etter 77 minutt fekk Frank Sverre Skorpen sjansen igjen etter eit innkast. Her hadde han ryggen mot mål, men vendte rundt på ein femøring og sette ballen i mål på halv volley frå 6-7 meters hald. Nokre minutt etter var det målsniken Skorpen som serverte eit flott innlegg til Kjetil Paulsen som heada kontant inn 8-1. Eit minutt før slutt fekk også Andreas Kurseth vere med på moroa med eit velplassert skot i krysset. Dermed hadde Bergsøy scora 9 mål! Då vert det ein parantes at Surnadal sin Helge Drøpping vart tomålsskorar då han sette ballen i mål frå kort hald. Dermed enda det med 9-2 for Bergsøy, og laget har no teke fem strake sigrar - og eit skikkeleg byks i målprotokollen også.

Ros frå Tødenes Trenar Per Rune Tødenes ga litt ros til femmålscorar Skorpen etter kampen.

-"Frank Sverre er veldig viktig for oss. Det er klart at han er ein av divisjonen sine beste spelarar når han har rett fokus og gjer oppgavene sine. Med flyt scorar han mål, og han viste i dag at han er ein måltjuv av rang "

(Trenar Per Rune Tødenes)
Når det gjeld kampen var også Tødenes særs nøgd.

-"Eg er glad for at vi klarer å gjennomføre kampen skikkeleg. For det er ikkje lett å halde konsentrasjonen oppe når ein leier med så mange mål. Vi låg tett og hindra Surnadal i å skape sjansar. Vi spelte oss varme og var i bevegelse. Dei gav opp etterkvart også."

(Trenar Per Rune Tødenes)
Tødenes kunne fortelje at det er meir i vente frå Bergsøy. – Vi har meir å gå på når det gjelder presisjon og slå på medløp. Vi skal spele kvarandre gode og behandle ball i fart, avslutta trenaren overfor Vestlandsnytt.

Spelarbørs:

Sander 6 – ikkje mykje å gjer
Jim – 6 – grei kontroll
Ulrik 8 – god framover
Darius 7 – agressiv og god
Harald 7 – god kontroll
Peter 6 – på det jamne
Aleksander 8 – god kamp
Kjetil – 8 god kamp
«Jøsse» -ut tidleg
Daniel S 8 – 2 mål, mange gode frispelingar – god
Ole Magnus 7 – på det jamne
Frank Sverre 9 BB – 5 mål?????

Andreas – godt innhopp
Ole Magne – greit innhopp



Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt/ Thomas Sporsheim




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER