Kampreferat
Tekst/foto: Thomas Sporsheim
- Eg var heldig som ikkje blei
utvist! Slik konkluderte den
tidlegare Volda-keeperen
Sander Håskjold Nyland
etter Bergsøy sin siger over
Volda. Han kunne nemleg
fort fått det raude kortet tidlig
i andre omgang. I staden
heldt han buret reint då
Bergsøy tok sin sjette strake
siger med 3-0 borte mot
grøntrøyene.
-"Eg hadde ikkje klaga om
dommaren drog opp det raude
kortet, og var heldig. Eg skulle
skjerme ut ballen, men Voldaspelaren
snappa den og eg
måtte felle han"
(Sander Håskjold Nyland)
Det var mange som hadde teke
turen frå Fosnavåg til Volda
stadion for å heie fram Bergsøy
til nye tre poeng. Og det skulle
bli ein jamn batalje. Peter Daniel
Baade kunne gitt bortelaget
leiinga tidleg, men avsluttinga
gjekk utanfor. Etter dette
fekk Volda prøve seg med nokre
skot, men anten gjekk ballen
over, eller så redda Sander H.
Nyland.
Etter ein jamn start med få
sjansar, tok Bergsøy over litt
av banespelet. Men Bergsøy
gav bort altfor mange dødballar
som kunne straffa seg når
Volda har ein høg spiss som fosnavågaren
Frantz Frantzen å
sikte på. Men keeper Nyland og
forsvaret renska unna det som
kom gong på gong.
Så skulle formspelaren
Frank Sverre Skorpen halde
fram der han slapp mot Surnadal.
Det elektroniske uret synte
23 minutt då han mottok ballen
dryge 20 meter frå mål. På ein
tiøring vende han opp og plasserte
ballen vakkert i motsett
kryss. Eit fantastisk mål av veteranen
som dermed er oppe i ti
mål denne sesongen! Skorpen
skildrar målet slik:
-"Eg fikk ballen og drog den
bakover med ei finte, før eg
instinktivt plasserte den i lengste
kryss. No er forma god "
(Frank Sverre Skorpen)
Det var også litt temperatur
på bana. Duellane mellom Jim
Kjellstadli og Frantz Frantzen
var det futt over og Kjellstadli
fekk også gult kort etter ein
oppheita situasjon ute ved sidelinja.
Så tenninga var det ingenting
å seie på.
Målscorar Skorpen kunne
litt etter ha auka leiinga etter
innlegg frå Ole Magnus
Melchior, men headinga gjekk
utanfor. Volda hadde trykket
i siste delen av fyrste omgang
og kunne scora med meir presisjon
i siste tredjedelen av bana.
Men Bergsøy forsvarte seg godt
med Harald Haugen og Ulrik
Wingsternes i godt slag. Dermed
kunne Bergsøy spasere i
garderoba med 1-0.
Bergsøy var klare på at Volda
kom til å kome ut til 2.omgang
med ei krigersk innstilling, og
fekk rett i det. Grøntrøyene
pressa Bergsøy særs lavt, og
etter berre tre minutt av andre
omgang kom den nemnde situasjonen
med Sander H Nyland
i Bergsøy-buret. Han fekk gult
kort for fellinga, men kunne
altså fort fått det raude kortet.
Det påfølgande frisparket ebba
ut med nok ein corner.
Volda pressa på og fekk fleire
cornerar. Eit godt skot frå 25
meter blei fista over av Nyland
og Bergsøy levde farleg. Eit
frispark frå 20 meter blei også
blokkert av Bergsøy-muren.
Men er ein er i vinden, så er ein
i vinden.
For etter 57 minutt fekk Bergsøy
frispark og då gjorde Peter
Daniel Baade seg klar med sin
kraftfulle fot. Med eit to-meters
tilløp klinte han ballen utakeleg
rett i Volda-målet. Eit nytt
fantastisk mål som også tok
mykje av lufta ut av heimelaget.
Ikkje rart at Baade var
særs nøgd med scoringa si etter
kampen.
-"Det var fantastisk deilig.
Eg følte at skotet var perfekt
med ein gong ballen hadde forlete
foten min. Og det var ein
særs deilig siger i dag, "
(Baade til Vestlandsnytt etter
kampen.)
Etter denne frisparkperla blei
det mest stillingskrig på Volda
stadion med eit overtak for
Bergsøy. Ein annan tidlegare
Volda-spelar, Ole Magne Rotevatn,
kom også inn for Bergsøy.
Og han brukte ikkje meir enn
tre minutt på å markere seg.
Rotevatn spelte fram Skorpen,
som tilsynelatande blei
felt åleine med keeper. Men
Ole Magne Rotevatn var raskt
framme på returen og skaut
ballen knallhardt i nota frå 10-
12 meter til 3-0 for bortelaget!
Dermed var kampen definitivt
avgjort.
På slutten fekk også juniorane
Joakim Bakke Muren og
17-åringen Martin Falkanger
kome på bana. Dette blei Falkanger
sin debut.
Ellers var forsvarsarbeidet
framifrå, og på topp viste trioen
Skorpen, Baade og Rotevatn at
scoringsforma er tilstades.
-"Eg syns vi er heldige som
får målet i andre omgang som
drep kampen. For Volda gjekk
skikkeleg i krigen og eg føler
at vi fyrst blir veldig gode etter
drøye timen. Men dei fekk ikkje
mange sjansar og eg er særs
glad for denne sigeren. Å halde
buret reint er også ein bonus. Det er ein kjempegjeng
å spele fotball saman med og
eg får lov til å tøye mine egne
grenser. Noko som er særs bra
for utviklinga mi. "
(Sander Håskjold Nyland)
Dermed har BIL tatt 18 av dei
siste 18 moglege poenga. Og
på torsdag venter Hødd 2 på
Bergsøy Kunstgrasbane!
Spelarbørs :
Sander 8
Rotar på seg eit tullete kort, ellers er du trygg og god. Slik du framstår no, gjir du resten av f4 den ro og tryggheit dei treng. Veldig bra.
Andreas 7
God og trygg med ball, les spelet godt og plasserer deg lurt – flink framover.Men skal få opp litt frekvensen på fotane – godt gjennomført.
Harald 7
Startar kampen utan oppvarming og gjer jobben utan plett og lyte. Ryddar opp og gjer ting enkelt – trygg. Håper vi får nytte deg vidare framover.
Ulrik 7
Kampspelaren vår, ordnar opp og tek ansvar. Blir dyktig sliten på slutten, og misser litt konsentrasjonen – litt ut av formasjon, men for all del – du gjer jobben.
Jim 5
Når du tek ut frustrasjonen gjennom beina er du ein framifrå fotballspelar, men når du tek ut denne gjennom munnen blir det trøbbel. Snakkar på deg kort, og har tidvis plasseringsproblem. Tydlegvis ikkje dagen din, noko som dei fleste tidvis vil oppleve. Men dette er no historie, men du skal take med deg erfaringane og bruke det til noko positivt – ny kamp torsdag.......
Peter 5
Lagar eit flott mål. Ikkje i di beste form om dagen, ikkje kompis med ballen og har problem med å finne plassen din. Kjem seg utover i kampen, men meiner at du har potensiale som går langt utover det du får synt fram denne kampen.
Daniel S 6
Ikkje heilt kompis med ballen i dag, men du jobbar og står på. Misser ballen for ofte spes i 1.omg- brukar for lang tid med ballen i beina og får ikkje orientert deg tidleg nok - noko som fører til brudd. Ny kamp torsdag....
«Jøsse» 7
Arbeidskamp – ikkje så synleg som vanleg, men du legg ned eit fantastisk stykke arbeid, og tek dei duellane som kjem – viktig å ha ein som går foran i krigen.
Aleksander 8 BB
Synest du har hatt ei formidabel utvikling, og du skjøttar arbeidsoppgåvene dine på ein framifrå måte. Volda får aldri tid til å ettablere noko trøkk på oss, og det er di forteneste. Fortsett slik.
Ole Magnus 7
Lett å fin i kroppen, og har ein del gode inngripenar. Kjem nok til å bli enno meir synleg etterkvart som godforma nærmar seg. Vi må få sette deg opp oftare på kant.
Frank Sverre 8
Spelar ein god kamp, brukar energien di på det du skal, og då er du god. Farleg kvar gong du kjem deg inn i boksa og no ventar Hødd.
Ole Magne
Blir flytta frå startoppstillinga til benken rett før kampstart, og takklar dette på ein framifrå måte. Eit lysande eksempel på korleis energien skal nyttast, kjem inn og spelar ein god kamp. Lagar eit flott mål, og er heile tida på hogget. BRA!!!!!
Joakim
Får deg 15 min og greier deg godt.
Martin
Kjem inn og set deg i respekt med første taklinga, fortset slik.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt/ Thomas Sporsheim