Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Perle-scoring sikra tre nye BIL-poeng

Kampreferat 2011:

Bergsøy - Brattvåg 2-1 (1-0)



Harald Haugen, Ole Magne Rotevatn


08.07.2011 klokken 19.00 - Bergsøy KGB Fosnavåg


Sander Håskjold Nyland


Øystein Simon Ytterland






Kampreferat

Tekst/foto: Thomas Sporsheim

Bergsøy kunne ta ferie etter ein 2-1 siger mot Brattvåg førre veke. Veteranen Harald Haugen var kongen i forsvaret og sette også krona på verket med eit nydeleg volleymål. - Det berre fall naturleg for meg. Det var berre å slappe av og klinke til, sa nyfriserte Haugen etter kampen. Heimelaget opna sterkt og pressa Brattvåg omtrent i heile fyrste omgang. Fyrste sjanse fekk toppskorar Frank Sverre Skorpen etter sju minutt. Men han fekk ikkje stokka beina heilt og Brattvåg sin keeper redda greit. Bergsøy held fram med presset og fekk uttelling etter 12 minutt. USA-aktuelle Kjetil Paulsen slo inn ein dødball som Daniel Jøsok Kvalsvik kom høgst på og fekk heada mot mål. Men ballen gjekk via keeperen i tverrliggaren og i hovudet på keeperen igjen før Ole Magne Rotevatn fekk rota kula over streken. Dermed 1-0 til heimelaget og akkurat den starten ein ville ha etter nedturen i førre kamp mot Hødd sine nestbeste. Kong Harald aukar Målet såg ut til å inspirere Bergsøy endå meir. Og det skulle berre gå ti minutt før dei auka leiinga. Andreas Kurset som hadde ein solid kamp på backen inviterte til ein kort corner som han slo inn i feltet. Etter litt klabb og babb dala ballen i beina på Harald Haugen som likegodt knalla den i nærmaste hjørnet på heil volley! Dermed blei det jubel blant dei omlag 120 tilskodarane.
(Bilde: Harald Haugen dunker inn vinnermålet)


Men gultrøyene ville vise at dei ikkje hadde tatt turen til Fosnavåg for å site på gjerdet. Dei kom til eit par gode skotsjansar. Nærast kom Asgeir Aarseth med eit hardt skot i tverrliggaren. Der hadde ikkje Sander H Nyland i Bergsøyburet ein sjanse. Heimelaget kunne også avgjort kampen før pause, men verken Paulsen, Skorpen eller Rotevatn hadde marginane med seg. Dermed kunne laga spasere til pause med fordel Bergsøy. Andre omgang blei eigentleg eit stort gjesp. Bergsøy var einige i pausa om å gå og ta tak dei fyrste 10-15 minutta. Men det var som om heller ferien tok taket på spelarane. For Brattvåg tok iniativet og gav ikkje heimelaget mykje tid og rom til å spele sitt spel. Så etter 53 minutt veggspela Brattvåg seg gjennom forsvaret og kom aleine med Sander H Nyland. Men her synte han seg fram då han i skikkeleg Peter Schmeichelstil kom ut og fekk fista avslutninga over.
(Bilde: Frank Sverre Skorpen i aksjon)


For med redusering så tidleg i omgangen kunne det fort blitt særs utriveleg for eit tamt heimelag. Nyland fekk på nytt gjere ei god redning omlag 20 minutt før slutt då ein gul spelar fekk sjansen på kanten av femmeteren, men Sander den store fekk ei sterk hand på den også. Dermed stod det framleis 2-0 til heimelaget i underteikna si notatblokk.
-"Brattvåg var mykje betre enn oss i andre omgang og skapte fleire sjansar. Eg synest sjølvsagt det er kjekt å gjere avgerande redningar, men skulle helst sett at vi demma meir opp for dei. Men vi kjempa i alle fall, det er positivt. Og 1.omg var bra. No skal berre verte deilig med ferie. "

(Sander Håskjold Nyland)
Seinare fekk også Kjetil Paulsen, Daniel J. Kvalsvik og Ole Magnus Melchior til gode skot, men i mål gjekk dei ikkje. Då fekk i staden Brattvåg sjansen til å gjere sluttminutta unødig spanande.

Etter 91 minutt rulla dei opp på venstrekanten og Asger Aarseth styrte inn reduseringa. Og med framleis eit par minutt igjen på klokka såg dette ut til å skape frykt blant heimelaget som byrja å pådra seg fleire frispark. Og frispark fekk dei i god posisjon på 20 meter frå mål, men avslutninga gjekk nesten opp til ungdomskulen og dermed kunne heimelaget juble for sin sjuande siger av dei siste åtte kampane. Mellomfornøgde hovedaktørar Målscorar Harald Haugen var berre letta over tre poeng etter kampen.

-"Det var lite spel og vi missa ballen for lett. Vi kom heller ikkje opp med laget fort nok og surfa for lenge på 2-0. Men vi er uansett gode i duellspelet og derfor vinn vi denne kampen.

Eg er vel i utgangspunktet ikkje det (vidare med etter ferien). Det er ikkje lett med tanke på husmekking, familie og jobbsituasjonen, så vi får sjå. "


(Harald Haugen)


Spelarbørs:

Sander 8
Eit par klasseredningar, som syner at du har stor klasse inne. Rotar på deg eit tullete kort, men det er vel vanleg at keeperar skal gjere slikt????:o)

Andreas 8 BB
Fornuftige valg, og mange gode innvolveringar – etter at du får justert deg. Spelar enkelte gongar på små marginar, men ser ut til at vi har funne plassen din.

Jim 7
Småskada, men gjer likevel ein grei kamp – sjølv om eg meinar du har mykje å gå på.

Harald 7
Gjer jobben, og lagar eit mål (burde kanskje laga eit til) – bind saman f4, sjølv om det tidvis er noko smårusk.

Ole Magnus 7
God offansiv kamp, spelar enkelte gongar på knappe marginar noko vi ikkje blei straffa for denne gongen....

Daniel 7
Konstruktiv og ser heile tida etter løysingar, ikkje like syneleg heile tida – men synest du gjer ein betre deffansiv jobb enn du har gjort tidlegare.

Aleksander 7
Legg ned ein kjempejobb og spring opp mykje,ikkje like heldig med avleveringane denne gongen.

Kjetil 6
Spring og jobbar som ein galeislave, men synest du bør vurdere meir løpa dine, då du slurvar ein del denne gongen – mange balltap offansivt som fører til brudd. Meiner dette kjem av at du blir for oppjaga og ikkje får god nok oversikt. Men du har det inne.

Jøsse 7
God offansivt, nesten på hovudet mange gonger – litt meir grums deffansivt utover kampen. God spesielt i 1 omg.

Ole Magne 6
Fint mål, og prøver heile tida, men føler at du vil veldig mykje – verkar som du misser piffen tidleg i 2 omg??? Overtent?

Frank Sverre Skorpen6
Jobbar godt, og kjem til ein del gode mogelegheiter utan at du får teljande resultat – som du blir målt på. Må opp igjen på det nivået du kan vere på framfor kassa – greit med ferie.

Daniel 6
Kjem inn og gjer ein ok jobb , men burde vel laga deg eit mål. Syner oss at du har kapasitet om du vil, må opp eit hakk.

Fredrik
Kjem inn og jobbar godt, litt kamprusten – slurvar litt med det enkle. Stå på vidare, sjansane kjem.

Unytta reservar – Martin og Sivert.


Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER