Kampreferat
-"Første kamp etter sommarferie, og slik såg det ut også.
Vi har hatt få fellestreningar før hauststarten, og såleis vart det mykje tilfeldigheiter og mange feilpasningar. Vi har lite samtidige løp, og det vart mykje jobba kvar for oss.
Men vi tek med oss litt av godfølelsen og arbeidsmoralen frå våren,og med ein god posjon flaks gjer at vi får med oss 3 poeng.
Meiner likevel at vi har mange gode innvolveringar, og at vi etterkvart køyrer ein del gode overgangar "
(Trenar Per Rune Tødenes)
(Bildet: Vestlandsnytt/Geir Egil Olsen )
Kampen starta i eit rolig tempo, men heimelaget fekk likevel tidlig et overtak. Allereie etter 11 minutter var det klart for 1-0 etter ein corner som først blei headda i tverrleggaren før Stig Tore Lied kriga inn returen. Og Stranda var farlige på cornerar og fekk fleire skumle sjansar til å auke ledelsen.
Også heimelagets høgrekant Fredrik Sve var ein farlig trussel. Men istadenfor at heimelaget skulle øke, så var det Bergsøy som reduserte. Etter 25 minutt var det nydelig spel av Bergsøy, og ballen endte hos Daniel Kvalsvik som fra 18 meter sendte ballen imål på halvspretten. Eit flott mål. Seinare blei Bergsøy også snytt for klart straffespark, men det blei 1-1 til pause.
(Bildet: Vestlandsnytt/Geir Egil Olsen )
Den andre omgangen var ikkje den største spelesmessige underhaldninga, men det blei likevel ei glede for Bergsøy. Fredrik Muren kom inn som innbytter og avgjorde kampen to minutt før full tid etter å ha satt inn innlegget til Daniel Kvalsvik.
Bergsøy sin bestemann går denne gang til keeper Sander Nyland som var trygg og god, og også Jim Kjelltadli spelte ein god kamp. Frammover var igjen Daniel Kvalsvik sentral med løpskapasitet og mål og assist.
Spelarvurderingar:
Sander 6
Har sett deg meir tent og engasjert enn i denne kampen, og meiner at du skal vere sjefen innanfor 5. Synest du verkar litt lunken ved enkelte høve, og forventar eit høgare engasjemang – sjølv om du har eit par gode innvolveringar. Til fredagen blir du vurdert av fagfolk på keepersida ( Frode og Lars Ivar).
Andreas 6
Trygg med ballen og gjer få store feil, sjølv om du slepp Vangen til ein kjempesjanse. Skal bli meir presis med innlegga dine. Ellers får du legge av deg å kommentere kva eg gjer eller seier........
Darius 5
Mange gode innvolveringar, men du gjer ein del rare ting innimellom som dreg ned. Ellers rek du av litt for ofte, noko som gjer at vi får problem.
Jim 5
Trivest ikkje ilag med Daius, men det er ikkje grunnen til ein del dårlege innvolveringar spesielt i 1 omg – verkar ikkje heilt på nett. Bør kome sterkare tilbake, sjølv om eg synest at du kom deg utover i kampen.
Ole Magnus 5
Store problem i starten, og blei ofte overspelt spesielt første 15. Dette kan du betre, og du spelar deg også opp utover i kampen. Men dette kan vi betre.
Peter 4
Kjem aldri med i kampen og blir springande mykje imellom, noko som også gjer det vanskeleg å finne deg. Men vil også sei at det ikkje var kampen for bakromsløp. Men må få opp motokapasiteten, og bli meir syneleg slik vi veit du kan.Stå på.
Aleksander 7
Tilbake med mange gode innvolveringar og duellar der du tek ansvar – litt slurvete med enkelte pasningar, men dette er greit – ein av våre beste.
Jøsse 7 BB
Vår beste ilag med Kjetil og tek tak i kampen når vi treng det. God og tøff i duellspelet, ein låk spelar å ha mot seg. Lagar eit flott mål og legg opp til vinnarmålet, og du har også sjansar til å lage fleire. Innvolverer deg og får med deg fleire, ein viktig mann for eit lag.
Kjetil 7
Går i krigen ilag med Jøsse, og tek dei duellane som kjem – har ein fantastisk løpsstyrke sjølv om det i enkelte høve kan gå litt utover pasningskvaliteten. Men du verden, skulle so gjerne hatt deg resten av sesongen.
Ole Magne 5
Vil mykje. Ikkje godven med ballen denne kampen, blir mykje nesten. Misser ballen for lett og blir lite synleg etterkvart, men du er ein person som aldri gjer deg, og derfor forventar eg at du vil revansjere deg.
Daniel S 6
Blir lite brukt som oppspelspunkt, og blir derfor svært lite med i spelet. Kjem seg når du kjem ned på kant, og blir meir synleg og gjer mykje bra med ballen i beina.
Kristoffer
Får din deby, og synest du kjem bra frå det. Enno litt kamprusten, men syner oss fleire gongar prov på god oversikt – dette skal bli bra.
Fredrik
Kjem inn siste 10 med beskjed om avgjere dette, og gjer det. Kva meir kan ein forvente......
På benken og ikkje nytta; Robin, Andre og Joakim.
Vedlegg til kampen
Utklipp