1-0 Jonas Rønningen, 2-0 Radek Bugaj, 3-0 Ronny Fredriksen, 4-0 Ola Andersen, 5-0 Bugaj (Str), 6-0 Thomas Lyngbø
20.August 2011
Jim Kjellstadli, Darius Zutautas, Kestitus Deveika
Marius Hansen Grøtta
Kampreferat
Med stortap 0-6 for Træff overtok Træff tabelltoppen, mens Bergsøy blei hekta av i kampen om opprykk. Bergsøy ligg no 7 poeng bak serieledaren. I denne kampen mot Træff var spelarane og trenarane til tider i harnisk over det dei meinte var partisk heimedømming, og var heilt klare på at dei meinte dette hadde stor innverknad på kamputfallet. Særlig to av måla var etter klar heimedømming, meinte dei.
-"Særlig 2-0 scåringa var svært kontroversiell, og i tillegg delte dommaren bokstavelig talt eit straffespark til heimelaget i andre omgang. Når dei ikkje scåra på det første forsøket så fekk dei prøve på nytt. Slik dømming er med på å ødelegge kampane og skaper frustrasjon "
(Trenar Per Rune Tødenes)
Bergsøylaget har hatt mange utskiftningar, og manglande kontuinitet i fleire av kampane denne sesongen, og i denne kampen mangla lagets samlingspunkt Kjetil Paulsen som har reist til USA for studier. Mot slutten fekk juniorane Martin Falkanger og Joakim Bakke Muren prøve seg. Denne kampen spelte faktisk Bergsøy med 5 juniorspelarar.
1-0 til Træff kom tidlig, etter 8 minutt sto Jonas Rønningen umarkert og fekk headde imål. Bergsøy var fullt på høyde i denne perioden, og Daniel Kvalsvik hadde mulighet til å utlikne. Istaden var det Træff som kunne gå opp til 2-0 på ei hårreisande dommaravgjerdsle. 3 spelarar på Træff sto i offside, og linjemannen markerte også tydelig for dette. Bergsøyspelarane stoppa dermed opp, men dommaren Grøtta vinka spelet vidare. Dermed fekk Radek Bugaj fritt sette inn 2-0 målet.
Træff var heldige som kunne gå til pause med 2-0.
Då Træff gikk opp til 3-0 ved Ronny Fredriksen like etter pause gikk lufta noko ut av Bergsøy, og så kom 4-0 ved Ola Andersen etter at han styrte ein corner inn i mål.
5-0 kom altså på eit feilaktig straffespark, før 6-0 kom eit kvarter før slutt.
Bergsøy stilte med følgande spelarar: (Mangellfull)
Daniel J Kvalsvik, Jim Kjellstadli, Darius Zutatutas, Martin Falkanger, Joakim Bakke Muren, Kestitus Deveika, Sander Nyland
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandnsytt - Thomas Sporsheim