Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy imponerte og sikra ny kontrakt

Kampreferat 2011:

Bergsøy - Midsund 5-0 (3-0)



Daniel Jøsok Kvalsvik 2, Daniel Sandvik, Sjølvmål, Jim Kjellstadli


1.Oktober 2011








Kampreferat

Bergsøy var tydelig gira denne kampen, og Midsund vart gjort til statistar i denne kampen. Heimelaget varierte mellom godt kantspel og meir ballbesittande i midten, og alle måla i den første omgangen kom som følge av innlegg fra kantane.
(Bildet: Vestlandsnytt)


På kantane var det Peter Daniel Baade og Andrius Petreikis som gang på gang kom seg rundt og fekk slått innlegg, og sjansane kom på løpande bånd ofte etter få tøtch. Etter 26 minutt var det duka for det første målet. Daniel Kvalsvik stupheadde inn innlegget fra Peter Daniel Baade. Berre minuttet etterpå var det klart for eit nytt mål. Andrius Petreikis kom seg fri og fekk lagt inn, og Daniel Kvalsvik sprang ballen imål. Berre tilfeldigheter gjorde at ikkje tomålsscoraren klarte å putte fleire mål i denne perioden av kampen.
(Bildet: Vestlandsnytt)


Like før pause var det klart for 3-0 etter nok eit mønsterangrep. Andrius kom seg nok ein gang fri på kanten, og det presise innlegget satte Daniel Sandvik i mål frå 14 meters hald. Ei praktscåring, og ein flott gjennomført omgang av Bergsøy.
-"Spelarane var tydelig intressert i å riste av seg nedrykksspøkelset. Dei skal være stolte av det dei presterte. "

(Bergsøytrenar Per Rune Tødenes)
Etter pausen blei det to mål til på heimelaget. Det første eit sjølvmål hardt pressa av Frank Sverre SKorpen, mens det siste målet i kampen til 5-0 var det Jim Kjellstadli som satte inn etter klabb og babb i feltet. Bergsøy kunne lett ha scora enda fleire mål.

Bergsøy-pelarar mot Midsund: Arve Kvalsvik, Darius Zutautas, Terje Teige, Aleksander Dahle, Ole Magnus Melchior, Daniel J Kvalsvik, Kestitus Deveika (Martin Falkanger), Peter Daniel Baade (Joakim Muren), Daniel Sandvik, Andrius Petreikis (Jim Kjellstadli), Frank Sverre Skorpen.

Innbyttarar: Håvard Bøe, Kjell Aldfred Otterlei, Ole Magne Rotevatn, Sivert Elias Sande.



Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandnsytt

Utklipp

Vestlandnsytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER