Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy med ein svak kamp

Kampreferat 2011:

Surnadal - Bergsøy 2-0




8.Oktober 2011




Frank Sverre Skorpen (40)



Debut av Sivert Elias Sande



Kampreferat

Bergsøy hadde eit redusert lag mot Surnadal ettersom Daniel Kvalsvik og Aleksander Dahle ikkje blei henta heim fra Bergen. I tillegg måtte kaptein Terje Teige sone karantene for tre gule kort. Når Frank Sverre Skorpen opplevde å bli utvist like før pause, så skulle det vise seg å bli tøft for det unge mannskapet.

Junior Joakim Bakke Muren som vanligvis er kanstpelar fekk sin debut som høgreback og spelte i forsvaret ilag med Kestitus Deveika, Darius Zutautas og Ole Magne Melchior. På Midtbana spelte Andrius Petreikis, Daniel Sandvik, Jim Kjellstadli, Martin Falkanger og Peter Daniel Baade. Dagens Kaptein Frank Sverre Skorpen spelte spiss.

Det hadde vore mykje regn, men likevel blei kampen lagt til grasbana istadenfor på kunstgrasbana, og det blei tungt for mange på slutten. Surnadal låg nest sist på tabellen før kampen og trengte poeng, men åpna kampen forsiktig. Det gjorde også Bergsøy, men kampen endra endel karakter da det mest dramatiske før pause skjedde, at Frank Sverre Skorpen blei utvist. Frank blei stygt tacla av Surnadals Knut Høyvik, og dommaren meinte at Frank sparka Høyvik i ansiktet som ein reaksjon på dette. Dermed må Frank innstille seg på å stå over kampane mot Volda og Hødd2.

Surnadal tok leiinga 4 minutt etter sidebytte på sin første store sjanse i kampen idet Knut Resell fekk stå umarkert. Mot slutten prøvde Bergsøy å sette innpå ein sluttspurt idet Ole Rotevatn og Kjell Alfred Otterlei kom inn, men istaden var det heimelaget som la på til 2-0 etter ei forsvarstabbe.

På Bergsøy gis det godkjent til midtstopparparet Deveika og Zutautas og ein pluss til Joakim Bakke muren i sin uvante posisjon. Elles merker vi oss at 15 åringen Sivert Elias Sande fekk sin debut. Bergsøy-pelarar mot Surnadal: Arve Kvalsvik, Joakim Bakke Muren, Kestitus Deveika, Darius Zutautas,Magne Melchior, Andrius Petreikis, Daniel Sandvik, Jim Kjellstadli, Martin Falkanger, Peter Daniel Baade,Frank Sverre Skorpen .

Innbyttarar:
Kjell Alfred Otterlei og Ole Magne Rotevatn, Sivert Elias Sande.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandnsytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER